Fiskeridirektoratet og Kystvakten vil følgje ekstra nøye med på sildefisket framover. Illustrasjonsfoto: Einar Lindbæk
Fiskeridirektoratet og Kystvakten vil følgje ekstra nøye med på sildefisket framover. Illustrasjonsfoto: Einar Lindbæk

Store fangstar fører til neddreping av sild på Haltenbanken

Fiskeridirektoratet vurderer fleire tiltak for å unngå at sildefangstar går tapt.

Fiskeri
Skrevet av26. februar 2020 07:40Oppdatert:
26. februar 2020 08:28

Kystvakten melder om at fleire fartøy som fiskar norsk vårgytande (NVG) sild på Haltenbanken har problem med å handtere store fangstar og at dette har ført til neddreping av store mengder sild, skriv direktoratet i ei pressemelding.  

Silda er på gytevandring sørover, og for tida blir det fiska på bankane utanfor Trøndelag og Møre og Romsdal. 

Kystvakten har overvaka fisket og det er observert at fleire ringnotfartøy har fått så store fangstar at mannskapa om bord i fartøya ikkje klarte å berge heile fangstane. Dette førte til at store mengder sild slapp ut av nøtene og det meste av silda døde og flaut vekk, ifølgje Fiskeridirektoratet, som reknar med at store mengder sild kan ha gått tapt som følge av dette.

Kystvakten skal sende ut eit fartøy til for å styrke kontrollen med sildefisket. 

- Fiskeridirektoratet region Midt har alt iverksett dagstenging slik at det no berre blir lov å fiske sild på kvelds- og nattestid. Så vil vi vurdere reaksjonar i dei konkrete tilfella av neddreping som vi har fått dokumentert mellom anna frå flyet til Kystvakten, seier direktør Aksel Eikemo ved ressursavdelinga i Fiskeridirektoratet.

- I tillegg vil vi ha dialog med flåten via organisasjonane dei er medlemmer av og gjere dei merksame på risikoen dei tar ved å kaste på store ansamlingar av sild, seier Eikemo.

Fiskeridirektoratet og Kystvakten vil med bakgrunn i situasjonane som er blitt avdekka på Haltenbanken følgje ekstra nøye med og oppmodar samstundes fiskeflåten til å vurdere risikoen og ikkje kaste på for store stimar av sild.

( VILKÅR )
DEL SAKEN

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies X Lukk infoFiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...