Regjeringa vil undersøkje om det er mogleg å skyte opp satellittar frå Andøya

Teknologi
Redaksjonen
22. mai 2018 10:50

Nærings- og fiskeridepartementet melder at Regjeringa vil gje Andøya Space Center eit lån på 20 millionar kroner. Pengane skal brukast til å finne ut om det er mogleg å skyte opp småsatellittar frå Andøya.

- Ein oppskytningsbase for satellittar kan gje mange varige, lønsame arbeidsplassar på Andøya. I tillegg inneber det store moglegheiter for norsk høgteknologisk næringsliv, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) i meldinga.

I dag er ein gjerne avhengig av å få haik med ein stor rakett for å få småsatellittar opp i bane. Andøya Space Center har i fleire år jobba med eit prosjekt for å byggje ein oppskytingsbase for småsatellittar på Andøya. Det står framleis att eit større arbeid for å avklare om ein slik base kan etablerast på kommersielt grunnlag, viser departementet til.

- Arbeidet er ressurskrevjande, og regjeringa forslår difor å gje Andøya Space Center eit ansvarleg lån for å gjennomføre dei nødvendige attståande utgreiingane. Lånet skal givast på marknadsmessige vilkår, opplysas det i meldinga.

Andøya Space Center er eit selskap med mål om å styrkje norsk forsking og høgteknologisk næringsliv gjennom drift og vidareutvikling av infrastruktur for teknologitesting og naturvitenskapleg forsking. Andøya Space Center leverer oppskytings- og testtenester til kundar over heile verda. Selskapet er eid 90 prosent av Nærings- og fiskeridepartementet og ti prosent av Kongsberg Defence og Aerospace.

( VILKÅR )

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies X Lukk infoFiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...