TRÅLSTIGEN: Forfattar og journalist Gunnar Grytås svarer på Fiskebåt-nestleiar Jan Ivar Maråks påstandar om historieforfalsking når det gjeld trålstigen i dette lesarinnlegget.Foto: Bjørn Tore Forberg
TRÅLSTIGEN: Forfattar og journalist Gunnar Grytås svarer på Fiskebåt-nestleiar Jan Ivar Maråks påstandar om historieforfalsking når det gjeld trålstigen i dette lesarinnlegget.Foto: Bjørn Tore Forberg

Om trålstigen, leveringsplikta og Fiskebåt

Når nestleiar i Fiskebåt, Jan Ivar Maråk, i Fiskeribladet 9. mai angrip det eg sa om trålstigen under landsmøtet i Noregs Kystfiskarlag, har han rett på eit punkt.

Leserinnlegg
Skrevet av18. mai 2018 19:37

Det var styret i Noregs Fiskarlag som gjorde det omstridde vedtaket om langsiktig fordeling av torsken mellom kyst- og trålarflåten den 24. november 1989, ikkje landsmøtet. Det står også «landsstyret» i notata eg bygde innlegget på, men eg kan i farten ha gjort ei forveksling. I overskrifts form påstår Maråk at eg forfalskar ein viktig del av nyare norsk fiskerihistorie. Det er sterk kost, særleg på så spinkelt grunnlag.

Årsaka til at eg tok opp problemet med trålstigen på møtet i Svolvær var det politiske havariet vi vart vitne til då Stortinget på nytt hadde trålarane si leveringsplikt på saklista i fjor. Det enda med at fiskeriminister Sandberg la fram eit forslag, men trekte saka tilbake då opposisjonen som var i fleirtal heller ikkje greidde å samlast om ei løysing. Alle stod fast i minefeltet, og kom seg ikkje vidare på grunn av alle snubletrådane som er vove rundt ordninga; plikter og vilkår i alle retningar som har vasa seg saman til ein uløyseleg gordisk knute.

zoomI snart 30 år har Stortinget motteke anbefalingar frå fiskarlaget, men i liten grad vist evne til å vurdere om dette var gode eller dårlege råd. 
I snart 30 år har Stortinget motteke anbefalingar frå fiskarlaget, men i liten grad vist evne til å vurdere om dette var gode eller dårlege råd. 

Då trålstigen vart vedteken i 1989 var ikkje brot på den gamle leveringsplikta noko problem. Trålarane fiska og leverte dit dei skulle og sikra produksjon på land. Kvoten til desse båtane vart sjølvsagt rekna med i trålarflåten sine historiske fangstar som gav dei andelar av torskekvoten frå 20 prosent ved låge kvotar som auka i takt med kvoten til 35 prosent.

Trålstigen var starten på fiskarlaget sitt store prosjekt gjennom 1990-åra; Ei langsiktig fordeling av kvoteregulerte fiskeslag. Men styrevedtaket frå hausten 1989 var eit brot med fiskarlaget sin praksis for at slike store og omstridde saker skulle ut på høyring på grunnplanet, og dette forsterka raseriet i kystflåten nordpå. For å roe ned Maråk står dette også å lese i Noregs Fiskarlags historie «I kamp for havets verdiar», side 288-289 (Christensen/Hallenstvedt).

Fiskarlaget har også ein lang tradisjon for at alle store og viktige saker skal avgjerast på landsmøtet. Med trålstigen for torsk hoppa dei over både i 1990 og 1992. Først i 1994 kom den første omkampen. Sjølv om fordelinga vart endra, tapte dei nordnorske kystfiskarane med 29 mot 43 røyster fordi kystfiskarane i sør støtta det forslaget Fiskebåt gjekk for. Langt på veg vart dette eit mønster i dei mange omkampane. Og dersom Maråk i fullt alvor meiner at Fiskebåt i desse sakene var i konstant mindretal med sine 16 røyster, har han fått veldig lite med seg frå landsmøta der han sat meir ringside enn dei aller fleste.

Ved å ta denne kampen internt, meinte fiskarlaget at dei gjorde jobben for styresmaktene lettare. Politikarane slapp å tape røyster i Finnmark eller på Sunnmøre når nokon meinte dei fekk for lite fisk. Med rette kunne dei leggje ansvaret på fiskarlaget. Konfliktlinjene på landsmøta gjekk både mellom sør og nord, mellom kyst- og havflåte og mellom ulike reiskapsgrupper, og vilkåret for at fiskarlaget «rydda opp» i dette vart at den tilrådde kvotefordelinga vart sett ut i livet.

