HAMN: Fristen for å søke tilskot til investering i effektive og miljøvennlege hamner er 2. juni 2019, og prosjekta må være ferdig innan 30. november 2019.Illustrasjonsfoto: Olav Helge Matvik/Kystverket
HAMN: Fristen for å søke tilskot til investering i effektive og miljøvennlege hamner er 2. juni 2019, og prosjekta må være ferdig innan 30. november 2019.Illustrasjonsfoto: Olav Helge Matvik/Kystverket

50 millionar kroner til meir effektive og miljøvennlege hamner

Hendelser
Ann Eileen Ditlevsen Nygård
Telefon 55 21 33 15
Mobil 932 56 318
15. mai 2019 14:53

Kystverket lyser no ut ei ny ordning med tilskot til investering i effektive og miljøvennlege hamner.

Tilskot til effektive og miljøvennlege hamner skal bidra til å auke effektiviteten i logistikkjeda gjennom tlitak i hamn. Tilskotet kan nyttast til investering i hamneinfrastruktur, tilkomstinfrastruktur og mudring. Tilskotet kan ikkje nyttast til investering i superstruktur, som kraner og bygningar.

Spent på reaksjonane

- Tilskot til investering i effektive og miljøvennlege hamner er eit verkemiddel som skal bidra til meir effektiv sjøtransport, og slik bygge opp under satsinga til regjeringa for å effektivisere godstransporten. Vi i Kystverket er spent på korleis ordninga blir mottatt hos hamnene. Vi håper at ordninga vil munne ut i gode prosjekt med varige resultat, seier kystdirektør Einar Vik Arset.

50 millionar kroner

I statsbudsjettet for 2019 er det løyvd 50 millionar kroner til denne ordninga. Fristen for å søke er 2. juni 2019, og prosjekta må være ferdig innan 30. november 2019.

- Sjølv om det finst avgrensingar for kva type prosjekt som kan søke tilskot, er eg overtydd om at det finst fleire prosjekt som kan vere interessante for ordninga. I 2019 er det særs korte fristar, noko som stiller høge krav til prosjekta, seier seniorrådgivar Øyvind Sandbakk i Kystverket.

( VILKÅR )

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies X Lukk infoFiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...