MÅ VURDERE: - Ut frå tilbakemeldingar i høyringsrunden hausten 2019 har vi vedteke at vi må vurdere konsekvensane av ei eventuell endring av deltakinga, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik.Foto: Geir Johansen
MÅ VURDERE: - Ut frå tilbakemeldingar i høyringsrunden hausten 2019 har vi vedteke at vi må vurdere konsekvensane av ei eventuell endring av deltakinga, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik.Foto: Geir Johansen

Nesvik endrar ikkje på kven som får delta i kongekrabbefisket i 2020

Nærings- og fiskeridepartementet melder at det ikkje blir endringar på kven som får fiske kongekrabbe i Øst-Finnmark.

Fiskeri
Torhild Måkestad Martinussen
Telefon 55 30 22 34
Mobil 98404287
17. desember 2019 13:30Oppdatert:
17. desember 2019 13:35

I ei pressemelding opplyser departementet at det har vedteke at det ikkje skal gjerast endringar i kven som får delta i kongekrabbefisket i det kvoteregulerte område i Øst-Finnmark (øst for 26 grader øst) i 2020. 

- Må vurdere konsekvensane

- Ut frå tilbakemeldingar i høyringsrunden hausten 2019 har vi vedteke at vi må vurdere konsekvensane av ei eventuell endring av deltakinga. Det blir derfor ikkje gjort endringar i deltakinga i dette fisket frå 1. januar 2020, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik i meldinga.

I 2020 kan fartøy med høve til å fiske i det kvoteregulerte området fiske 1530 tonn hankrabbar og 120 tonn hokrabbar. Av totalkvoten hankrabbar er 153 tonn avsett til skadde hankrabbar, medan 13 tonn hankrabbar er avsett til turistfiske, 1 tonn hankrabbar til fritidsfiske og 2 tonn til forskingsformål.

Stengingsperiode

Nytt i kongekrabbefisket i 2020 er at det vert innført ein stengingsperiode i det kvoteregulerte området i april månad av omsyn til at kongekrabben gjennomgår ein lengre periode med skallskifte. Stengingsperioden vil gjelde både for kommersielt fiske og for turistfiske.

Aktivitetskravet for omsetting frå anna fiske for å oppnå full kvote vil framleis vere 200.000 kroner i 2020, men frå 2021 vil kravet bli vurdert auka til 300.000 kroner, opplyser departementet.

Mobile kjøpestasjoner på vent

Kravet om at mobile kjøpestasjonar må vere godkjent av Mattilsynet og at det ikkje er høve for fiskemottak å bruke samleteiner vart vedtatt for eit år sidan. Men av omsyn til innretning for næringsaktørane, trer det ikkje i kraft før 1. januar 2020. 

Departementet viser til at spørsmålet om fiskarane sitt behov for få bruke samleteiner har vore høyrt i år, og det er delte oppfatningar om behovet.

- Vi ser at å tillate bruk av samleteiner gjer det mogleg å omsetje kongekrabbe svart, og gjer det vanskeleg for kontrollstyresmaktene å drive kontroll. Hausten har vist at det vert drive utstrekt svart omsetning av kongekrabbe, og vi vil gjere ei nærmare vurdering av om det er behov for å forby bruk av samleteiner i dette fiskeriet, seier Nesvik.

( VILKÅR )
DEL SAKEN

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies X Lukk infoFiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...