- Det er så absolutt ikkje rasjonelt at storparten av fisken vår er administrert av kvotebaronane etter deira godtykke, skriv Knut Vadla, småbrukar, blåskjeldyrkar og lærar i eit innlegg.Foto: Jørn-Arne Tomasgård
- Det er så absolutt ikkje rasjonelt at storparten av fisken vår er administrert av kvotebaronane etter deira godtykke, skriv Knut Vadla, småbrukar, blåskjeldyrkar og lærar i eit innlegg.Foto: Jørn-Arne Tomasgård

- Kystfolket har ikkje lenger rett til fisken utanfor stovedøra

Om ikkje styresmaktene nå tek ansvar, vil norsk fiskeriallmenning vera historie, og kystfolket vil sitja att utan fisk.

Leserinnlegg
Skrevet av22. august 2019 10:02

Folket har i uminnelege tider busett seg på vår langstrakte kyst for å leva av fjord og jord.

Og frå Stortinget sin talarstol er det proklamert gong på gong at fisken i havet er folkets eigedom. Men dette er blitt ein parodi, for det er innført privilegium til nokre få. Dei har teke fisken frå kystfiskaren i Norgeshistoriens desidert største ran.

Eit ran

I utgangspunktet var det inga regulering av fisket. Men då det viste seg at torskebestanden blei overfiska, blei fiskarane tildelte gratis kvotar.

Norgeshistoriens desidert største ran starta då ein trålreiar i dulsmål fann på å selja den store verdfulle kvoten han hadde til låns frå styresmaktene - for mange millionar kroner. Styresmaktene greip ikkje inn. Dei store trålreiarane har såleis fått fritt leide til enorme privilegium og stillteiande aksept for sitt ran. 

Det feilskjeret den første trålreiaren gjorde med sal av lånte fiskekvotar, har fore som ein eldebrann gjennom norsk fiskerinæring, og har ført til eit privilegium kun for eit fåtal kvotebaronar. Ingen ungdom kan lenger koma inn og driva fiske utan å kjøpa kvote for millionar av kroner. Det finst ingen grunn til å oppretthalda eit slikt privilegium. I eit slikt system blir det kapitalkreftene som styrer strukturen i fiskeflåten. Då blir det nok lite livsrom att for «småfiskaren», og for folket i dei små fiskeværa.

zoomKnut Vadla, småbrukar, blåskjeldyrkar og lærar.
Knut Vadla, småbrukar, blåskjeldyrkar og lærar.

Fordyrar fisken

Ranet pågår framleis for full fres mot større og større reiarar, og større og større og færre og færre båtar. Dei store, havgåande fabrikkskipa har ikkje ein gong bruk for vår kyst. Summane av ranspengar går sjølvsagt inn i rekneskapen og fordyrar fisken for alle som kjøper fisk.

Ranet er spesielt synbart på kysten i nord kor masse fiskevær og kommunar langt på veg er avfolka. Kystfolket har ikkje lenger rett til fisken utanfor stovedøra. Om ikkje styresmaktene nå tek ansvar, vil norsk fiskeriallmenning vera historie, og kystfolket vil sitja att utan fisk.

Eit rovfiske

Trålfiske er ei sak for seg. Det var betrakta som eit rovfiske, og var forbode frå 1936 til 1951. Då blei det gjeninnført som eit supplement til anna fiske i eit forsøk på å sikra råstoff til heilårsdrift i fiskeindustrien på land.

Det feilskjeret den første trålreiaren gjorde med sal av lånte fiskekvotar, har fore som ein eldebrann gjennom norsk fiskerinæring

Trålfiske er framleis eit rovfiske, som øydelegg «husa til fisken» (reva på botnen), og drep yngel og småfisk. Det er svært lite miljøvennleg. Med sitt kostbare utstyr er det også ein svært dyr måte å fanga fisk på. Trålaren brukar dessutan fem til seks gonger så mykje diesel per kilo fanga fisk, som det sjarken gjer. Det er spesielt tankevekkjande at det meir miljøvennlege sjarkfiske nok ville kunna ta opp langt meir fisk enn ein gjer i dag.

Forvaltning av felleseige

Ingen kunne føresjå at ranet av fiskeriallmenningen skulle få slike store dimensjonar og slike uønska konsekvensar. Det er så absolutt ikkje rasjonelt at storparten av fisken vår er administrert av kvotebaronane etter deira godtykke. Fiskeressursane må styrast av Fiskeridirektoratet, og hensiktsmessig kvotering lånast ut gratis derifrå. Betre kan ikkje folkets felleseige forvaltast. Med utgangspunkt i at fisken er folkets eigedom, må det vurderast å nytta pengar frå Oljefondet for å innfri fiskekvotar som har vore i handel. 

Flaggskipet

Sjarken må vera flaggskipet i norsk fiskerinæring. Ein flåte av mindre kystbåtar vil gi eit langt meir miljøvennleg fiske, langt fleire arbeidsplassar, bringa på land langt meir fisk av ein gjennomsnittleg betre kvalitet og størrelse til ein langt billigare penge, og gi «lys i husan».

Næringskomiteen i Stortinget fekk 21. juni i år Melding St 32 (2018-2019) frå Nærings- og fiskeridepartementet: «Et kvotesystem for økt verdiskaping - en fremtidsrettet fiskerinæring». I haust skal det fattast vedtak i Stortinget. Då har våre politikarar ein siste sjanse til å snu utviklinga og ta eit ansvar for å gi havet og fisket tilbake til kystfolket.

Derfor bør denne saka ha topp prioritet i kystkommunane nå i kommunevalet! Men har ho det? Eg oppfordrar kystfolket til å gripa ein siste sjanse til å påverka vedtaket i Stortinget i haust. Kystfolket må velja kommunepolitikarar som tydeleg lovar å påverka sine Stortingspolitkarar til å støtta eit Stortingsvedtak som vil snu utviklinga og gi havet og fisket tilbake til folket.

( VILKÅR )

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...

Vi burde spise mer av fisken

Kommentar
17. september 2019 11:35

Kyst er fortsatt kyst selv om enkelte vil det annerledes

Leserinnlegg
3 kommentarer16. september 2019 17:21

Kvotebonus som stimuleringsverktøy

Kommentar
15. september 2019 13:21

Fakta om lusemidler og reker

Leserinnlegg
14. september 2019 19:26

Jo, unge bryr seg om bærekraft

Leserinnlegg
1 kommentar14. september 2019 15:48

- Tull med tall for Torbjørn Trondsen

Leserinnlegg
2 kommentarer13. september 2019 11:27

Nesvik: - Ribbes kvotegruppen 15-21 meter i kvotemeldingen?

Leserinnlegg
4 kommentarer12. september 2019 12:06
FASTE SKRIBENTER
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies X Lukk infoFiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...