VERDISKAPAR: - Eg har investert i trygg visse om at eg held på med eit arbeid som skaper verdiar og der vi kan ta ut verdiane i eit evigheitsperspektiv, skriv fiskar Kåre Heggebø i dag, her på gammelbåten «Risholm», før han skaffa seg ein heilt ny båt, «Luna» frå Sverige.Arkivfoto: KJERSTI KVILE
VERDISKAPAR: - Eg har investert i trygg visse om at eg held på med eit arbeid som skaper verdiar og der vi kan ta ut verdiane i eit evigheitsperspektiv, skriv fiskar Kåre Heggebø i dag, her på gammelbåten «Risholm», før han skaffa seg ein heilt ny båt, «Luna» frå Sverige.Arkivfoto: KJERSTI KVILE

Fiskar Kåre Heggebø: Ikkje strup satsingslysta

Fisket er godt i gang i eit nytt år og me kan sjå tilbake på fjoråret og fryde oss over at fiskerinæringa har lagt bak seg eit historisk toppår.

Leserinnlegg
Skrevet av9. mars 2019 13:19Oppdatert:
11. mars 2019 10:34

 Dette er ein suksess som me kan vere stolte av. Både me i næringa og styresmaktene har tatt ansvar for både biologisk og økonomisk berekraft. 

zoomKåre Heggebø, leiar i Fiskarlaget Vest.
Kåre Heggebø, leiar i Fiskarlaget Vest.

Me kan i dag glede oss over at heile samfunnet ser dei verdiane som ligg i fiskeria, og dei mogelegheitene som dette representerer. Me ser òg at det innbyr til respekt når me kan dokumentere at næringslivet på kysten fortsatt er avhengige av at nokon fiskar folket sin fisk for å skape verdi av den. Dei nesten 11 000 fiskarane i Noreg bidrar til tre gongar så mange arbeidsplassar i samfunnet elles.

Me kan gle oss over at me har stor pågang av unge mennesker som vil inn i fiskaryrket. Dei ser ei framtid i næringa. Du skal kunne bli fiskar på trygge båtar, levere kvalitetsvarer som kan gje auka verdiskaping og kunne leve eit normalt familieliv.

Me har ikkje lenger subsidiar og me tenar pengar. Me satsar på framtida og investerer i tru på at framtida vil vere positiv for oss. Eg sit sjølv med ein heilt ny båt, «Luna» på 10,65 meter, som er tilpassa mitt kystfiskeri. Eg har investert i trygg visse om at eg held på med eit arbeid som skaper verdiar og der vi kan ta ut verdiane i eit evigheitsperspektiv.

Eg håpar politikarane våre ser at framtida ligg i å vidareutvikle fiskeria og sjømatnæringa, heller enn å etablere avgifter som ein kan frykte vil strupe investeringar og satsingslyst

Fartøya i kystflåten er i gjennomsnitt meir enn 25 år gamle. Det gler meg derfor stort når eg nærast kvar veke ser nye fartøy, som er bygd av fiskarar med pågangsmot og optimisme for framtida. Samtidig hevdar nokon at me har gjeve for lite tilbake til samfunnet. Me skulle betalt meir til fellesskapet og det blir teke til orde for ei skattlegging av fiskeria, såkalla grunnrente. Den nye firepartiregjeringa omtaler også dette i Granavoldenerklæringa.

Eg er heilt einig i at det har oppstått grunnrente, sidan det enkelte år er så stort overskot i næringa at det kan vere grunnlag for å ta ut ein ekstra skatt. Kva då med dei åra der det er låge kvotar eller låge prisar? Fiskarlaget meiner fortsatt at eit overskot best kan brukast til å oppretthalde levande fiskerisamfunn, og til å ha mange fiskebåtar av ulik storleik. Me kan frykte at dette ikkje blir tilfellet om avgiftstrykket aukar.

Eg trur ei fornuftig tilneærming er å ruste kysten, for å fortsatt skape og bidra til sysselsetjing og skatteinntekter i kystkommunane. Me bør bruke gode tider til å ruste oss for mogelegheiter og utfordingar i framtid, heller enn å etablere ei skattlegging som me kan frykte fører til ferre fiskarar og ferre båtar, noko som igjen kan redusere talet på tilsette i industrien.

Eg håpar politikarane våre ser at framtida ligg i å vidareutvikle fiskeria og sjømatnæringa, heller enn å etablere avgifter som ein kan frykte vil strupe investeringar og satsingslyst.

Mitt standpunkt er klårt når det gjeld fiskerinæringa: Dette er ei framtidsnæring! Håpet er at me, saman med alle gode krefter, kan bidra til å utvikle dei ressursane vi har tilgang til på ein god og framtidsretta måte. Då blir ringverknadene frå næringa fleire. Dette er i tråd med dei politiske ønska knytt til havet som kjelde for å sikre veksten i Noreg inn i framtida.

( VILKÅR )

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...

Tid for tøffe beslutninger

Kronikk
26. mai 2019 09:15

Det kan bli en het kvotesommer

Kommentar
25. mai 2019 13:00

Den nye tariffavtala for fiskarar: Gratulerer!

Leserinnlegg
2 kommentarer25. mai 2019 11:33

- Hiv det på havet

Kommentar
25. mai 2019 10:03
FASTE SKRIBENTER
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies X Lukk infoFiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...