Noreg og Grønland er einige om kvoteavtale for 2020

Fiskeri
Ann Eileen Ditlevsen Nygård
Telefon 55 21 33 15
Mobil 932 56 318
11. desember 2019 10:36

- Utnyttinga av kvotane ved Grønland har vore høg i år. Og eg er nøgd med at Noreg og Grønland er einige om kvoteavtale for 2020. Det er ein god avtale for norsk næring, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik i ei pressemelding.

Kvotane for dei fleste bestandane blir vidareførd på same nivå som for 2019. Noreg og Grønland er også blitt einige om å vidareutvikle det gode forskingssamarbeidet. 

Grønland sin kvote i Barentshavet i 2020 er satt til 4 000 tonn torsk, 900 tonn hyse og 450 tonn sei. I tillegg får Grønland ei kvote på inntil 250 tonn bifangst av andre artar. 

Den norske torskekvoten aukas til 1 350 tonn og kveitekvoten aukas til 30 tonn.

Blåkveitekvoten på Vest-Grønland vidareføras på 900 tonn, botnlevande uer vidareføras på 1 000 tonn og skolestkvoten ved Øst-Grønland vidareføres på 100 tonn. 

Blåkveitekvoten på Aust-Grønland reduseras til 275 tonn. I tillegg har norske fartøy ein kvote på 150 tonn bifangst av andre artar. Forskingssamarbeidet mellom Norge og Grønland vidareføras, særlig for blåkveite, torsk, uer og makrell.

( VILKÅR )
DEL SAKEN

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Fiskeribladet arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk.