USERIØSE SKAL BORT: - Vegtransporten må vere basert på ein seriøs lastebilnæring. Aktørar som ikkje er seriøse må bort, både utanlandske og norske, skriv samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) i eit innlegg. Her eit vogntog lasta med laks frå Dåfjords slakteri i Øksfjord i Loppa i Finnmark på veg til E6.Illustrasjonsfoto: Bent-Are Jensen
USERIØSE SKAL BORT: - Vegtransporten må vere basert på ein seriøs lastebilnæring. Aktørar som ikkje er seriøse må bort, både utanlandske og norske, skriv samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) i eit innlegg. Her eit vogntog lasta med laks frå Dåfjords slakteri i Øksfjord i Loppa i Finnmark på veg til E6.Illustrasjonsfoto: Bent-Are Jensen

- Regjeringa tar vogntogulukkene på alvor

Farlege vogntog skal bort frå norske vintervegar.

Leserinnlegg
Skrevet av20. november 2019 10:02

 Difor har tiltak mot dårleg skodde vogntog hatt høg prioritet sidan denne regjeringa tiltredde i 2013. I perioden har talet på ulukker med tunge køyretøy gått ned. Samstundes er éin ulukke éin for mykje, og arbeidet for å betre trafikktryggleiken må halde fram.

Stadig strengare krav til vinterdekk - og fleire kontrollar

Mellom anna er strengare krav til dekk og utstyr innført. No skjerpar vi krava ytterlegare. 15. november 2020 blir Noreg første land i verda som krev bruk av dei beste vinterdekka for tungbil, dekk merkte med det såkalla "alpesymbolet". Dei nye dekkrava blir innførte med så kort omstillingsperiode som mogleg.

Vi har òg auka satsinga på kontrollar av tunge køyretøy kraftig. I statsbudsjettet for 2020 styrkjer vi kontrollverksemda i Statens vegvesen ytterlegare, med 20 millionar kroner, slik at vi får enda fleire kontrollar i vinterperioden. I vintersesongen fokuserer Statens vegvesen særleg på kontroll av dekk, kjetting, bremsar og om køyretøyet er eigna, for å hindre ulukker og at tunge køyretøy køyrer seg fast.

zoomSamferdselsminister Jon Georg Dale (Frp)
Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp)

I tillegg til fleire kontrollar, skal kontrollane vere mest mogleg målretta. Vi forsøker å stoppe dei som mest sannsynleg har manglar, medan dei andre kan køyre vidare. Vi ønsker å stanse dei som bryt regelverket, og ikkje forseinke unødig dei som har alt i orden. Vidare er samarbeidet mellom Statens vegvesen, politiet, arbeidstilsynet, tolletaten og skatteetaten om kontroll på vegtrafikkområdet styrkt, mellom anna gjennom at samhandlingsplanar mellom etatane blei sette i verk i 2018. Tollmyndigheitene har òg fått delegert myndigheit til å kontrollere vinterdekk.

Brot på krava får større konsekvensar

Det skal ikkje løne seg å køyre ulovleg. Difor styrkte vi i 2015 retten til å halde tilbake køyretøy som ikkje tilfredsstiller norske krav. Ved behov tar vi no i bruk hjullås. Dette gjer det mogleg å halde køyretøy fysisk tilbake. Nyleg auka og skjerpa vi gebyra for brot på krava til dekk- og kjettingutrusting. Fram til nyleg har ein for eksempel berre fått eitt gebyr, sjølv om ein manglar fem kjettingar. No vil ein få fem.

Det kan vere utfordrande å køyre på vinterføre, og det er viktig at sjåførane har god kompetanse. Regjeringa har dei siste åra jobba systematisk opp mot EU-systemet for å styrkje krava til vinterkompetanse for utanlandske sjåførar. Dette har vi vunne fram med. Frå 2020 vil det bli stilt styrkte krav til vinterkompetanse i yrkessjåførutdanninga.

Både førar, transportverksemd og transportkjøpar har eit ansvar

Det er førarane som har ansvaret for at bilen som dei køyrer er i orden. Transportverksemdene skal òg leggje til rette for at transportane er lovlege.

Samstundes har faktisk dei som kjøper transport òg pliktar når det gjeld å undersøke at sjåførane har dei løns- og arbeidslivsvilkåra dei har krav på. Difor hadde eg i vår møte med fleire bedrifter som kjøper godstransportteneste på veg, for å lytte til og få innspel frå dei som har praktisk erfaring med kjøp av transport.

Det er etablert eit informasjonsopplegg retta mot utanlandske sjåførar om vanskelege køyreforhold på vinteren. Vidare kan transportkjøparar gjennom kampanjen «trygg trailer» få informasjon om krava til utstyr, slik at dei sjølv kan ta ein enkel sjekk av deira lastebilar.

Vegtransporten må vere basert på ein seriøs lastebilnæring. Aktørar som ikkje er seriøse må bort, både utanlandske og norske. Det er naudsynt for å tryggje vegane våre, både sommar og vinter. Og det arbeidet held fram.

( VILKÅR )

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

FASTE SKRIBENTER
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Fiskeribladet arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk.