SKRAL TOBIS: Årets tobistokt i norsk sone i Nordsjøen har avdekka at tobisen ikkje har hatt noko særleg mat å ete. Fisken er skral og tynn.Foto: Åse Husebø/Havforskingsinstituttet
SKRAL TOBIS: Årets tobistokt i norsk sone i Nordsjøen har avdekka at tobisen ikkje har hatt noko særleg mat å ete. Fisken er skral og tynn.Foto: Åse Husebø/Havforskingsinstituttet

Forskarane åtvarar mot å auke tobiskvoten. Årsak: elendig tilvekst og skral fisk

Fiskeri
Redaksjonen
18. mai 2018 12:04

Skral fisk og elendig tilvekst. Slik konkluderer havforskerne etter å ha gjennomført årets tobistokt i norsk sone i Nordsjøen. Kald, sein vår kan vera årsaka til at fisken har fått altfor lite å ete, melder Havforskingsinstituttet. 

HI har no sendt over sitt råd om kvote til Nærings- og fiskeridepartementet - og åtvarar mot å auke årets kvote med bakgrunn i funna frå toktet.

I fjor var det «all time high» med eittårig tobis.

- Vi har hatt dette toktet sidan 2005, og hadde aldri sett så mange eittåringar som i 2017, seier bestandsansvarleg, forskar Espen Johnsen. - Så i år forventa vi å sjå mange toåringar.

Mange toåringar var det, men forskarane var svært overraska over kor små og magre dei var. Individa hadde vakse veldig lite sidan i fjor.

På førehand rekna forskarane med at tobisen ville ha vakse seg om lag 50 prosent større enn i fjor. Men dei hadde lagt på seg under 10 prosent.

Dårleg rekruttering

Fisken er ikkje berre tynnare, det er også tynt i rekkene i den unge generasjonen.

- Det er dårleg rekruttering i år, seier Johnsen. - Det betyr at det er svært få eitt år gamle fiskar.

Den dårlege veksten tyder at det har vore lite dyreplankton å få tak i for tobisen. Det kan skuldast ein kald vår.

- Det var veldig kaldt i Nordsjøen under toktet i år. På femti meters djup var det heile tre grader kaldare enn på same dato i fjor.

At våren kom seint, kan ha ført til at algeoppblomstringa i havet også kom seinare i gang.

- Kulden får dermed ein dobbelt effekt: mindre mat for fisken, samtidig som det er dokumentert at fisk veks dårlegare i lågare temperaturar.

Får konsekvensar

Då blir det meir mat for tobisen, men det store spørsmålet er om det er tidsnok.

- Det skal veldig mykje til, for å ta att det tapte, seier Johnsen. - Dette vil få konsekvensar for rådet vårt om kvote til neste år.

For fiskarane betyr tynn tobis at dei må fiske fleire individ for å fylle opp kvoten.

- Vi kjem med ei mellombels kvote i januar, og i år var denne på 70.000 tonn. Det er ikkje forsvarleg å fiske meir enn dette i år, når vi no veit kor tynn fisken er, seier Johnsen.

Men HI vil følgje situasjonen nøye, og til det treng dei hjelp frå flåten.

- Vi ynskjer oss rikeleg med prøvar frå flåten frametter, for å sjå om fisken si vekt aukar.

( VILKÅR )
DEL SAKEN

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies Fiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...