HAVFORSKING: Det er ikkje rett at ICES har ein «streng fortolking» av føre-var-tilnærminga, slik det kjem til uttrykk i kronikken frå Fiskebåt av 14. mai, skriv Havforskingsinstituttet. Her eit glimt frå prøvetaking om bord i «G.O Sars».Arkivfoto: Kjartan Mæstad/Havforskningsingstituttet
HAVFORSKING: Det er ikkje rett at ICES har ein «streng fortolking» av føre-var-tilnærminga, slik det kjem til uttrykk i kronikken frå Fiskebåt av 14. mai, skriv Havforskingsinstituttet. Her eit glimt frå prøvetaking om bord i «G.O Sars».Arkivfoto: Kjartan Mæstad/Havforskningsingstituttet

ICES driv ikkje med forvalting, men rådgjeving

Audun Maråk og Gjert Dingsør i Fiskebåt set søkjelyset på Det internasjonale havforskingsrådet ICES si rolle som rådgjevarar i fiskerispørsmål. Dette er ei viktig sak å diskutere og dei to forfattarane skal ha ære for å setja spørsmålet på dagsorden.

Dei to kronikkane femner vidt, og i dette tilsvaret vil eg berre kommentera det som synest vera hovudpåstanden i den første kronikken og eit viktig premiss i den andre, at ICES driv forvalting og ikkje rådgjeving om forvalting. 

Påstanden er ein fundamental kritikk av ICES, for om påstanden var rett, ville det vera stikk i strid med ICES si sjølvforståing. 

zoomHarald Gjøsæter, norsk representant i ACOM, ICES sin rådgjevingskomité.
Harald Gjøsæter, norsk representant i ACOM, ICES sin rådgjevingskomité.

«ICES rådgjev offentlege styresmakter som har som oppgåve å driva marin forvalting», står det på ICES sine nettsider (mi omsetjing). Og vidare: «Grunnlaget for råda er relevante data og analyse av ekspertar innan området, normalt gjennom møter i ei ekspertgruppe. Analysen er kollegavurdert av forskarar som ikkje har vore med i ekspertgruppa og ikkje har nokon personlege interesser i sakene. ICES sine råd er produserte gjennom ein prosess som er sett opp for å sikra at råda er grunnlagt på beste tilgjengelege vitskap og data, er haldne for å vera legitime både av styresmaktene og interessentar, og er relevante og operasjonelle med omsyn til det aktuelle området». 

Alt materialet som ICES har produsert som forklarar korleis vi ser vår rolle, er gjennomsyra av denne forståinga: ICES gjev råd, forvaltarane forvaltar, gjennom sine vedtak om reguleringar av menneskeleg aktivitet.

Korleis kan det då ha seg at nokon har fått for seg at ICES har teke forvaltarrolla?

Slik fungerer rådgjevinga i ICES

Før eg svarar på det, er det naudsynt å forklara nærare korleis rådgjevinga fungerer. ICES har delt inn dei over hundre bestandane vi gir råd på, i ulike kategoriar, alt etter kor mykje kunnskap vi har om dei ulike bestandane og kor gode data som blir samla inn under den årlege overvakinga av bestand og fiskeri. Dei bestandane vi har mest kunnskapar om er i kategori 1, og dette gjeld alle dei store, viktige bestandane i fiskeria, som torsk og sild. For slike bestandar har styresmaktene som forvaltar bestanden utarbeidd forvaltingsplanar, dvs. på førehand sett opp eit regelverk om korleis dei skal handla gjeve eit bestemt utfall av den årlege bestandsvurderinga i ICES. 

Til desse forvaltingsplanane er det knytt referansepunkt for fiskepress og bestandsstorleik, slik at om ICES i sin årlege analyse av bestandssituasjonen finn at bestanden er lågare og/eller fiskepresset er høgare enn desse referansepunkta føreskriv, så må fisket regulerast ned, og er det omvendt, kan fisket aukast. 

