LÆRDAL: Ein ivrig fiskar testar fiskelykka i Lærdalselva, men sjansen for å få villaks i Lærdalselva minimal.Arkivfoto: Per Ståle Bugjerde
LÆRDAL: Ein ivrig fiskar testar fiskelykka i Lærdalselva, men sjansen for å få villaks i Lærdalselva minimal.Arkivfoto: Per Ståle Bugjerde

Tårer for villaksen i kongens favorittelv

Både kong Harald, kong Olav og kronprins Haakon har fleire gonger fiska i den populære lakseelva. No er sjansen for å få villaks i Lærdalselva minimal. Oppdrett får skulda.

Miljø
Ann Eileen Ditlevsen Nygård
Telefon 55 21 33 15
Mobil 932 56 318
3. august 2019 09:00

- Smitte av lakselus frå oppdrettsnæringa har bidrege til at laksefisket i Lærdalselva og andre elvar nesten er øydelagt, seier laksefiskar Rolf Michelsen Bjørum (60), til NRK Sogn- og Fjordane.

Både Bjørum og svenske Harald Ørneberg (56) er fortvilte over situasjonen i Lærdalselva, og dei kjempar mot tårene når dei fortel om erfaringane sine:

- Når ein tenkjer på korleis det var her, er det deprimerande å sjå korleis det er no.

- Smitte av lakselus frå oppdrettsnæringa er hovudgrunnen til den deprimerande situasjonen i Lærdalselva og mange andre norske elvar, seier Ørneberg til NRK. Svensken har fiska i Lærdalselva i 30 år.

Ifølgje NRK vart det på 1970-talet på det meste teke 24 tonn laks eitt år i Lærdalselva. I år ligg det an til ein tiandedel av det som vart fiska den gong. 

Sjømat Norge meiner næringa gjer svært mykje for å hindre spreiing av lakselus:

- Vi ser nye løysingar og teknologi som blir tatt i bruk og forventar forbetringar i åra som kjem. I Sogn og Fjordane har tala på lus vore låge dei siste tre åra, seier kommunikasjonssjef Henrik Wiedswang Horjen i Sjømat Norge til NRK Sogn og Fjordane.

( VILKÅR )
DEL SAKEN

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Fiskeribladet arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk.