Nedgang i både pris og mengde eksportert laks

AvAnn Eileen Ditlevsen Nygård
NYHETER25. mars 2020

Eksportkvantum for fersk laks i veke 12 enda på 15.332 tonn. Det er 14,9 prosent lågare enn veka før då volumet var 18.009 tonn. Det kjem fram av ny statistikk frå Statistisk sentralbyrå i dag.

Eksportprisen på fersk laks i veke 12 gjekk også ned, til 61,29 kroner per kilo, mot 66,17 kroner per kilo i veke 11. Det er ein nedgang på 7,4 prosent samanlikna med veka før.

Nedgangen frå veke 11 til veke 12 kjem i stor grad av sterkt redusert eksport til store mottakarland som Frankrike, Danmark, Spania og Nederland. Samstundes hadde desse landa også ein oppgang i veka før, frå veke 10 til 11. 

I motsett fall har Polen hatt ein vesentleg auke ifrå veke 11 til veke 12. Polen hadde derimot ein vesentleg nedgang i veka forut, frå veke 10 til 11. Lakseeksporten til Kina har hatt ein jamn oppgang sidan veke 5, kjem det fram i tala frå SSB.

I veke 12 i 2020 vart det eksportert 157 tonn frosen laks, og prisen var 56,66 kroner per kilo. 

Lakseprisen på 61,20 kroner per kilo ligg no godt under nivå med same veke både i 2019 og 2018 då prisane var på 67,78 og 65,12 kroner per kilo fersk laks.

( VILKÅR )

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies X Lukk infoFiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...