STRANDRYDDING: Det er ikkje noko vakkert syn, og det er faktisk berre det vi SER, og kan ta hand om. Vårherre må vite korleis det ser ut rundt om på botnen, og i ope hav, skriv fiskebåtreiar Øystein Sandøy i sin kommentar.Arkivfoto: Sverre Andreas Stakkestad
STRANDRYDDING: Det er ikkje noko vakkert syn, og det er faktisk berre det vi SER, og kan ta hand om. Vårherre må vite korleis det ser ut rundt om på botnen, og i ope hav, skriv fiskebåtreiar Øystein Sandøy i sin kommentar.Arkivfoto: Sverre Andreas Stakkestad

Å rydde opp etter seg

Havet skal ikkje vere ein avfallsplass! Jau då, ein kan ikkje så godt vere usamd i det, og vi som faktisk lever av havet bør sjølvsagt stå i fremste rekkje når det gjeld å halde havet reint.

Kommentar
Skrevet av8. mai 2018 05:00

Det skal nok ikkje stikkast under ein stol at det opp gjennom tidene har vore nokså lettvint å berre dumpe alskens avfall - nedbryteleg eller ikkje - over rekka. Out of sight, out of mind.

No snur det! Eg skal ikkje utrope oss fiskarar for å ha vore fremste forkjemparane for den haldningsendringa som vi no ser, men at det er i vår eiga interesse kan ingen fiskar vere usamd i. Strandryddarane har travle dagar over heile landet, og mengdene plast og alskens vanskeleg nedbrytbare substansar haugar seg opp i tonnevis. Det er ikkje noko vakkert syn, og det er faktisk berre det vi SER, og kan ta hand om. Vårherre må vite korleis det ser ut rundt om på botnen, og i ope hav.

Når alle gode krefter samarbeider, så vil miløavtrykket etter fiskeflåten ligge på eit absolutt akseptabelt nivå

For øyeblikket er vi i innspurten på fyrste lineturen vår vestafor i EU-sonen, og eit blikk fram på shelterdekket kan gje oss ein liten peikepinn om tilhøva nede på botnen. Det kan ta nattesøvnen frå ein stakkar! Sju - 7 - 1000-liters storsekkar er smekk fulle av hovudsakeleg gamalt bruk som vi får opp på stubbane våre. Nokre av sekkane er fylt med vår eigen agnemballasje, men resten er hovudsakeleg vekkslitne spanske breiflabbgarn. Noko gamalt linebruk får vi og opp, men det bør ikkje ligge den store dramatikken i det. Det sluttar å fiske etter berre kort tid, med mindre langa og brosma er sugne på rusta krokar. 

Det er i dag påbod om å bringe alt av brukt emballasje til lands. Kun matavfall kan kastast, til glede for kjalken, havsula og måsen. Det er greitt nok det, men det kan vere på sin plass å etterlyse greie, smidige og rimelege ordningar for levering av dette, og vidare handtering og evt. nyttiggjering. Plassen kan og bli ei kattepine, fyrst og fremst for eldre, mindre båtar. T.d. agn er pakka i plast og papp, og det utgjer anseelege mengder på ein lengre linetur. Plasten er grei nok, den tek ikkje allverda plass, men all pappen må oppbevarast einkvar staden. 

Eit kreativt forslag gjekk ut på å hive det inn på lugaren til sjølve sjefs-rotekoppen blant mannskapet vårt, då han neppe ville merke den store skilnaden, men det ville kanskje vere å overdrive litt. Nei, løysinga blir nok å pakke det i hop som best vi kan, og stue det ned att i agnfrysa etter kvart som ein får omrøme seg der nede. Vi skal saktens få det til.

Det er bra at det blir sett fokus på dette, og eg er rimeleg overtydd om at når alle gode krefter samarbeider, så vil miløavtrykket etter fiskeflåten ligge på eit absolutt akseptabelt nivå. Å iverksetje ryddeaksjonar rundt om på botnen i dei ymse havområde bør skje med jamne mellomrom, og fiskeristormakta Norge bør vere både eit godt eksempel, og ein pådrivar. Her i EU-sonen ser det ikkje ut, og det ryktast at spanske breiflabbfiskarar får erstatta tapt garnbruk. Snakk om molbopolitikk!!!

Dette bør vere eit kjærkome saksområde for Miljøpartiet de Grønne. La demagogien kvile for ei stund, og kom opp med fornuftige, gjennomførbare tiltak for reint hav og ryddige strender. Det må då vere betre enn å terge på seg alt som finst av bilistar i hovudstaden. 

( VILKÅR )

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...

Genetikk og logikk - om oppdrettslaks, villaks og islendinger

Leserinnlegg
7 kommentarer21. august 2019 09:39

- Tøff start på livet for laksen

Leserinnlegg
20. august 2019 10:00

- Vi må ikke ta havnæringene for gitt

Leserinnlegg
19. august 2019 15:12
FASTE SKRIBENTER
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies X Lukk infoFiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...