TRONGT: Ein av mange tronge tunnelane på Senja. Her kan ikkje to store køyretøy passere kvarandre. Skulle dei møtas inne i tunnelen må eit av køyretøya rygge ut.Foto: Jørn Mikael Hagen
TRONGT: Ein av mange tronge tunnelane på Senja. Her kan ikkje to store køyretøy passere kvarandre. Skulle dei møtas inne i tunnelen må eit av køyretøya rygge ut.Foto: Jørn Mikael Hagen

No vurderar staten tiltak for å betre vegnettet på Senja

Redaksjonen
18. oktober 2018 13:34Oppdatert:
18. oktober 2018 13:35

I ei pressemelding opplyser Samferdselsdepartementet at Statens vegvesen og Troms fylkeskommune skal samarbeide om å utbetre vegnettet på Senja.

Samferdselsminister Jon Georg Dale påpeiker at Senja-vegane har store utfordringar og behov for utbetringar.

Trongt og uoversiktleg

- Det er behov for skredsikring og fleire strekningar har svært tronge og uoversiktlege parti. Fokk og drivsnø fører ofte til at vegane må stengast om vinteren. Samstundes blir mykje av sjømaten frå Troms og Finnmark frakta på dei smale vegane på yttersida av Senja. Vi må derfor legge til rette for at vegane er i best mogleg stand for dei som brukar den, seier Dale i meldinga.

På Senja er det meste av vegnettet fylkeskommunalt og dermed fylkets ansvar. Statens vegvesen Region nord har set i gang eit arbeid saman med mellom anna fylkeskommunen og næringslivet for å sjå på moglege tiltak som kan betre standarden på vegnettet. I samarbeidet inngår også næringslivet.

Vurderer fleire tiltak

- Prosjektet skal skaffe oversikt over dei vanskelege tunnelane og strekningane. Gjennom ei god kartlegging, vil dei kunne vurdere kva for forbetringstiltak som kan vere aktuelle. Slikt lokalt samarbeid er med på å gjere vegane i Noreg sikrare og betre, utan at det nødvendigvis kostar så mykje, seier Dale.

Prosjektet vil vurdere tiltak som bruk av intelligente trafikksystem (ITS), mindre ombyggingar av vegen og større utbetringar som flaskehalsar eller endringar i drift og vedlikehald.

Det er gjennomført møte mellom dei ulike aktørane, og eit forprosjekt blei starta opp i september. Målet er å legge fram ein detaljert tiltaksplan våren 2019, opplyser departementet.

( VILKÅR )
DEL SAKEN

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies X Lukk infoFiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...