AVVIKLAST: - Trålfiske er eit svært lite miljøvennleg fiske, som må trappast ned og avviklast, meiner Knut Vadla, småbrukar, lærar og blåskjeldyrkar.Illustrasjonsfoto: Bjørn Tore Forberg
AVVIKLAST: - Trålfiske er eit svært lite miljøvennleg fiske, som må trappast ned og avviklast, meiner Knut Vadla, småbrukar, lærar og blåskjeldyrkar.Illustrasjonsfoto: Bjørn Tore Forberg

- Trålarbaronane har teke styringa med flåtestrukturen, ikkje politikarane

Før me fekk olja, stod fisken for om lag 80 prosent av norsk eksport. Det er grunn til å minna om at Stortinget gong på gong har fastlege at fisken er folkets eigedom.

Leserinnlegg
Skrevet av14. oktober 2019 09:52Oppdatert:
14. oktober 2019 10:38

 Likevel har Stortinget latt trålarbaronane snik-tilrana seg fri omsetning av fiskekvotane dei hadde til låns og som dei, vel å merka, ikkje eig.

Dette er ein parodi som har medført at det er trålarbaronane som har teke styringa med flåtestrukturen, ikkje politikarane.

Avfolking av fiskevær

Svære kvotar er samla på få hender, på større og større trålarar. Dette skjer på bekostning av sjarkflåten. Dette har igjen langt på veg ført til avfolking av mangt eit fiskevær. Kystfolket er fråtekne livsgrunnlaget sitt, fisken, like utanfor stovedøra si.

Då eg for nokre år sidan budde i Loppa, var det 2700 innbyggjarar i kommunen. Nå er det knappe 800 att. Slike døme er det mange av. Det er derfor gledeleg at Per Olaf Lundteigen og Geir Adelsten Iversen nå satsar for fullt på å støtta fiskerinæringa. Dei er Senterpartiets representantar i Stortingets Næringskomité.

Like eins er Torgeir Knag Fylkesnes frå SV ein sterk talsmann for fiskerinæringa.

Men kor er Arbeidarpartiet?

zoomKnut Vadla, småbrukar, lærar og blåskjeldyrkar
Knut Vadla, småbrukar, lærar og blåskjeldyrkar

- Lite miljøvennleg

Trålfiske er ein ekstremt dyr fangstmåte. Trålaren må fanga fleire gonger så mykje fisk per arbeidsplass som sjarken treng for å gi lønsemd. Sjarkflåten har mange fordeler framfor trålarflåten: den gir langt fleire arbeidsplassar, tek gjennomsnittleg større fisk, leverer fisk av gjennomsnittleg betre kvalitet, brukar langt, langt mindre drivstoff pr. kg fanga fisk osv.

Trålfiske er eit svært lite miljøvennleg fiske, som må trappast ned og avviklast.

Kystkultur i fritt fall

Systemet med fritt omsetjelege kvotar må òg avviklast. Det har fått store konsekvensar av di: 1) kvotesystemet er i hendene på kvotebaronane (og har gjort dei rike), 2) det fordyrar fisken kolossalt (kvoteprisen blir sjølvsagt lagt på fiskeprisen 3) det har fråteke staten styringa med kvotesystemet som før blei delt ut til låns gratis og 4) fiske har blitt ei lukka næring som stengjer kystens ungdom ute.

Heile vår kystkultur er i fritt fall på grunn av desse illegalt innførte «fritt omsetjelege fiskekvotane». Det er ingen grunn for å la dette halda fram. Tabben er gjort. Staten må ta pengar frå Oljefondet og rydda opp. Det blir langt, langt dyrare for det norske folk, å la det skura. 

Fiskekvotane må lånast ut gratis, som eit drosjeløyve, som først tenk og praktisert.

Betre kan det ikkje forvaltast for land og folk.

Snu utviklinga

I haust skal det fattast vedtak i Stortinget om Melding St 32 (2018-2029) frå Nærings- og fiskeridepartementet: «Et kvotesystem for økt verdiskaping - en fremtidsrettet fiskerinæring». Då har våre politikarar ein siste sjanse til å snu utviklinga og ta eit ansvar for å gi havet og fiske tilbake til kystfolket.

( VILKÅR )

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

FASTE SKRIBENTER
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Fiskeribladet arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk.