TRULEG TILTALE: - Det blir nok tatt ut tiltale, men truleg på mindre enn volumet som er meldt av selskapet, seier Kjell Idar Vangberg som er strafferettsansvarleg i Geografisk driftseining Hordaland i politiet.Illustrasjonsfoto: Per Ståle Bugjerde
TRULEG TILTALE: - Det blir nok tatt ut tiltale, men truleg på mindre enn volumet som er meldt av selskapet, seier Kjell Idar Vangberg som er strafferettsansvarleg i Geografisk driftseining Hordaland i politiet.Illustrasjonsfoto: Per Ståle Bugjerde

Ein person tiltalt etter svart sal av laks

Joar Grindheim
15. mars 2019 13:24Oppdatert:
15. mars 2019 13:33

- Det står att eit avsluttande avhøyr, men eg reknar med saka vert oversendt til jurist i løpet av neste veke. Det er då opp til jurist å avgjere om det blir tiltale eller ikkje. Det blir nok tatt ut tiltale, men truleg på mindre enn volumet som er meldt av selskapet. Det må avgjerast saman med jurist. Me må vurdera kva som kan bevisast og ikkje, fortel Kjell Idar Vangberg som er strafferettsansvarleg i Geografisk driftseining Hordaland i politiet til IntraFish.

Det var tidleg i oktober at Alsaker-konsernet sende ut ei pressemelding underteikna av Gerhard Alsaker der det stod at dei var blitt kjent med at det over lengre tid hadde funne stad ulovleg svart sal av laks ved Alsaker Fjordbruk sitt slakteri Viking Fjord.

- Selskapet ser svært alvorleg på saka. Undersøkingar har så langt avdekka at det over tid er eit betydeleg kvantum laks som er seld mot kontant betaling. Omsetnaden er halden utanfor selskapet si bokføring gjennom manipulering av selskapet sitt datasystem, og har derfor heller ikkje vorte momsberekna, skreiv selskapet i pressemeldinga.

Ifølgje meldinga hadde selskapet sin tidlegare slakterisjef/daglege leiar erkjent forholda og slutta på dagen då det vart kjent.

- Er det fleire enn ein mistenkt i saka?

- Det er ein person som er meldt av selskapet, og per no er det ingen andre som ser ut til å kunne bli sikta i saka. Om det skal takast vidare etterforskingsskritt mot eventuelle andre personar, må me eventuelt sjå på seinare, svarar Vangberg.

( VILKÅR )
DEL SAKEN

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies X Lukk infoFiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...