Fedje-ubåten er no støtta opp med 200.000 tonn stein og grus.Foto: Kystverket
Fedje-ubåten er no støtta opp med 200.000 tonn stein og grus.Foto: Kystverket

Fedje-ubåten er støtta opp med grus og stein

Regjeringa viser i revidert statsbudsjett til at støttefyllinga rundt ubåten ved Fedje ser ut til å verke etter hensikta. Regjeringa lover oppfølging ovanfor Stortinget.

Politikk
Redaksjonen
15. mai 2018 14:47Oppdatert:
15. mai 2018 14:48

I det reviderte statsbudsjettet viser regjeringa til at støttefyllinga og havbotnen no har sett seg over ei periode på halvanna år. Kystverket har opplyst at geotekniske vurderingar konkluderer med at støttefyllinga har stabilisert skråninga under baugseksjonen til vraket som det blei gått ut frå.

Det var ved handsaminga av statsbudsjettet for 2015 at det vart løyvd 150 millionar kroner til å etablere ei støttefylling for å sikre den rasutsette skråninga ved vraket av U-864. Støttefyllinga blei detaljprosjektert og lyst ut på anbod i 2015. For å gi oppdragstakaren forsvarleg tid til å planleggje og førebu arbeida, og på grunn av vêrforholda om vinteren, blei støttefyllinga ikkje etablert før sommaren 2016.

Støttefyllinga er bygd opp av om lag 200.000 tonn reine sand- og steinmassar og dekkjer om lag halvparten av det området på 47.000 kvadratmeter som Kystverket tilrår å dekkje til. I ei omfattande miljøovervaking av arbeidet blei det ikkje registrert forureining av tyding. Kystverket har opplyst at av 1080 vassprøver viste berre fire spor etter kvikksølv. Konsentrasjonane var veldig låge og så vidt over deteksjonsgrensene til prøvetakingsutstyret. Vidare viste berre 3 av 54 prøver av sediment og finmassar som blei spreidd under arbeidet, konsentrasjon av kvikksølv. Desse var låge og i kategorien «God» i Miljødirektoratet sitt klassifikasjonssystem for forureina sediment, heiter det i proposisjonen frå regjeringa.

Regjeringa seier dei vil på eigna måte komme tilbake til Stortinget om miljøtiltak for vraket av U-864.

( VILKÅR )

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies Fiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...