Torsken er fredet. Forbudsskilt mot torskefiske i oslofjorden skal bidra til at bestanden bygger seg opp igjen. Det skal skiltes på fem språk.Foto: Olav Lekve
Torsken er fredet. Forbudsskilt mot torskefiske i oslofjorden skal bidra til at bestanden bygger seg opp igjen. Det skal skiltes på fem språk.Foto: Olav Lekve

Torskefiske forboden

Fiskeri
21. juni 2019 11:39

Frå og med 15. juni 2019 er det forbode å fiske torsk heile året i Oslofjorden. I tillegg er det i 14 definerte område på Skagerrakkysten forbod mot alt fiske i gyteperioden.

Reguleringane gjeld alle, både yrkesfiskarar og fritidsfiskarar.

Vernetiltaka er delt i to hovuddeler:

Det blir forbode å fiske torsk i Oslofjorden innafor grunnlinja frå og med Telemark og til grensa mot Sverige. Forbodet gjeld heile året. Fiskar du i dette området og får ein torsk skal du løyse den forsiktig frå reiskapen og sette den forsiktig ut i sjøen igjen.

Det blir innført eit forbod mot alt fiske i gyteperioden for torsk innafor 14 definerte gyteområder frå Lindesnes langs Skagerrakkysten, i Oslofjorden og til grensa mot Sverige. Forbodet gjeld frå og med 1. januar til og med 30. april.

Det er også forbode å fiske med botnsette garn innanfor grunnlinja frå og med Telemark til grensa mot Sverige.

For å gjenoppbygge bestandane

Forsking gjennom lang tid har vist ei urovekkande utvikling ved at torsken forsvinn frå kyst- og fjordområda lengst sør og aust i landet. Det er spesielt ille i Oslofjorden og på Skagerrakkysten. Fisk er ein fornybar ressurs, men må forvaltast og utnyttast på ein slik måte at også framtidige generasjonar kan hauste av dei levande ressursane i havet. Derfor er det viktig at det vert innført eit strengt vern for å bygge bestandane opp igjen.

Fiskerimyndigheitene reknar med at fritidsfiske er ei årsak til nedgangen i bestandane av kysttorsk i verneområdet, men også endringar i klima og miljøpåverknad frå land kan ha ein effekt. Eit tredje element er beiting på fisk frå kystsel i området. Derfor vert fellingskvoten for kystsel i dette området auka med 20 prosent.

Om tiltaka

Alt fiske etter torsk er forbode innanfor grunnlinja frå Telemark til grensa til Sverige. I tillegg vert alt fiske forbode frå og med 1. januar til og med 30. april i 14 definerte område der torsken gyter, frå Lindesnes til svenskegrensa.

Forbod mot å fiske torsk

Forbod mot torskefiske innanfor grunnlinja frå Telemark til grensa mot Sverige inneber at all bifangst av torsk skal setjast ut igjen.

Av omsyn til blant anna yrkesfiskarane sitt driftsgrunnlag, fiske etter andre artar og mottaksstrukturen, er det opna for ein avgrensa dispensasjonstilgang for yrkesfiskarar. Fiskeridirektoratet kan stille vilkår om prøvetaking, sporing og fangstrapportering for forskingsformål.

Det vert innført blant anna ein avgrensa dispensasjonstilgang for påbodet om å bruke sorteringsrist i rekefiske i heile Skagerrak. Oppsamlingspose med ei minste maskevidde på 160 mm vert tillate innanfor grunnlinja langs strekninga frå Telemark til grensa til Sverige.

Forbod mot alt fiske i område der torsken gyter

Det vert innført eit totalt fiskeforbod i perioden 1. januar til og med 30. april. Dette gjeld 14 område langs kysten frå Lindesnes til Sverige. Undervassjakt i gytefelta vil vere tillate sidan dette er heilt selektivt.

Auka kystselkvote

For å få eit mest mulig heilheitleg vern av kysttorsk, er det bestemt at kvoten på kystsel skal aukast med 20 prosent for å redusere predatorpresset på kysttorsken.

Sidan kystsel og kysttorsk har mykje av det same beitegrunnlaget, vil eit auka uttak av kystsel kunne bidra til eit styrka livsgrunnlag for kysttorsken.

I praksis inneber dette at jaktkvotane på steinkobbe vert auka til 24 dyr i Østfold, 18 dyr i Vestfold og 12 dyr i Telemark.

Arbeid med å styrke kysttorskbestanden

Dei nye tiltaka kjem parallelt med prosjektet «Krafttak for torsken», som er eit samarbeid mellom ulike statlege og fylkeskommunale institusjonar i området. Både Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet deltar i prosjektet. Ny kunnskap frå prosjektet vil kunne bidra til reguleringsutviklinga av tiltaka som nå vert innførte.

Tiltaka oppsummerte:

  • Direktefiske etter torsk frå Telemark til grensa mot Sverige innanfor grunnlinja er forbode.
  • Totalt fiskeforbod i områda der torsken gyter, frå 1. januar - 30. april, i området frå Lindesnes til Sverige.
  • Undervassjakt er tillate i gytefelt då dette er heilt selektivt.
  • Fiskeridirektoratet kan gje ein begrensa dispensasjonsåtgang. Det kan setjast vilkår for å auke kunnskap.
  • Bestandsutviklinga og effektane av forvaltingstiltaka blir følgde opp i reguleringsmøte, og i tråd med ny kunnskap om fritidsfiske, gytefelt, bestandsutvikling og fangstpress.
  • Selkvoten i området vert auka med 20 prosent.
  • Departementet vurderer tiltaka etter 3 år.
  • Reguleringane trer i kraft 15. juni 2019.

( VILKÅR )

DEL SAKEN

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies X Lukk infoFiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...