BEKYMRA: Knut Munthe Olsen er grunneier av den lakseførende strekningen av Årøyelva i Sogndal. Han er bekymra over mykje rømt oppdrettslaks i Sognefjorden.Arkivfoto: Gorm K. Gaare
BEKYMRA: Knut Munthe Olsen er grunneier av den lakseførende strekningen av Årøyelva i Sogndal. Han er bekymra over mykje rømt oppdrettslaks i Sognefjorden.Arkivfoto: Gorm K. Gaare

300.000 laks har rømt i år - Sogn villaksforeining fortvila etter rømt laks i Sognefjorden

Havbruk
Ann Eileen Ditlevsen Nygård
Telefon 55 21 33 15
Mobil 932 56 318
19. september 2019 07:59

Nær 300.000 laks har rømt frå norske oppdrettsanlegg til no i år, nær ei dobling i høve til heile fjoråret, skriv NRK Sogn og Fjordane.

- Oppdrettsbransjen påfører norske lakseelvar og villaksen katastrofale problem. Det gjeld både gjennom genetisk forureining, spreiing av sjukdomar og spreiinga av lakselus, seier Knut Munthe Olsen til NRK Sogn og Fjordane. Han er leiar i Sogn villaksforeining og grunneigar i Årøyelva i Sogndal.

Nyleg rømte 10.000 oppdrettslaks frå slakteriet Brekke i Sognefjorden.

- Sesongen har vore veldig dårleg i år med lite villfisk i mange elvar. Så skjer dette som medfører ytterlegare genetisk forsøpling av villaksen. Kor lenge skal oppdrettsbransjen få lov til å ture fram på denne måten, spør Olsen retorisk.

Kommunikasjonssjef i Sjømat Noreg, Øyvind Andre Haram, tek sjølvkritikk på vegne av bransjen:

- Dette er ikkje godt nok frå vår side. Sjølv om innslaget av rømt fisk i elvane har gått kraftig ned dei siste åra, kan vil ikkje akseptere at fleire fisk rømmer, seier Haram til NRK og legg til at regelverket har vorte strengare:

- Òg vi må betale når fisk rømmer. Utstyrskrava har også vorte strengare, seier Haram.

( VILKÅR )
DEL SAKEN

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Fiskeribladet arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk.