KJENDISJOURNALISTIKK: Arne Hjeltnes retter kritikk mot Fiskeribladets leder om «Hjeltneskvota».Foto: Einar Lindbæk
KJENDISJOURNALISTIKK: Arne Hjeltnes retter kritikk mot Fiskeribladets leder om «Hjeltneskvota».Foto: Einar Lindbæk

- Freidig kjendisjournalistikk i Fiskeribladet

I ein frisk leiar i Fiskeribladet 14. desember går redaktør Hage på banen for å argumentera mot distriktskvota for Lebesby og Gamvik. - Berre synd den freidige kjendisjournalistikken ikkje er sannferdig.

Leserinnlegg
Skrevet av20. desember 2018 10:29Oppdatert:
20. desember 2018 10:38

Eg lever godt med at denne kvota i uhøgtidelege samanhengar har fått mitt namn, men i ein kritisk leiar i Fiskeribladet, der ein argumenterer for å avskaffa denne handsrekninga til verdiskaping på land, forventar eg faktisk noko meir enn flåsete og usanne kommentarar. 

Inga logring

Eg kan godt vera Hjeltnes-kvote-mannen, men når folk som har engasjert seg i å skapa noko av fisken i Mehamn reagerer på leiaren, så synes eg Fiskeribladet fortener å korrigerast.

Denne kvota har slett ikkje blitt til ved at redaktørens tidlegare duellant Per Sandberg har «logra» ovafor meg og funne 3000 tonn til ein tv-kjendis, slik han hevdar.

(Eg tvilar på at departement og direktorat vil godkjenna slike framgangsmåtar).

Likevel skriv Hage i leiaren sin at «Det hele begynte da Arne Hjeltnes fortalte om planene for å etablere helårlige arbeidsplasser i Gamvik».

Det «hele» byrja ikkje med det. Satsinga i Mehamn byrja med at Findus vurderte å etablera seg og var usikre på råstoffitilgangen. Lenge før kvota kom, hadde iFinnmark ein stor artikkel med bilete av Gamvik-ordførar Trond-Einar OIaussen og Per Sandberg med overskrifta «Sandberg antydet Findus-drahjelp».

Satsinga i Mehamn byrja med at Findus vurderte å etablera seg og var usikre på råstoffitilgangen

Findus-kvota?

Der er det ingen andre kjendisar enn Sandberg i bilete eller i artikkelen. Finnmark Fisk overtok fyrst etter at Findus hadde trekt seg.

Hage veit utmerka godt at initiativet og ideen om gje landindustrisatsing ei tidsavgrensa kvote ikkje kom på grunn av meg.

Men det hadde vel ikkje vore like moro for kjendisredaksjonen i Fiskeribladet viss kvota heitte Olaussen-kvota eller Findus-kvota?

Eg synes naturlegvis kvota er ein god ide. Før dette bråket har lagt seg, er kvota vonleg på veg ein annan stad der folk er villige til å satsa 100-vis av millionar på norsk verdiskaping av fisken vår.

Særleg når 70 prosent av fisken vår vert sendt rett ut av landet utan at det vert skapa meir verdi av den. Gje den gjerne litt tid, og kanskje ikkje reduser den til 4 tonn pr fiskar, før den sablast ned. Men det er naturlegvis ei ærleg sak å vera imot den og anna fiskeripolitikk.

«Å logra for ein kjendis»

Det eg hadde håpa, var at Fiskeribladet var sannferdige nok til å iallefall nemna at dette var starta lenger før eg vart innvolvert og av andre grunnar enn «å logra for ein kjendis».

Å vrenga såpass på historia, slik redaktøren her har gjort for å skapa «bare tull», som er den type ord som vert brukt, er skuffande. Det alvorlege er naturlegvis at redaktøren antyder kameraderi og kjendisfordelar, når han skriv at Sandberg gav meg 3000 tonn fisk. Eg har ikkje bedt om noko kvote eller fått noko fisk. Det er gitt ei kvote til to kommunar med flere som foredler fisk på land.

Eg hadde ærleg tala håpa at eg var ferdig med flåsete og omtrentleg kjendisjournalistikk, då eg satsa på fiskerinæringa, men det er altså ikkje noko trygg havn der heller.

God jol!

( VILKÅR )

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...

- En verden der 1 + 1 = 2

Leserinnlegg
1 kommentar23. mars 2019 10:21

- Penger, møkk og ressursrente

Leserinnlegg
2 kommentarer22. mars 2019 05:00

- Å høste på rødåta er tukling med økosystemet

Kommentar
2 kommentarer20. mars 2019 05:00

- Dryge påstander fra Hammerfest Fiskarlag

Leserinnlegg
1 kommentar19. mars 2019 13:36

- Milliardran fra kystflåten

Leserinnlegg
19. mars 2019 13:36

- Fangst av rødåte er å sage av greina vi sitter på

Leserinnlegg
2 kommentarer19. mars 2019 05:00
FASTE SKRIBENTER
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies X Lukk infoFiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...