Nesten slavisk har styresmaktene retta seg etter dette. Jan Henry T Olsen vart eit unntak då han flytta nokre tusen tonn hyse frå trålarane til kystflåten i 1995. For å setje statsråden under press og få hysa tilbake gjekk 20 fabrikktrålarar saman om å stoppe kontingentbetalinga til fiskarlaget som svara med eit trugsmål om å bryte sambandet med Fiskebåt. Tre år seinare kom ei ny konflikt då Peter Angelsen sette av 20.000 tonn sild som bufferkvote for nordnorsk industri. Han kalla protestane frå ringnotflåten ein «overreaksjon utan sidestykke» frå ei lita gruppa som allereie då kontrollerte 70 prosent av alle pelagiske ressursar, og bad dei «skamme seg». Også Svein Ludvigsen utfordra fiskarlaget då han i 2004 gav linefiskarane gjennomslag for det gamle kravet om rett til å fiske agn til eige forbruk ved å reservere kvotar på cirka 2.000 tonn sild, makrell og sei til formålet. Dette var viktig først og fremst for kystlineflåten som sikrar både arbeidsplassar på land og høg kvalitet på råstoffet. Fiskebåt og Fiskarlaget protesterte og ville ha meir subsidiar til lineflåten.

Også leveringsplikta handlar om samfunnsansvaret til dei som har fått eksklusive rettar i norsk fiske. Utan vederlag, og i dette tilfellet med meir statsstøtte enn andre fekk. Dette rakna då landanlegga i 1990-åra prioriterte kjøp av billig russetorsk, og let eigne trålarar fare sin eigen sjø. I mellomtida vart statsstøtta avvikla. Det kom nye eigarar. Bindingar til landanlegg var kutta. På gamle ferskfiskkonsesjonar vart det bygd nye frysetrålarar som omsette fangsten på auksjon for verdsmarknaden. Ei enorm omstilling som mange kritiserte, men som det var uråd å stoppe dåleveringsplikt vart tilbodsplikt.

Vi vart vitne til ei omfordeling som forklarar kvifor fiskarane på desse nye trålarane tener over ein million i året. Men dette skjer fordi samfunnet godtek nedlegging av fleire hundre, kanskje tusen, industrijobbar - og at kystflåten ikkje får levere den fisken som kunne sikra arbeidsplassane. Slike spørsmål var ikkje aktuelle i fiskarlaget sitt arbeid med ressursfordeling der interne kompromiss var viktigast av alt. Slik vart det skapt grunnlag for å lukke alle fiskeri som eit grunnlag for kjøp og sal av strukturkvotar.

Fiskarlaget gjorde seg avhengig av departementet si godkjenning av ei ulovleg avgift for å få inntekter. Til gjengjeld kunne dei overleve sjølv om dei gjekk med på politiske løysingar som var stikk i strid med interessene til store grupper av tvangsbetalande medlemmer

Striden om leveringsplikta avslørte avmakt i Stortinget. Dei har i snart 30 år motteke anbefalingar frå fiskarlaget, men i liten grad vist evne til å vurdere om dette var gode eller dårlege råd. Men meiner Stortinget at industritrålarane ikkje fyller oppgåva si, og at det bør landast meir ferskfisk i nord er det kanskje på tide å hogge av den «gordiske pliktknuten», endre dagens trålstige og gjere ei omfordeling frå trål til kyst som svarar til kvotane med leveringsplikt. Dette kan gjerast heilt eller delvis, og eventuelt steg for steg over fleire år. Endringane vil skje mellom gruppene, ingen blir kasta ut av fisket og pliktene treng ikkje lenger bli eit stridstema enten dei blir ståande eller oppheva. Etter at leveringsplikta rakna har vi også fått ei ny havressurslov med formål å sikre sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna. Det forpliktar politikarane til å ta større ansvar som ved at Stortinget med nokre års mellomrom vurderer om kvotefordelinga fungerer i samsvar med formåla. Til hjelp kan det bli aktuelt å ha ein eigen uavhengig kommisjon, eller gje oppdraget til Riksrevisjonen.

I 1997 avsa Høgsterett ein dom som knuste inntektsgrunnlaget til fiskarlaget. Her vart det avdekka store, ulovlege overføringar frå salslaga, som var monopol, til fiskarlaget. Fritt val av fagforeining er ein viktig demokratisk rett. Likevel betalte alle norske fiskarar ei tvangsavgift til et lag mange ikkje var medlem av - på det meste 1,0 prosent av fangstverdien. Utbrytarane i Noregs Kystfiskarlag fekk derimot ikkje bruke fangstavgifta på laget dei sjølv hadde stifta, mellom anna i protest mot trålstigen og Fiskarlaget sin kvotepolitikk. Med ei ulovleg avgift og store pengar - og andre verdiar - på bordet, var det ikkje lenger to uavhengige partar som forhandla om fiskerisubsidiar og kvotepolitikk. Fiskarlaget gjorde seg avhengig av departementet si godkjenning av ei ulovleg avgift for å få inntekter. Til gjengjeld kunne dei overleve sjølv om dei gjekk med på politiske løysingar som var stikk i strid med interessene til store grupper av tvangsbetalande medlemmer. Andre fekk det derimot slik dei ville.

Det beste ordet språket vårt har for slike tilstandar er korrupsjon. Maråk har nokså sikkert andre. Men historia er og blir den same.

( VILKÅR )

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...
FASTE SKRIBENTER
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies X Lukk infoFiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...