ENDRINGAR: Det er ein grunn til at reguleringane og regelverket er så innfløkt. Det har sakte, men sikkert vorte meisla ut, skriv fiskar Arve Myklebust. Her er «Leinebjørn» på makrelffiske i Nordsjøen. Arkivfoto: Rune Kvamme
ENDRINGAR: Det er ein grunn til at reguleringane og regelverket er så innfløkt. Det har sakte, men sikkert vorte meisla ut, skriv fiskar Arve Myklebust. Her er «Leinebjørn» på makrelffiske i Nordsjøen. Arkivfoto: Rune Kvamme

Endring for endringa si skuld?

Det store spørsmålet vert om ein gjennom eit nytt og forenkla system greier å fange opp alt og alle.

Leserinnlegg
Skrevet av23. mai 2018 05:00

Eg har vore så heldig å få lære norsk fiskeriforvalting å kjenne frå to sider. Det meste av mitt yrkesaktive liv har eg vore fiskar og vore engasjert i faglagsarbeid, men eg har også vore så heldig å arbeide ei kort periode i Fiskeridirektoratet. I løpet av mi tid i Fiskeridirektoratet, Norges Fiskarlag og Pelagisk Foreining har fått lære mykje. Mykje om fiskeri, men også mykje om folk, forvaltning, og ikkje minst prosessar.

zoomArve Myklebust
Arve Myklebust

Vi fiskarane har for vane å gremmest over mykje, blant anna innfløkt regelverk som regulerer utøvinga av yrket vårt. Vi har ofte ynskt oss endringar og forenklingar i regelverket. Dette har mellom fleire, landsstyret i Norges Fiskarlag, jobba mykje med. Både fiskeridirektør Peter Gullestad, og Liv Holmefjord har vore audmjuke overfor regelverket dei har øvd, og utøver. Dei har også vore opne for endringar og forenklingar i regelverket, dersom omsynet til vern av ressursane og yrkesutøvinga likevel vert tilstrekkeleg vareteke. Dette har fiskarane ofte vore utfordra på. I reguleringsmøta har fiskeridirektøren sagt det slik: Kom med forslag til forenklingar, så skal vi innføre dei.

Rundt landsstyrebordet i Norges Fiskarlag har eg delteke i mange drøftingar om endringar og forenklingar. Resultatet har ofte vore det same. Vi går i ring. Når ein trur ein nærmar seg ei løysing, så dukkar det opp ei eller anna utilsikta effekt. Ei effekt som vil råke ein yrkesbror på ein måte ein ikkje ynskjer eller hadde tenkt. Regelverket er utforma for å ta vare på, og regulere heile mangfaldet av norske fiskarar og fartøya deira. Alt frå låssettaren i den inste fjordarma, til dei havgåande fartøya som er meir fleksible i forhold til sesongar og fiskefelt. 

Når ein trur ein nærmar seg ei løysing, så dukkar det opp ei eller anna utilsikta effekt

Alt regelverket har sakte, men sikkert vorte utforma i samråd mellom faglag, salslag og forvaltningsapparatet. Gjennom tidene har det vore mange harde meiningsytringar mellom dei involverte, men sakte, men sikkert har regelverket, og fiskarane vorte tilpassa til kvarandre. Ressursvernet står i høgsetet, men også yrkesvernet til fiskarane er ein vesentleg del av reguleringane. Ein skadeskoten offshorereiar sa det slik til meg etter offshorenedturen for nokre år sidan: «De fiskarane skal vere heldige som er så hardt regulerte. Sjå på oss som trudde det var fritt fram for alt. Det gjekk gale».

Poenget mitt er altså: Det er ein grunn til at reguleringane og regelverket er så innfløkt. Det har sakte, men sikkert vorte meisla ut. Meisla ut for å ta våre på alt som sym i havet, og ta vare på alle fiskarane. Fiskarane sjølve har vore den argaste premissleverandøren. Alt for at det skal fungere på best mogleg måte. Etter kvart har det heile utvikla seg til å verte eit svært innfløkt regelsett. Men det å endre på det, og forenkle, har som sagt, ofte synt seg å vere vanskeleg. Alt heng saman med alt, og mange av dei utilsikta effektane har ein etter revideringar klart å fange opp.

I den siste tid har vi vore vitne til eit storstilt arbeid med å revidere sjølve grunnfjellet i regelverket. Nemleg kvotesystemet. Og det er ikkje forvaltninga som har sett i stand det heile. Nei, det er politisk bestemt. Frimodet og ambisjonane er det lite å seie på. Vi får tru dei involverte er seg sitt ansvar bevisst, at dei kjenner historia bak, og har respekt for det systemet dei vil omskape. Det er visst ikkje alle forunnt å vere med på utforminga. Eit regelverk som har vore meisla ut i samarbeid mellom forvaltning og yrkesutøving skal no under hammaren. Fiskeriministeren har trykt Eidesenutvalet si innstilling til sitt bryst. No skal det endrast og forenklast. Gode tankar.

Det store spørsmålet vert om ein gjennom eit nytt og forenkla system greier å fange opp alt og alle. Frå den innerste fjordarm, til den djupaste straumhola ute i havet, samstundes som det skal vere enkelt og gje plass til alle. Eller skulle det ikkje det vere plass til alle vidare? Underteikna er svært spent på forsettinga når ein etter kvart skal byrje å meisle ut på nytt. Meisle for å tilpasse alt som heng i hop med alt, og alle dei utilsikta effektane i eit nytt og forenkla regelverk.

( VILKÅR )

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...

Ingen ringvirkninger uten aktivitet

Kronikk
22. september 2018 15:37

Forsker-skeptikeren

Kommentar
3 kommentarer22. september 2018 13:13

Sjømat Norge: Forskning på miljøeffekter er viktig

Leserinnlegg
21. september 2018 08:20

Forskjellsbehandling - ja, takk

Kommentar
19. september 2018 05:00

Forskjellsbehandling av kyst- og fiskerikommuner

Leserinnlegg
4 kommentarer17. september 2018 15:11

Mye vil ha mer

Kronikk
16. september 2018 12:04

Ny kunnskap om hydrogenperoksid og forventning om handling

Leserinnlegg
1 kommentar14. september 2018 13:20

En næring på ville veier

Kommentar
12. september 2018 10:13

Kystfiskarlaget: Krever øyeblikkelig stopp i kjemikaliebruk

Leserinnlegg
3 kommentarer11. september 2018 10:26

Stopp ørkenvandringen og se framover!

Leserinnlegg
9. september 2018 15:23

Frp: - Vi gir ikke opp åpning av Lofoten for oljeutvinning

Leserinnlegg
1 kommentar9. september 2018 09:29

Kan sjømatsalg over nett gi et løft?

Kommentar
8. september 2018 08:53
FASTE SKRIBENTER
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies X Lukk infoFiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...