Kunsten å ta godt i mot ungdommar

I det siste har Fiskeribladet hatt fleire oppslag om ungdommar som har blitt tatt dårleg i mot i sjømatnæringa. Dette er ei historie om det motsette.

Leserinnlegg
Ask Økland 25. september 2019 13:54Oppdatert:
28. september 2019 09:53
zoomDe to sønnene til Ask Økland tjente godt på leppefiskfiske i sommer.Foto: ASK ØKLAND
De to sønnene til Ask Økland tjente godt på leppefiskfiske i sommer.Foto: ASK ØKLAND

I sommar har sønene mine, på 13 og 15 år, fiska leppefisk for første gang. Vilkåra er enkle. Ungdommar mellom 12 og 25 år, og som har leveringsavtale med oppdrettsselskap får lov til fiska inntil 5000 fisk, eller inntil 50.000 kroner.

Ved årsskiftet tok eg kontakt med Alsaker Fjordbruk, og spurte om gutane kunne få leveringsavtale. Det fekk gutane nærast på dagen. Det blei avtalt levering ved eit anlegg i nærleiken av hytta vår ved Bømlafjorden.

zoom
Ask Økland

Måtte avlusa

Teiner og utstyr blei kjøpt inn, og båtar klargjort. Forventningane var høge, og dei la planar om alt dei skulle bruka pengane på.

Rett før fiskeriet opna blei det klart at Alsaker Fjordbruk truleg måtte avlusa anlegget. Truleg hadde anlegget ikkje bruk for leppefisk. Samstundes tilbaud Alsaker levering på eit anlegg åtte nautiske mil (nm) lengre borte.

Førstereisgutter

Dag to hadde gutane fisk for cirka 10.000 kroner. Dei var «høgt oppe», og var klare til første levering. Då viste det seg at Alsaker òg måtte avlusa på det andre anlegget. For eit stort firma som Alsaker Fjordbruk er sjølvsagt ei leveranse frå to unge førstereisgutar ubetydeleg, men Alsaker gjorde det dei kunne for at gutane skulle få levert fisken sin. Dette samstundes med at dei måtte ta den store, og tunge, avgjera om avlusing. Alsaker tilbaud levering på eit tredje anlegg, men det var for langt borte.

Stor forståing

For gutane var dette ei formua i fisk, som dei risikerte å måtte sleppa ut. Stemninga var mildt sagt laber. Om dei ikkje fekk levera var dei truleg ferdig med fiskeri for resten av livet. Lars Magne Eidesvik i Eidesvik Havfiske blei kontakta, og beden om råd. Eidesvik driv òg med laks, men i eit anna fylke. Han foreslo å kontakta Norwegian Royal Salmon, NRS, som har eit anlegg åtte nm unna. NRS hadde stor forståing for situasjonen, og gav klar beskjed. «Kom med fisken!». Rett før hadde anlegget kjøpt mange tusen leppefisk, og NRS kunne nok klart seg godt utan leveransen frå to ungdommar.

Hjalp dei i knipa

Ved leveringa tok røktarane seg god tid til å visa gutane anlegget, forklarte, og svarte på spørsmål. Best av alt. NRS ville gjerne ha meir leppefisk.

Gutane ville vera lojale mot Alsaker, men òg mot NRS som hjalp dei i knipa. På spørsmål om kva Alsaker ønskte, så uttrykte dei glede over at gutane fekk levera fisk til andre, når dei sjølv ikkje kunne kjøpa fisken. Resten av sesongen leverte gutane til NRS, i god forståing med Alsaker.

Fisket har vore ei positiv oppleving for ungdommane. Dei er stolte over å ha tent eigne pengar, både til PC og iPhone. Dei flirer òg av jamgamle «pappagutar», som får dyre iPhonar når dei peikar på dei.

Mange takk

Absolutt alle gutane var i kontakt med har vore imøtekomande og greie. Eg er overtydd om at det ikkje berre er fordi gutane møtte rette folk på «gode dagar». Eg trur at den gode måten selskapa tok i mot ungdommane skuldast god bedriftskultur, helt frå merdkanten til toppen i selskapa.

Mange takk til Alsaker Fjordbruk, Eidesvik Havfiske, og Norwegian Royal Salmon, for måten de tek i mot ungdommar.

( VILKÅR )

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...

- Føringstilskudd og en framtidsrettet sjømatnæring

Leserinnlegg
1 kommentar18. oktober 2019 11:02

Rømt oppdrettslaks er en tragedie for villaksen

Kronikk
4 kommentarer16. oktober 2019 17:06

Villaks, oppdrettslaks og bærekraft

Kronikk
1 kommentar16. oktober 2019 17:06

Senk skuldrene, bli med på fiskarkveld!

Kommentar
1 kommentar13. oktober 2019 15:56

Framtidsmaten vår

Kommentar
13. oktober 2019 08:20

Jantelov og skam - slutt med det!

Kronikk
12. oktober 2019 14:13

Hav og klima er budsjettapere

Kommentar
12. oktober 2019 11:06

- Jeg er på banen for å redde villaksen

Leserinnlegg
4 kommentarer12. oktober 2019 10:01

- Kystfiendtlige høyrekutt

Leserinnlegg
10. oktober 2019 15:44
FASTE SKRIBENTER
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies X Lukk infoFiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...