I 2019 blir makrellreguleringane enklare for lukka kyst

Fiskeri
Redaksjonen
18. desember 2018 15:09Oppdatert:
19. desember 2018 15:20

Nærings- og fiskeridepartementet melder at det no innførast ein ny og enklare modell for makrellfisket i lukka kystgruppe. 

Departementet opplyser at reguleringsmodellen inneheld fylgjande hovudelement:

  • Alle fartøy i lukka kystgruppe blir regulert som ei gruppe. 
  • Full reiskapsfleksibilitet mellom not, garn, snøre og trål. 
  • Alle fartøy får garanterte fartøykvotar, berekna på grunnlag av ei felles kvoteeining.
  • Maksimalkvotetillegg til fartøy med både største lengde og heimelslengde under 15 meter. 
  • Fartøy med not som deltakaradgang, og med heimelslengde under 13 meter, får konvertert inn ei kvoteoverføring på 1 000 tonn frå ringnotflåten i kvotefaktorane sine.

Departementet viser til at alle næringsorganisasjonane har vore positive til å forenkle makrellreguleringane.

Nøgd med ny modell

 - Eg er særs nøgd med at vi etter mykje arbeid no har fått ein ny modell. Dette vil vere ei forenkling og forbetring som vil gjere livet lettare både for fiskarar, forvaltarar og organisasjonane i næringa, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp), som roser organisasjonane og Fiskeridirektoratet for konstruktivt arbeid.

- Sjølv om det kan bli behov for nokre små justeringar undervegs, er vi no på veg i rett retning, seier fiskeriministeren.

Noreg, EU og Færøyane inngjekk 29. november ein avtale om ein totalkvote (TAC) på 653.438 tonn makrell for 2019. Dette gir ein kvote til Noreg på 147.085 tonn. Av dette er det sett av 905 tonn til forskings- og undervisningsføremål, 1300 tonn til agnføremål og 674 tonn til rekrutteringsføremål.

Her kan du lese forskrifta om makrellreguleringar for 2019.

( VILKÅR )
DEL SAKEN

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies X Lukk infoFiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...