Om Fiskebåt ønskjer seg ein annan fiskeripolitikk, må dei nok gå til dei som utformar og utfører denne politikken, ikkje til ICES

Alle medlemslanda byggjer sin fiskeripolitikk på internasjonale avtalar og retningsliner, som t.d. Rio-erklæringa frå 1992 og FNs avtale om vandrande og langtmigrerande fiskebestandar frå 1995. Desse avtalane stadfester at ei ansvarleg fiskeriforvalting skal baserast på ei føre-var-tilnærming. 

I Noreg er dette nedfelt i havressursloven, og denne måten å forvalte på kjem til uttrykk gjennom forvaltingsplanane. Derfor er det også slik at styresmaktene ber ICES vurdere om deira forvaltingsplanar oppfyller krava nedfelt i desse avtalane, kort sagt om dei legg til rette for eit langsiktig høgt uttak frå bestanden (som svært ofte er eit av målsetjingane med planen) og om dei er i tråd med føre-var-tilnærminga (som alltid er eit krav til slike planar).

Kva vil det seie å vera føre-var?

Og no er vi ved sakas kjerne; kva vil det seie å vera føre-var? Det er det ikkje lett å svara på. ICES legg til grunn (basert på vanleg praksis over alt i verda der FN sine avtalar skal nedfellast i praktisk politikk) at det ikkje skal vera meir enn 5 prosent sannsyn for at ein bestand skal koma under ei nedre grense der rekrutteringa av nye årsklassar byrjar verta redusert. 

Alle medlemsland i ICES har (så vidt eg kjenner til) gjeve si tilslutning til at denne verdien 5 prosent kan brukast som eit kriterium, og i praksis er det difor denne verdien som vert bruka over alt der føre-var-tilnærminga skal utmeislast i praktisk forvalting. Dette gjeld ikkje berre i Nordaustatlanteren (ICES-området), men også i andre område der fiskeriforvaltinga baserer seg på FN-avtalane. 

Men 5 prosent erikkje noko naturlov. Kvifor ikkje 10 prosent, dvs. at ein godtek at det kan gå gale eit av 10 år i staden for eit av 20? Kor stor risiko er ein viljug til å ta? Fiskebåt har heilt rett i at dette er det opp til forvaltarane å bestemma, ikkje ICES. Men det er ikkje rett at ICES har ein «streng fortolking» av føre-var-tilnærminga, slik det kjem til uttrykk i kronikken av 14 mai. Og ICES kjem til å halda fram med å bruka denne verdien når vi vurderer styresmaktene sine forvaltingsreglar, så lenge det er dette styresmaktene ber oss om.

Så om Fiskebåt ønskjer seg ein annan fiskeripolitikk, må dei nok gå til dei som utformar og utfører denne politikken, ikkje til ICES. Vi gir råd når vi blir spurt, på den måten som er nedfelt i avtalane medlemslanda har med ICES.

( VILKÅR )

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...

«Very dirty» ga solid bot

Kommentar
1 kommentar19. mai 2018 13:54

Småfartøy skal vekk og småsamfunn skal fjernes

Leserinnlegg
7 kommentarer19. mai 2018 11:53

Om trålstigen, leveringsplikta og Fiskebåt

Leserinnlegg
3 kommentarer18. mai 2018 19:37

Fisken tilhører folket?

Leserinnlegg
4 kommentarer17. mai 2018 11:42

Hvorfor tette lukkede oppdrettsanlegg?

Kommentar
1 kommentar14. mai 2018 09:05

Forvaltning av fiskebestandene

Leserinnlegg
1 kommentar14. mai 2018 04:58

Turistfiske ute av kontroll

Leserinnlegg
2 kommentarer13. mai 2018 18:00

JA til Troms og Finnmark

Leserinnlegg
2 kommentarer13. mai 2018 05:00

Strafferunder i kystsoneforvaltningen

Kronikk
12. mai 2018 19:53

Fiskeridepartementet burde ta seg en fiskebolle

Kommentar
2 kommentarer12. mai 2018 12:05

Heller kondemnering enn struktur

Leserinnlegg
4 kommentarer11. mai 2018 18:45

Frykter regjeringen en ammeflåte?

Kommentar
2 kommentarer11. mai 2018 08:59

Svakere utsikter for reke i sør

Leserinnlegg
1 kommentar10. mai 2018 17:00
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00