210 millionar til klimaforsking

Miljø
Torhild Måkestad Martinussen
Telefon 55 30 22 34
Mobil 98404287
7. oktober 2019 10:29Oppdatert:
7. oktober 2019 10:32

Regjeringa vil løyve 35 millionar kroner til Forskingsrådet for å styrke teknologiutvikling for det grøne skiftet.

Regjeringa foreslår å løyve 210 millionar kroner til klimarelatert forsking i 2020, ein auke på 138 millionar kroner frå 2013. 

I tillegg blir Norsk Polarinstitutt foreslått styrkt med 5 millionar kroner til forsking, overvaking og kartlegging i Antarktis.

- Pengane skal gå til Polarinstituttets forsking, overvaking og kartlegging i Antarktis. Dei skal òg dekke eit aukande behov for kunnskap i miljøsamarbeidet under Antarktis-traktaten og CCAMLR-konvensjonen om bevaring av marine levande ressursar, mellom anna som følge av endra klima- og miljøforhold og aukande kommersiell aktivitet. Forsking på klima, is, hav og marine økosystem vil prioriterast, melder Klima- og miljødepartementet i ei pressemelding.

Regjeringa foreslår vidare å trappe opp havsatsinga med 100 millionar kroner til arbeidet med klimatilpassing, førebygging og kamp mot svolt, seier utviklingsminister Dag-Inge Ulstein (KrF).

( VILKÅR )
DEL SAKEN

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Fiskeribladet arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk.