Skipper Harald Aarseth var godt kjend i fiskerikretsar, særleg i havfiskenæringa. Han hadde lang karriere både på Møre og i Nord-Norge. I sin generasjon var han ein leiande person innanfor trålnæringa både som skipper og som utviklar av reiskap og fabrikkløysingar om bord.Foto: Privat
Skipper Harald Aarseth var godt kjend i fiskerikretsar, særleg i havfiskenæringa. Han hadde lang karriere både på Møre og i Nord-Norge. I sin generasjon var han ein leiande person innanfor trålnæringa både som skipper og som utviklar av reiskap og fabrikkløysingar om bord.Foto: Privat

Minneord etter skipper Harald Aarseth

Minneord
13. september 2018 17:00

Skipper Harald Aarseth døydde 10. august i år, vel 81 år gammal. Han var fødd i Syvde 21. februar 1937, same dagen som Kong Harald og fekk same namnet som han. Harald Aarseth gjorde ikkje skam på kongenamnet gjennom sin livslange innsats i fiskerinæringa.

Harald starta som fiskar som svært mange av sambygdingane sine. Han var først om bord på havfiskebåtar som mange eldre sunnmøringar hugsar; «Yukon», «Syrian», «Erik Løken», «Bellsund», «Dolsøy», «Havmann» og «Jøkul». Hardt arbeid med torskefiske ved Grønland, håbrand ved Newfoundland, på storsilda, Island og i Barentshavet. Felles lugar, middag i aluminiumsbakke og eigen brødmat. Det var ikkje lett for ein unggut å få pålegget til å rekke for heile turen. Men Harald ville satse på sjøen. 

zoomHarald Aarseth som skipper 26 år gammel. 
Harald Aarseth som skipper 26 år gammel. 

Etter avtent verneplikt i Marinen vart han oppmoda til å søke seg inn på Sjøkrigsskulen. Men eit års sjukdom med gulsott sette ein stoppar for det.

I 1957 tok han skippereksamen frå fiskarfagskulen på Aukra. Same året gifte han seg med Randi Margrete Breivik. Dei fekk etter kvart tre born. Dei bygde hus og budde først i Syvde og seinare i Ålesund. Som pensjonist budde han og kona i Skodje.

Det vart innanfor oppbygginga av fabrikkskipsnæringa Harald fekk utfolde seg og syne sin store kunnskap og evne som nyskapar. Men før det var han skipper på «Hessagutt» som var ny i 1961. Saman med søsterskipet «Hessatrål» frå 1960, var dette dei første hekktrålarane i Norge. Eigar var Fredr. Hessen. Båtane var små, berre 77 fot, og dei tekniske løysingane synte seg ikkje å vere gode nok.

Harald kom til Longvareiarlaget i 1965 som styrmann på den første norske fabrikktrålaren «Longva» Alt neste tur var han skipper. «Longva» var i norsk samanheng noko svært nytt, ideskapt og utvikla av skipper og reiar John Longva i tett samarbeid med båtbyggjaren, Nils Liaaen og med god hjelp frå Sunnmøre Kreditbank. I kring 20 år hadde Harald sitt virke som skipper i Longva reiarlaget. Han hadde eit godt samarbeid med John Longva. Reiarlaget hadde to trålkonsesjonar, men fornya seg stadig og bygde i alt seks nye fabrikkskip og eit ombygd fram til 1987. Samstundes vaks næringa og på topp var det kring 25 fabrikkskip i Norge. Svært mange av skipperane hadde fått sin opplæring som styrmenn hos Harald.

På 1970-talet hadde oljenæringa behov for seismikkfartøy. Fabrikkskipa var godt egna for ombygging til slik drift. Longva nytta dette høvet til å skifte ut trålarar for å kunne bygge nye og meir moderne. Harald meinte etter kvart at fiskeria fekk for liten merksemd i reiarlaget, og midt på 1980-talet sa han takk for seg. Han hadde då hatt ein periode der han hadde vore skipper og ansvarleg for drifta og ombygging av fabrikkskipet «Peder Huse», eigd av hans gode ven Torodd Huse.

I 1985 vart han spurd av ei nordnorsk gruppe med, Arvesen-familien, Håkon Hansen og Giæver-familien, om han ville gå inn som driftsleiar, skipper og medeigar i fabrikkskipet «Nordstar». Dette passa godt for Harald. Han likte seg godt og var i reiarlaget fram til han pensjonerte seg i 1998. Etter ombygging av fabrikken og opprusting av båten, vart det fleire år med gode resultat. Ikkje minst gjorde dei godt i seifisket når kvotane av torsk var små. Harald kalla desse åra som sin gode «nordnorske finale».

I sitt virke var Harald langt meir enn berre skipper. Han var oppteken av produktet - den sjøfrosne fileten- og av utvikling av effektive fabrikkar om bord. Utvikling av trålreiskapen og opplæring av trålmannskap var viktig for han. Ved Longvatrål i Gangstøvika var det mange år kurs for trålbasar. Harald hadde eit nært samarbeid med «tusenkunstnaren» Inge Dragsund i utviklinga av 1000/1010-systemet for styring av trålen. Dei samarbeidde også nært i utvikling av fabrikkane om bord

Harald var ein skipper med autoritet. Det stod respekt av han. Skipperane i flåten såg opp til han. «Vi såg opp til Harald for å sjå korleis vi og kunne verte nr. ein» som ein skipperkollega sa. Harald var samstundes omgjengeleg, hadde ei god historie og var raus til å dele kunnskap med andre. Harald sto opp for fabrikkskipsnæringa når han meinte den vart urettmessig omtala og handsama. Han sat i styret i Norske Fabrikkskips Foreining frå 1982 til 1989. Heilt til det siste var han oppteken av næringa og likte å vere med på møter i havfiskeorganisasjonane.

Leiv Grønnevet og Knut Vartdal

( VILKÅR )

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies X Lukk infoFiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...