PLAN: Paul Harald Leinebø, styreleiar i Fiskebåt Vest er uroa for aukande interessekonfliktar i havområda.Foto: Einar Lindbæk
PLAN: Paul Harald Leinebø, styreleiar i Fiskebåt Vest er uroa for aukande interessekonfliktar i havområda.Foto: Einar Lindbæk

Uroa for fiskeria - Fiskebåt ber om samla plan for bruk av havområda

Fiskeri
Torhild Måkestad Martinussen
Telefon 55 30 22 34
Mobil 98404287
18. juni 2019 09:02

 - Slik det er no kjem fiskeriinteressene stadig til å bli utfordra, seier styreleiar i Fiskebåt Vest, Paul Harald Leinebø, i ei pressemelding frå Fiskebåt.

Leinebø etterlyser ein samla plan for bruk av havområda.

- Kan ikkje berre flyttast på

- Fiskarane må vere der fisken er. Fisken følgjer sine næringsvandringar og kan ikkje berre flyttast på. Det er difor uheldig at det til dømes blir lagt til rette for store vindparkar midt i gode fiskefelt. Vi er opne for å diskutere løysingar, men historia viser litt for ofte at vi ikkje blir høyrt, seier Leinebø.

Vindkraft

Han har inntrykk av at ein del politikarar leitar etter alternative løysingar som følgje av den store motstanden mot vindkraft på land.

 - Men det er ikkje utan problem å legge det til havet heller, seier han, og viser til Equinors vindkraftprosjekt Hywind på Tampen i Nordsjøen.

Fiskerinæringa bad om at ein flytta litt på vindturbinane for å ikkje komme i konflikt med fiskeriinteresser i området. Dette kravet var også i samsvar med fagetaten Fiskeridirektoratet sitt råd. Men kravet blei neglisjert, påpeiker Leinebø.

Samla plan

- Vi har hatt oljen i lang tid. No kjem vindkraft og havbasert fiskeoppdrett. Særleg vindkraftparkane treng store areal. Etter det eg forstår viser utgreiingar at det er stort samsvar mellom kvar i havet det er interessant å legge vindkraftparkar og viktige fiskefelt, seier Leinebø.

Han viser mellom anna til vestkanten av Norskerenna i Nordsjøen, i tillegg til delar av Møresokkelen med sine viktige gytefelt som døme på slike område.

Leinebø meiner det hastar med å få på plass ein samla plan for korleis ein kan få til best mogleg sameksistens i havrommet.

- På land har landbruksjord eit sterkt vern i Norge. Sjømatnæringa skal vere ein av berebjelkane framover. Vi treng noko tilsvarande for fiskefelta våre, seier Leinebø.

( VILKÅR )
DEL SAKEN

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies X Lukk infoFiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...