Geir Inge Sivertsen er ny statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet.Foto: Nærings- og fiskeridepartementet
Geir Inge Sivertsen er ny statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet.Foto: Nærings- og fiskeridepartementet

Geir Inge Sivertsen ny statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet

Politikk
1. november 2019 12:24

Geir Inge Sivertsen (H) blei i statsråd i dag utnemd til statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet med verknad frå 4. november. Sivertsen kjem frå vervet som ordførar i Lenvik kommune i Troms.

Sivertsen har vore medlem av kommunestyret i Lenvik sidan 1999 og har hatt mange verv i Troms- og Finnmark Høgre, mellom anna sit han som representant i fylkestinget og er varaordførar i nye Senja kommune.

Før han blei ordførar i 2011, var Sivertsen direktør i Nor-Team Entreprenørforretning. Han var varamedlem til Stortinget frå 2005-2009. Han har ein sivilingeniørtittel frå Norges Tekniske Høgskole (NTNU) i Trondheim.

- Sivertsen har ei lang og imponerande rekkje verv i politikken over mange år. Han har god kunnskap om næringsliv og fiskeripolitikk i nord. Han har stor arbeidskapasitet og eg ser fram til eit godt samarbeid med han, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

- Eg er stolt og audmjuk over å få forespørsel om å tre inn i regjeringa som statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet, og eg gler meg til å ta fatt på den viktige oppgava med å vidareutvikle regjeringas næringspolitikk, seier Geir Inge Sivertsen.

( VILKÅR )

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Fiskeribladet arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk.