GOD KANDIDAT: Blåskjel blir trekt fram av forskarane som ein god kandidat til å drive oppdrett på i Noreg.Foto: Kristian Ridder-Nielsen
GOD KANDIDAT: Blåskjel blir trekt fram av forskarane som ein god kandidat til å drive oppdrett på i Noreg.Foto: Kristian Ridder-Nielsen

HI-rapport: Blåskjel og tare kan bli dei nye store oppdrettsartane

Ein ny rapport frå Havforskingsinstituttet (HI) konkluderer med at norsk sjømatproduksjon kan aukast kraftig og berekraftig med å satsa på mellom anna blåskjel og tare.

Havbruk
Redaksjonen
31. oktober 2018 14:25Oppdatert:
31. oktober 2018 14:39

I Noreg er det gitt løyve til oppdrett på om lag 170 vasslevande dyr og 30 planter i Noreg. Men likevel blir det nesten berre produsert laks og regnbogeaure. No peikar havforskarane på store moglegheiter med andre artar.

Godt eigna artar

I ein ny rapport frå Havforskingsinstituttet, trekker forskarane fram at Noreg har gode, naturgitte føresetnader for å få til ein effektiv og berekraftig produksjon av artar nedst i næringskjeda.

Dette begrunnas med at Noreg har store mengder reint sjøvatn, areal i skjerma kystområde og høg teknologisk kompetanse. Store deler av kyst- og fjordområda våre er næringsfattige. Likevel meiner forskarane at det går an å få til produksjon med rette tiltak.

- Eit tiltak kan vere å kontrollere oppstrøyminga av djupare vatn som er meir næringsrikt, til produksjonsområde, seier HI-forskar og redaktør for rapporten, Ole Torrissen, i ein artikkel på HI.

- Blåskjel, dyrka enten til menneskeføde eller fiskefôr, er ein art som vil kunne vera godt eigna.

Det meste av blåskjela i Noreg i dag blir produsert i Nordland og Trøndelag. Salet av blåskjel var 2176 tonn i 2016. I 2017 aula salet med 8,1 prosent til 2353 tonn i 2017, til ein verdi av 25,8 millionar kronar.

Ein annan art forskarane vurderer som ein godt eigna art er tare. Av stortare kan ein få alginat, som blir brukt i alt frå legemiddel til matvarer.

- I tillegg kan tare brukast som råstoff til biodrivstoff og fôr. Men intensiv taredyrking er i startfasen.

Torsk og stør

I den nye rapporten har forskarane gått gjennom kva potensial ulike artar har for å bli oppdrettsart. 

Dei trekker fram torskefisk (torsk, lyr, sei og hyse). Desse artane meiner forskarane på kort sikt ligg best an til å bli produsert i store mengder i merdar i sjø, slik ein i dag produserer laks og aure.

Støren er ein annan aktuell kandidat til å bli Noregs nye oppdrettssatsning, meiner forskarane. Det er allereie i dag utvikla teknologi for oppdrett av stør, og det finst eit landbasert anlegg for produksjon av stør i Meløy i Nordland. I Noreg har vi ingen naturleg reproduksjon av stør som rømt fisk kan blanda seg med.

- Sjansen for at oppdrettsstør vil kunne reprodusere seg på rømmen i norske elver, er minimal. Kanskje europeisk stør kan bli Noregs miljøvennlege oppdretta kvitfisk? spør Torrisen.

Marine råvarer

Andre alternative artar kan vere tjukkleppa multe, St. Petersfisk og uer. Ifølge forskarane er multen spesielt interessant fordi den et algar. Dermed kan ein utvikla fôr som berre er basert på plantebaserte råvarer.

Mesteparten av maten til dagens oppdrettslaks kjem frå land. Men halvparten av jordas planteproduksjon skjer i havet, og lite av desse ressursane blir brukt til fôr eller menneskemat. Den utviklinga meiner forskarane at må snu.

- Vi må få slutt på at sjømatproduksjonen er så avhengig av landjorda. Nye oppdrettsartar bør primært fôrast på marine råvarer, seier Ole Torrissen.

Økt sjømatproduksjon

  • For å fø jordas befolkning på anslagsvis 9,1 milliarder mennesker i 2050, må matproduksjonen økes med 70 prosent i forhold til produksjonen i 2010. 
  • De største bidragene til fremtidig økt marin matproduksjon må komme lavere i næringsnettet enn det som i dag praktiseres. Og det trengs nye løsninger for økt bærekraft i eksisterende produksjon og økt produksjon i både økosystemer og for spesifikke sjømatprodukter.
  •  Global marin akvakulturproduksjon domineres i dag av lavtrofiske arter (tare og skjell). 
  • Lavtrofisk marin høsting og dyrking vil være nødvendig i fremtidens produksjon av mat, fôr og energi, samtidig som både fangst og havbruk av fisk og krepsdyr til konsum kan bidra til dette.
  •  Dyrking av blåskjell er etablert i Norge med en økende etterspørsel i markedet.
  • Økt kunnskap innen produksjonsbiologi og teknologi kan også gi ny anvendelse som fôringrediens. 
  • En realisering av det store potensialet for dyrking av blåskjell og andre filtrerende organismer (grønnsekkdyr og skjell) vil kreve tilgang på areal og effektivisert produksjonsteknologi. 
  • Tarehøsting og dyrking gir store muligheter til økt bioproduksjon. Utvikling av taredyrking er i forskning, pilot og oppskaleringsfase.
  •  Det kreves utvikling av effektive kultiveringsmetoder, tekniske løsninger for produksjon, prosessering og foredling. I tillegg vil det være avgjørende med tilgang til store arealer i sjø. 
  • Det er økende interesse for dyrking av mikroalger som kilde til helseprodukter, mat og fôringredienser. Det er spesielt store muligheter for å dyrke kuldetilpassede mikroalger med spesifikke egenskaper.
    KILDE: Rapporten «Framtidsrettet matproduksjon i kyst og fjord - En vurdering av muligheter for økt sjømatproduksjon i Norge»
( VILKÅR )
DEL SAKEN

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies X Lukk infoFiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...