Ordførar meiner kommunar må få betre betalt for oppdrett i fjordane

Miljø
Torhild Måkestad Martinussen
Telefon 55 30 22 34
Mobil 98404287
12. desember 2019 10:04Oppdatert:
12. desember 2019 10:05

Ordførar i Kvam, Torgeir Næss (Ap), meiner norske kommunar må få langt betre betalt for å opna fjordane for oppdrett, og ber oppdrettsnæringa endra taktikk. Det skriv NRK.

Ved øya Kvamsøy har Kvam herad no opna areal for akvakultur. Oppdrettsselskapet Lingalaks har planar om å fjerna to anlegg, og samla dei i eit visingsanlegg midtfjords mellom Kvam og Jondal.

Næss fryktar konflikten mellom naturinteresser og næringsliv vil tilspissa seg i lys av styresmaktene sin ambisjon om ei femdobling av matfiskproduksjonen fram til 2050.

- Det verkar som at mange byrjar å bli mette. Det er mogleg dei ikkje ser alle fordelane me har med oppdrett, som skatteinntekter og arbeidsplassar, men anlegga byrjar å bli mange etter kvart, seier Kvam-ordføraren til kanalen.

Næss meiner oppdrettsnæringa burde driva lobbying mot styresmaktene for at ein større del av skatten oppdrettarane betalar, går til kommunen.

- Det vil skapa mykje meir forståing lokalt for å leggja ut nye område til oppdrett.

( VILKÅR )
DEL SAKEN

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies X Lukk infoFiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...