KONKURRANSEVRIDANDE?: Er det greitt at fisk frå utanlandske båtar får bruke Seafood from Norway merket, spør Lisa Leinebø. Her er Paul Harald Leinebø (i midten) saman med far og son frå Millers som førebur tillaging av fish and chips saman med Paul Harald Leinebø frå Leinebris.Foto: Leinebris
KONKURRANSEVRIDANDE?: Er det greitt at fisk frå utanlandske båtar får bruke Seafood from Norway merket, spør Lisa Leinebø. Her er Paul Harald Leinebø (i midten) saman med far og son frå Millers som førebur tillaging av fish and chips saman med Paul Harald Leinebø frå Leinebris.Foto: Leinebris

Seafood from Nowhere

Når utanlandsk fisk landa i Norge blir norsk og såkalla «Kina-fisk» blir solgt som lokal norsk fisk, kva truverd har då vår merkevare «Seafood from Norway»?

Kommentar

Her om dagen slår eg av ein prat med eit fiskeutsal på Sunnmøre, for å høyre litt fiskenytt og sjekke korleis vår linefanga og sjøfryste filet frå Leinebris slår an. Dei let både vel og bra om kvaliteten. «Men den sel ikkje på nær så mykje som dette her», blir det sagt i det ein delikat pakke med snøkvite loins blir leita fram. «Dette sel vi store mengder av. Og kundane kan ikkje klage på prisen».

Ein drope i havet?

Fisken eg ser på er merka med ei adresse i Ålesund. Eg klarer ikkje å plassere den nokon plass. Ikkje så rart, viser det seg. Fisken har nemleg vore ei lang reise til Kina for produksjon, for så å bli pakka om og lagt i ny «lokal forpakting» her i Norge, fortel utsalet meg. Ikkje eitt ord, heller ikkje med lita skrift på etiketten, står det om denne Kina-reisa til dei som kjøper. Men prisen og kvitfargen er nok til at det hjelper lite for oss med stor skrift å fortelje at fileten vår både er sjøfryst og linefanga på ein lokal båt. 

Er det greitt? Nei! Kanskje er denne fisken berre ein drope i havet av all umerka og ompakka fisk. Og den dropen har fått begeret mitt til å renne over.

zoomNORSK FISK: Fabrikksjef Mathias Stave om bord i linebåten Leinebris.
NORSK FISK: Fabrikksjef Mathias Stave om bord i linebåten Leinebris.

Når EU blir norsk

Gjennom eksportselskapet PHL SEAGOLD eksporterer vi norsk sjøfryst fisk verda over. Vi er stolte over å kunne fiske og eksportere under det norske flagget og kalle oss verdas beste sjømatnasjon. Saman har vi som nasjon bygd opp eit omdømme - ei merkevare som vi ute i verda sel som «Seafood from Norway». Men dessverre viser det seg at dette omgrepet ikkje er så trygt og kjært som ein skulle tru.

Fyrste faremomentet dukka opp for nokre år sidan då ein spansk kunde av oss sa at han hadde kjøpt norsk fisk for ein mykje lågare pris enn vi kunne tilby. Det forstod vi ikkje, då det var under minstepris. Det viste seg å vere fisk frå eit spansk reiarlag, landa i Norge, og som dermed kalla fisken sin norsk. Vi fekk vite at det til dette finst eigne selskap her i Norge, som berre er meint å hjelpe til med nødvendige dokument for å få utanlandsk fisk ut av landet.

Nyleg kom vi over ein statistikk i fagbladet Norsk Fiskerinæring der nettopp eit selskap som driver med akkurat dette stod oppført som største kjøpar av torsk i Norge, med eksport av heile 70 000 tonn torsk. Det er i hovudsak fisk frå EU-båtar. Dette fekk oss til å reagere. Er utanlandsk fisk plutseleg norsk, så lenge han blir landa i Norge? Og blir han ført som norsk fisk i statistikken?

Fritt vilt

Mi uro er størst gjeldande for bruk av det norske flagget. Sjømatrådet svarer nemleg i ein e-post til oss at: Når det gjeld bruk av Seafood from Norway-merket, så er det per i dag ikkje krav til at båt skal vere norskregistrert. Kravet er at fisken skal vere naturleg forekommende i norske farvatn, vere ein del av felles forvaltede bestandar og skal landes i Norge. Dette vil si at den fisken som du beskriv kan i utgangspunktet bruke Seafood from Norway-merket.

Då spør eg: Er det greitt at andre land så lettvint skal få selje fisken sin på denne måten, og surfe på vårt omdømme? Her er det store kvantum fisk frå Barentshavet som vert omgjort til norsk. I tillegg har vi produsentane i Norge som også bruker «Seafood from Norway» på meir og mindre alt dei produserer, anten det kjem frå norske båtar eller ei. Norske båtar leverer også til utanlandske anlegg, som igjen merker med det norske flagget. Dette skjer samtidig som vi som norsk fiskefartøy mister vår rett til å kalle fisken vår norsk dersom vi har over 25 prosent utanlandske fiskarar om bord.

Tap av omdømme

Spørsmåla vi sit med er mange. Og vi har ikkje svara. Men det meiner eg ansvarlege personar bør sjå nærmare på og gi oss. Gjennom Noregs sjømatråd har vi bygd opp eit omdømme - ei global merkevare som vi sel som «Seafood from Norway». Har vi i det heile kontroll på kvaliteten og bruken av det? Om ikkje vi tek denne problemstillinga på alvor kan vår merkevare miste si makt. Vi som verdas beste sjømatnasjon mistar vår styrke. 

Verner vi ikkje om den norske fisken og let vår merkevare bli brukt fritt kan vi like gjerne prate om «Seafood from Nowhere».

( VILKÅR )

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

Digitalisering øker kvaliteten på forsøk

Kommentar
19. september 2020 10:33

Kjære delegat, pust med magen

Leserinnlegg
18. september 2020 08:36

Det marine økosystemet i nord er i endring

Kommentar
17. september 2020 19:22
FASTE SKRIBENTER
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Fiskeribladet arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk.