Vindturbiner.Ill.foto: Rechharge
Vindturbiner.Ill.foto: Rechharge

Vindkraft til havs

Motstanden mot vindturbinar i norsk natur er massiv over heile landet. Fleire snur no ryggen til fjella, og peikar på havet, der dei meiner vindturbinane bør plasserast.

Leserinnlegg
Skrevet av5. juli 2019 20:25

Det er fullt mogleg å få til, men då må vi bruke det vesle vitet vi har fått utdelt. Når politikarar og andre snakkar om temaet, avslører dei ofte stor mangel på kunnskap om det havet dei peikar på. 

Havet dekker 70 prosent

I mitt arbeid i fiskeriorganisasjonane møtte eg mange kunnskapsrike og flinke folk frå politikk og forvaltning. Mange sleit likevel med å skjøne at det kunne bli arealkonfliktar på havet- havet er så uendeleg stort.

Havet dekker 70 prosent av jordas overflate, men 80 prosent av det store havet, er djupare enn 3000 meter, og der skjer det ingenting. Resten er grunnare områder, eller kall det sokkel. Der er aktiviteten stor, og vest for landet vårt er aktiviteten ekstra stor.

Når vi planlegge utbygging av vindparkar til havs, må det vere ei klar målsetjing om å ikkje blokkere for anna næringsverksemd.

Men Norges største energiselskap Equinor, har visst ikkje tenkt å ta slike omsyn.

Styremaktene må ta fatt i dette no

Equinor sitt prestisjeprosjekt Hywind går ut på å plassere 11 vindturbinar på Tampen, for å forsyne oljeinstallasjonane Snorre og Gullfaks med straum. Kanskje blir dei møtt av applaus frå folkedjupet, men dei blokkerer eit fiskefelt. Fiskeriorganisasjonane har protestert, og spelt inn konstruktive framlegg til alternativ plassering, men Equinor har så langt ikkje justert planane sine.

Etter mitt syn må styremaktene ta fatt i dette no, og setje ned ei tverrfagleg gruppe som får i oppdrag å utarbeide ein reguleringsplan for havet. Vi kan ikkje ha det slik at dei store og sterke set seg på bulldosaren, og køyrer over andre næringsinteresser.

Verktøyet til å lage ein slik reguleringsplan er hyllevare. Fiskeridirektoratet har kart som viser all fiskeriaktivitet over tid, basert på satelittsporing. Oljedirektoratet sit med nøyaktige kart over oljeinstallasjonane. Kystverket har oversyn over dei seglingskorridorane som vart vedtekne vest for landet vårt, og skipstrafikken elles. Desse ulike fagetatane bør ta med seg næringsinteressene, og utarbeide ein plan, der målsettinga er å finne områder der ein kan plassere flytande vindturbinar, utan å blokkere andre.

Det er ein tommelfingerregel på havet; Ein installasjon krev mykje meir plass enn arealet på sjølve installasjonen. Skal ein setje ut reiskap ved ein installasjon, må ein ta omsyn til avdrift med straum og vind. Dette veit vi alt om, etter å ha fiska nær oljeinstallasjonar i mange år.

Flytande vindturbinar kan plasserast kvar som helst

Etter mitt syn er det flytande vindturbinar som peikar seg ut, og det er fleire grunnar til det. For det første vil ein vere meir fleksibel med omsyn til plassering. For det andre er det å ankre flytande installasjonar ein operasjon oljeselskapa kan veldig mykje om. Sist men ikkje minst, er den maritime industrien i vårt område i førarsetet når det gjeld å designe og bygge fartøy som kan handtere desse vindturbinane. Som fiskarar lærde vi mykje om arealkonfliktar, gjennom vårt samliv med oljeindustrien. Eg var svært ung då vi på midten av 1970-talet, for første gang møtte ein offensiv oljeindustri i rask vekst i Nordsjøen.

Då var det amerikanarane som styrte butikken, og dei var akkurat som i sine eigne western-filmar: «This town ain’t big enough for both of us» Amerikanarane hadde ikkje nokon tradisjon for å ta omsyn til andre. Vi opplevde heile tida at styresmaktene rulla ut den raude løparen for «gullungen», medan «gaukungen»(vi) måtte holde seg fast for å ikkje dette ut av reiret.

Oljeriggane må sjølvsagt plasserast der oljen er, men flytande vindturbinar kan plasserast nesten kvar som helst, det er berre eit spørsmål om kor mykje kjetting ein er villig til å bruke.

Både den blå og den grøne åkeren har noko til felles- ein skal hauste mat der. Den grøne åkeren ser politikarane frå tingstolen, og ein vindpark i ein kornåker er utenkeleg. Den blå åker som skal gi oss fornybar mat, er det svært få som ser. Den er likevel fundamentet for ei av våre største eksportnæringar. Fiskefelta må vere opne for dei som skal hauste- det går diverre ikkje å fiske mellom vindturbinar. Dersom sentrale styresmakter likevel aksepterer at fiskefelt blir blokkerte av vindturbinar, reiser dei eit godt synleg monument over sin eigen inkompetanse.

Knut Arne Høyvik

( VILKÅR )

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...

Vi burde spise mer av fisken

Kommentar
17. september 2019 11:35

Kyst er fortsatt kyst selv om enkelte vil det annerledes

Leserinnlegg
3 kommentarer16. september 2019 17:21

Kvotebonus som stimuleringsverktøy

Kommentar
15. september 2019 13:21

Fakta om lusemidler og reker

Leserinnlegg
14. september 2019 19:26

Jo, unge bryr seg om bærekraft

Leserinnlegg
1 kommentar14. september 2019 15:48

- Tull med tall for Torbjørn Trondsen

Leserinnlegg
2 kommentarer13. september 2019 11:27

Nesvik: - Ribbes kvotegruppen 15-21 meter i kvotemeldingen?

Leserinnlegg
4 kommentarer12. september 2019 12:06
FASTE SKRIBENTER
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies X Lukk infoFiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...