TARIFF: - Ved neste tariffoppgjer forventar eg at ein går inn med betrakteleg meir ambisiøse krav, skriv Knut J. Pedersen, dagleg leiar i Sotra Service, i et lesarinnlegg.Illustrasjonsfoto: Eskild Johansen
TARIFF: - Ved neste tariffoppgjer forventar eg at ein går inn med betrakteleg meir ambisiøse krav, skriv Knut J. Pedersen, dagleg leiar i Sotra Service, i et lesarinnlegg.Illustrasjonsfoto: Eskild Johansen

Den nye tariffavtala for fiskarar: Gratulerer!

Eg synest det er så mange som fortener gratulasjonar etter å ha lese den nye tariffavtala for fiskarar.

Leserinnlegg
Skrevet av25. mai 2019 11:33

Gratulerer til båteigarane, som har fått litt meir å rutte med.

Gratulerer til fiskarane som fekk begrensa maks lønsnedgang til usle små 4,6 prosent. Gratulerer til Fiskarlaget, som nok ein gang har fått demonstrert at dette med mannskap og båteigar-seksjon i same organisasjon ikkje fungerer optimalt.

Og til slutt, gratulerer til voldgiftdommarane, som (så sant eg får tak i namn og adresse) skal få tilsendt flett nye kalkulatorar, med store tydelege knappar, og som tydeleg visar forskjell på pluss og minus. Kanskje til og med raud skrift i displayet når ein er komen over på minussida..

Gratulerer!

Så! Lat oss ta litt fakta..

Det er tre punkt volgiftdomstolen har avgjort. Mannskapsandel ved fartøyleige, strukturtrekk og sertifikatfornying. La oss sjå på kva dei utgjer for ein fiskar.

Mannskapsandel ved fartøyleige - greitt å ha. Burde vore avklart for lenge sia, då det seier seg sjølv at det må finst regelverk for slikt. Men for ein fiskar på eit fartøy i vanleg drift (som dei fleste fartøy er) har ikkje dette noko å sei.

Sertifikatfornying - ein fiskar treng repetisjon av sikkerheitskurs kvart femte år. Eit slikt kurs ligg på 13-15 000 kroner. La oss no då, for godt mål, seie det utgjer 5000 kroner i året.

Strukturtrekk - eit fartøy som har like mykje strukturkvote (eller meir) som grunnkvote, skal no trekke 4 prosent av mannskapsandelen, mot 2,5 prosent tidlegare. No har eg ikkje oversikt over kor mange fartøy dette gjeld, men eg vil tru andelen er betydeleg. Men la oss ta et eksempel på korleis dette slår ut. «Kvotevik» er eit slikt full-strukturert fartøy, og har eit mannskap på sju, og ein delingsfangst på 15 millionar. I 2018 hadde dei 32,5 prosent av delingsfangsten, altså 4,875 millionar kroner. I 2020 får dei redusert mannskapsprosenten til 31 prosent. Altså til 4,650 millionar kroner - ein nedgang på 225.000. Eller sagt i slik det brukar å bli sagt i lønn og tariffsamanheng, 4,6 prosent.

Imponerande!!

- Reiarlaga må ta mykje større del av fellesutgiftene

På generelt grunnlag er eg heilt einig i at mannskapsseksjonen bør kjempe for ei dreiing frå utbetaling av lott, og mot at reiarlaga skal betale meir av dei faste utgifter, slik som det blir forsøkt her ved at reiarlaga skal betale rep.kurs mot at mannskapet går omtrent tilsvarande ned i lønn/lott (bortsett frå at her har dei mannskapa som blir ramma av 4-prosent-regelen gått betydeleg meir ned enn kva det utgjer å få dekka kurs). Det bidreg til å sikre mannskapet ei meir stabil årleg inntekt, i motsetning til store årlege variasjonar, og det vil sikre mannskapet ei meir leveleg inntekt når neste nedtur kjem.

Mannskap bør etter min meining gå inn for at reiarlaga tar ein mykje større del av fellesutgiftene. Diesel, proviant, telefon, forsikringar, kjølemedium, oljer, havneutgifter, hyrer, reiseutgifter, og liknande bør alt bli forlangt betalt av reiarlaget, i tillegg til timesgodtgjørelse frå første time for notarbeid utanom om bord og ilandbringelse, ut over vanlig vedlikehald om bord, og verkstedsarbeid ut over vanlig vedlikehald.

Meir ambisiøse krav

Når det gjeld punktet om sertifikatfornying må det naturlegvis bestå. Eg må sei eg vart kraftig overraska då eg for nokre år sidan gjekk frå ringnot til kyst og fann ut at her var det ikkje tariffesta eit slikt punkt. I kva andre yrke må ein tilsett sjølv betale for å halde på kompetansebeviset som er pålagt for å ha stillinga han allereie har?? I oljenæringa har dei til og med overtidsbetaling for slikt.

Mannskapssesksjonen skal ha skryt for dei to punkta dei fekk gjennomslag for her, men dette vart dyrekjøpte triumfar. Ved neste tariffoppgjer forventar eg at ein går inn med betrakteleg meir ambisiøse krav.

Heilt til slutt, eit siste stort å rungande GRATULERER til heile den norske fiskerinæringa for enda eit strålande tiltak for å ytterlegare auke omsetningsverdien på kvotane

( VILKÅR )

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...

Kvotebonus som stimuleringsverktøy

Kommentar
15. september 2019 13:21

Fakta om lusemidler og reker

Leserinnlegg
14. september 2019 19:26

Jo, unge bryr seg om bærekraft

Leserinnlegg
1 kommentar14. september 2019 15:48

- Tull med tall for Torbjørn Trondsen

Leserinnlegg
2 kommentarer13. september 2019 11:27

Nesvik: - Ribbes kvotegruppen 15-21 meter i kvotemeldingen?

Leserinnlegg
4 kommentarer12. september 2019 12:06

- Valutaeffekt gir gode priser nå i makrellsesongen

Leserinnlegg
10. september 2019 05:00

- Misvisende om investeringer i havbruk fra Ørebech

Leserinnlegg
9. september 2019 20:22

- Mangler fiskarlagslederen ryggrad?

Leserinnlegg
1 kommentar9. september 2019 15:36

Nå må vi hive oss rundt!

Kommentar
8. september 2019 14:22

Kampen om fiskeressursene

Kronikk
8. september 2019 09:37
FASTE SKRIBENTER
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies X Lukk infoFiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...