UVISSE: Knut Korsbrekke frå HI legg fram nye kvoteråd. HI si kommentar er at det er stor uvisse i bestandsberekningane og behov for ein ekstraordinær metoderevisjon.Foto: Nils Torsvik
UVISSE: Knut Korsbrekke frå HI legg fram nye kvoteråd. HI si kommentar er at det er stor uvisse i bestandsberekningane og behov for ein ekstraordinær metoderevisjon.Foto: Nils Torsvik

ICES tilrår betydeleg kutt i makrellkvota

Kvoterådet for makrell i 2019 er ned 42 prosent samanlikna med rådet for 2018. For kolmule blir det ein liten reduksjon, mens rådet for hestmakrell justeras opp.

Fiskeri
Redaksjonen
28. september 2018 12:09Oppdatert:
28. september 2018 12:30

For 2018 var ICES sitt råd at det er forsvarleg å fiske opptil 550.948 tonn makrell. Kvoterådet for neste år er set til 318.403 tonn. Det inneber ein reduksjon på 42 prosent frå i år. Det melder Havforskingsinstituttet. 

ICES grunnar tilrådinga med at gytebestanden og tilsiget av ny fisk har vore på veg ned sidan eit toppunkt i 2011. I tillegg har fisketrykket vore høgare enn tilrådd i kvoteråda over ei årrekke.

I bestandsberekningane til ICES gjer summen av dette at makrellbestanden no er under føre-var grensa (MSY Btrigger). Denne er sett for å sikre høgast mogleg uttak av fisk på lang sikt. 

Haustingsregelen seier at fisketrykket skal reduserast parallelt med bestandsnedgangen ned til føre-var-grensa. Når bestanden er under føre-var-grensa, skal fisketrykket reduserast kraftigare. At bestanden blir mindre og attpåtil er under føre-var-grensa, gir dobbelt utslag i kvoterådet. 

Ber om metoderevisjon

I ein kommentar til rådet peiker HI i år på den store uvissa i bestandsberekningane og behovet for ein ekstraordinær metoderevisjon.

Det er arbeidsgruppa WGWIDE som bereknar dei pelagiske bestandane i ICES. Gruppa har prøvd ut andre bestandsberekningar der data frå merke/gjenfangst er handtert annleis enn kva som er lagt til grunn i det endelege kvoterådet. Med ei slik berekning kjem makrellbestanden ut om lag 20 prosent høgare.

Dette resultatet må også reknast å gi eit sannsynleg bilde av bestanden.

Vil gå gjennom metodane

- All tilgjengeleg kunnskap viser dei same trendane, at makrellbestanden er på veg ned. Men på bakgrunn av andre berekningar er det mogleg at nedgangen starta seinare og frå ein større bestand enn den som er lagt til grunn i ICES-rådet, forklarar forskingsdirektør Geir Huse.

- I vår kommentar uthevar vi at arbeidsgruppa WGWIDE har bedt om ein ekstraordinær revisjon av metodane som blir brukt for å berekne makrellbestanden, seier han.

Kolmule ned, hestmakrell opp

Rådet for kolmulekvoten for 2019 er på opptil 1.143.629 tonn, mot 1.387.872 tonn i 2018. ICES tilrår ei mindre kvote grunna låg rekruttering i 2017 og ein nedskriving av gytebestanden etter ei oppdatert berekning.

For vestleg hestmakrell gir ICES råd om ei kvoteauke på 24 prosent frå 2018-rådet, på opptil 145.237 tonn i 2019.

For snabelueren rår ICES til ei kvote på opptil 53.757 tonn i 2019 og 55.860 tonn i 2020.

Politiske avklaringar

Kyststatane som forvaltar norsk vårgytande sild har bedt ICES om å evaluere fire nye haustingsreglar for bestanden. Det kan samanliknast med ei konsekvensutgreiing som vurderer korleis ulikt fisketrykk påverkar bestanden på sikt. Resultatet av evalueringa blir gjort tilgjengeleg saman med kvoteråda for dei andre artane: Les evalueringa her

- Haustingsregelen er ein premiss i kvoterådet. Først når kyststatane blir einige om kva haustingsregel dei vil halde seg til, kan ICES gi råd for NVG-silda i 2019, seier Erling Kåre Stenevik, bestandsansvarleg ved HI.

( VILKÅR )
DEL SAKEN

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies X Lukk infoFiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...