PROBLEM: Gelefisk er blitt et problem i blåkveitefisket. For mye vann i kjøttet forringer smaken og gjør den umulig å røyke.Arkivfoto: Otto Giskeødegård
PROBLEM: Gelefisk er blitt et problem i blåkveitefisket. For mye vann i kjøttet forringer smaken og gjør den umulig å røyke.Arkivfoto: Otto Giskeødegård

- Ulukka er at det er så godt som umogleg å skilje ut vasskveita frå fangsten

Det er frustrerande både for fiskar og kjøpar å bruke tid, krefter og pengar på reklamasjonar og plager i ettertid.

Kommentar
Skrevet av25. februar 2019 05:00Oppdatert:
27. februar 2019 13:27

I fjor haust var det dags å fiske blåkveitekvoten vår. Rundt 60 tonn kappa vekt, inklusive hovud, nakke og buk var det vi hadde å rutte med. Noko seinare fekk vi eit lite tillegg som vi sjølvsagt takka og bukka for. Fisket gjekk greitt. Nokre dagar vest i kanten på Tromsøflaket rundt 73-graden, så var det gjort. Blåkveitebestanden i Barentshavet ser ut til å vere i mint condition, i alle fall å døme etter fangst per stubb. Storleiken varierer over heile skalaen, slik han skal gjere.

Førstehandsprisen på blåkveita er så absolutt tilfredsstillande. Han har stige jamt og trutt siste åra, og i haust bikka han 50 kroner i snitt for fisken, og rundt 30 kroner for hovud, nakke og buk. Det er berre å takke til, og gle seg over eit fiske som det no er råd å gjennomføre på skapeleg vis, og som bringar godt med klingande mynt i kassen.

Men i den seinare tid har det dukka opp ein slange i paradiset. Stikkordet er såkalla gelekveite, eller vasskveite. Dette er for så vidt ikkje noko nytt. Fenomenet har tidlegare gjort seg gjeldande på blåkveite fiska ved Grønland. Likeeins på Hatton Bank vest av Rock All, der «Loran» fekk gode fangstar for nokre år sidan. Dei fleste meinte at forklaringa var at på desse felta arbeidde ein på mykje djupare vatn enn i Barentshavet. 500-600 famner og meir var vanleg, mot mellom 300 og 400 på Tromsøflaket.

Ulukka er at så langt vi veit i dag er det så godt som umogeleg å skilje ut vasskveite der og då i fangstfasen

Så enkelt var det tydelegvis ikkje. I fjor haust kom reklamasjonane på løpande band. Dei aller fleste båtane fekk attendemelding frå kjøparar og eksportørar om til dels høg innblanding av vasskveite, med derpå fylgjande krav om reduksjon i prisen. Dette var nytt for oss, då dette tidlegare aldri har vore tema for blåkveite fiska på felta i Barentshavet.

Det er godt mogeleg at problemet er reelt. Ein må akseptere at når prisen er såpass høg, så vil kjøpar og eksportør ha valuta for pengane sine. Ulukka er at så langt vi veit i dag er det så godt som umogeleg å skilje ut vasskveite der og då i fangstfasen. Det er meg fortalt - og korriger meg dersom eg tek feil - at det er først etter at ho har sleppt dødsstivheita, eller eventuelt etter opptining at ein kan avgjere kva som er kva. Dette er uråd å få til i eit hektisk fiskeri. Der blir ho japankutta, vaska, sortert og frossen i ein rykande kave.

Reklamasjon på fangst er aldri hyggeleg, og - vil eg tru - heller ikkje for kjøpar/eksportør. Vi registrerer at relevante instansar no vil sjå nærmare på dette, og vonaleg kome fram til årsak og konsekvens. Det takkar vi for. I første omgang kan ein prøve å ikkje la blåkveita ligge for lenge i vatn etter at ho er sløgd og kappa. Det kan visstnok vere ei medverkande årsak, seiast det. Igjen er eg open for korrigering. Vidare får ein prøve ymse åtgjerder, og eventuelt finne ein nokolunde fast faktor eller prosent vasskveite i fangstane, og setje prisen deretter. Det blir frustrerande både for fiskar og kjøpar å bruke tid, krefter og pengar på reklamasjonar og plager i ettertid.

Eg ynskjer alle kloke hovud lukke til i arbeidet med å finne forklaringa på dette. Eg har ingen illusjonar om at dei klarer å justere sjølve biologien, og eliminere fenomenet vasskveite for tid og æve. Men ei truverdig forklaring, og gode råd og tips om korleis ein skal bere seg åt for å minimere innblanding av vasskveite er så absolutt av det gode. 

( VILKÅR )

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

Bli slank, smart og lev lenge

Kommentar
19. september 2020 12:59

Digitalisering øker kvaliteten på forsøk

Kommentar
19. september 2020 10:33

Kjære delegat, pust med magen

Leserinnlegg
18. september 2020 08:36

Det marine økosystemet i nord er i endring

Kommentar
17. september 2020 19:22
FASTE SKRIBENTER
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Fiskeribladet arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk.