TEINEFISKE: Teinefiske med lys etter torsk kan på sikt vere eit alternativ til garn og line.Foto: Odd-Børre Humborstad/Havforskingsinstituttet
TEINEFISKE: Teinefiske med lys etter torsk kan på sikt vere eit alternativ til garn og line.Foto: Odd-Børre Humborstad/Havforskingsinstituttet

Slik aukar du torskefangsten med lys i teiner

Redaksjonen
21. august 2018 12:53

- Vi veit no korleis du kan auke torskefangsten med lys i teiner. Ei rekke utfordringar står att før det kan brukast kommersielt, seier fangstforskar Odd-Børre Humborstad.

Gjennombrotet

Lukta av akkar-agn kan trekke torsk til teiner på lang avstand. Men forsking viser at berre éin av ti torsk svømmer heilt inn i teina, skriv Havforskingsinstituttet.

Forskarane lurte på om lys lokke torsken heilt inn? Gjennombrotet kom i Ramfjorden i 2016. Fiskeribladet har tidlegare omtalt resultatet der forskarane fanga over 200 kilo torsk i enkeltteiner stappfulle av kril.

- Videoopptak viste tydeleg at store mengder kril raskt kunne samle seg i lyset. Då kom torsken etter meir enn villig. Ein sverm av næringsrik kril var tydeleg det som freista torsken, fortel forskaren.

Storskala forsøk 

Dei la om strategien til å finne ut kva lys som trekker til seg ikkje først og fremst torsk, men kril.

- Torsken ser faktisk ikkje ut til å bry seg særleg om lys med mindre der er kril i sikte, seier Humborstad.

Men at krilen ikkje står i ro rundt lykta dersom det er straum, er éi av utfordringane.

- Skal dette bli noko av, må vi ut på kysten der skreien held til. Der har vi førebels dårlege resultat med lys i teiner.

Til no er det tokammer-fisketeiner forskarane har prøvd ut mest og då på kortare forskingstokt. Forskarane har no gjennomført ei rekke forsøk med straumsikre teiner i ein testtank. Desse skal prøvast ut på havet.

- Vi har sprikande resultat med ulike teiner til ulik tid og stad. Det kan vere ein effekt av straum, ulik tilgang på kril eller tida teinene står ute.

- Derfor involverer vi fiskarar i eit storskalaforsøk som vil gi oss systematisk data for lengre fisketid i varierte kystområde. Forsøket startar til hausten med sju fiskefartøy frå Lofoten til Varanger, fortel Humborstad.

( VILKÅR )
DEL SAKEN

Kommentarer

Kommentarfeltene er midlertidig stengt. Dette skyldes at dagens ordning er i strid med Fiskeribladets GDPR-regler.
Om GDPR

Vennlig hilsen
Øystein Hage, redaktør.

 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Fiskeribladet arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk.