TOBIS: Forskarane er særleg opptatt av dei yngste fiskane. Kor mange fisk som har overlevd sidan dei klekte i fjor, seier noko om kor mykje det er berekraftig å fiske i år. Foto: Åse Husebø/Havforskingsinstituttet
TOBIS: Forskarane er særleg opptatt av dei yngste fiskane. Kor mange fisk som har overlevd sidan dei klekte i fjor, seier noko om kor mykje det er berekraftig å fiske i år. Foto: Åse Husebø/Havforskingsinstituttet

Førebels tobiskvote på 55.000 tonn

Fiskeri
Redaksjonen
12. februar 2019 09:47Oppdatert:
12. februar 2019 10:01

Havforskingsinstituttet melder om godt med fisk på tobisfelta i sør, men at det framleis er kritisk lite lenger nord. Forskarane rår til ei førebels kvote på 55.000 tonn i 2019.

- Det norske tobisrådet blir oppdatert i mai etter eit nytt tokt der vi ser på korleis det går med rekrutteringa, seier havforskar og bestandsansvarleg Espen Johnsen.

Johnsen seier at bestanden av vaksen tobis er høg sør i den norske delen av Nordsjøen. 

- Men nord på felta AlbjørnLing, Nordgyden og Vikingbanken er bestanden kritisk låg. Dette er ingen ny situasjon, fortel Johnsen. 

zoomEspen Johnsen, havforsker
Espen Johnsen, havforsker

Vikingbanken har vore stengt for fiske sidan midten av 2000-talet, og rekrutteringa har vore dårleg sidan 1995. Forskarane rår til at dei kritiske områda heller ikkje no blir opna for fiske, skriv Havforskingsinstituttet.

For at forskarane skal tilrå ei auke i kvoten, må dei sjå gode tal for 2018-rekruttane.

- Resultata frå skrapetoktet er lovande, men denne indeksen har stor uvisse aleine. I tillegg er desember-april ein kritisk periode for ung tobis, seier Johnsen.

- Det er derfor vi målar med ekkolodd før vi gir eit oppdatert kvoteråd i mai. Før den tid er vi forsiktige i anslaget.

( VILKÅR )
DEL SAKEN

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies X Lukk infoFiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...