FERDIG: Øystein Rabben (75) er klar for sitt siste årsmøte som leiar i Austevoll Fiskarlag. Det femtiande årsmøtet han har vore leiar for.Foto: Nils Torsvik/Fiskeribladet

Han har vore fiskarlagsformann i 50 år

AvNils Torsvik

- Skal me ha politikarar på årsmøtet, må me ringja dei først, og leggja møtet deretter, seier Øystein Rabben som no gjer seg etter 50 år som fiskarlagsleiar.

NYTT OM NAVN21. mai 2018

Øystein Rabben har lang erfaring med å kalla inn til årsmøte i fiskarlaget i Austevoll. Han får ofte politikarar til å møte. Helst i valår. I år var det ingen, noko som var synd for dei. I år var det siste året han tok på seg å vere formann i fiskarlaget i Austevoll.

Eller leiar, som det heiter no. Og det å vere leiar i eit slikt fiskarlag, betyr at du styrer meiningsytringar til fiskarar som fører i land ein femtedel av all fisk som vert landa her til lands. Austevoll har 25 av dei største pelagiske fiskebåtane i landet. Båtar som landar store mengder fisk kvar gong dei kjem til lands.

Starten i 1950-åra

Det er slike båtar Øystein Rabben har vore med. Han er no 75, straks 76 år, og starta alt i 1950-åra med fiske. I førstninga med doryer og onkelens skøyte «Vaage» på silde- og brislingfiske. Sidan med «Wisting», kalla opp etter oppdagsreisande og polarforskaren, Oscar Wisting. Etter det «Jim», «Vima», «Indra», «Truman», «Sjannøy», «Karolus», «Junior 1», «Snurp 8», «Hargunn» og «Steinevik», før han enda opp på «Østerbris», der han var i ti år som styremann.

Men finaste oppleving hadde han med «Vima» på størjefiske. 

- Eit utruleg spennande fiske, på ein art som kjem att til våre farvatn no. Her søv Austevoll i timen, slik dei også gjer i høve leppefiskarane no, meiner han.

zoomAustevoll fiskarlag. Øystein Rabben vart takka av for 50 års innsats som leiar av lokale fiskarlag i Austevoll av sekretær i Brit Sæle i Fiskarlaget Vest, nestleiar Kåre Heggebø i Norges Fiskarlag og nestleiar Mons Troland i Austevoll fiskarlag.
Austevoll fiskarlag. Øystein Rabben vart takka av for 50 års innsats som leiar av lokale fiskarlag i Austevoll av sekretær i Brit Sæle i Fiskarlaget Vest, nestleiar Kåre Heggebø i Norges Fiskarlag og nestleiar Mons Troland i Austevoll fiskarlag.

Minusgrader og frost

Fiskarfagskulen tok han i 1966 og -67. Det gav han papir til å føre båtar, men styremann vart han først nokre år seinare.

- Eg har ikkje balt med anna enn fiske, seier han og kan vise til tider då dette medførte at det å trakka skorna på heimtraktene var langt sjeldnare enn i dei seinare åra. Særleg då ringnota kom.

- Me starta med vinterloddefiske 6. eller 7. januar og var ikkje heime før påske. Av og til etter påska, minnes Rabben.

Dette var eit fiske der det ofte var kaldt og mykje ising på båtane, og der det var viktig med gode nøter som ikkje vart sprengt, slik at dei måtte trø til med å heve not, viser han til. Eit arbeid som verken var lett eller populært, i mange minusgrader og frost, der dei måtte vente med nye kast til nøtene vart bøtt.

zoomØystein Rabben har heile sitt aktive fiskarliv vore på ringnotbåtar, der Austevoll har den største flåten i landet.
Øystein Rabben har heile sitt aktive fiskarliv vore på ringnotbåtar, der Austevoll har den største flåten i landet.

Valt inn i 1967

Fiskarlagsmøtet i Austevoll er det 51. han står som leiar for. Som alltid vert det servert skjever med sild, makrell og reker. Kaffi, og mjølk til dei som vil ha det. Etter to timar med debatt om «estimeringa» av fangst, kjem det godt med. 

- Det er kjøpt inn matvarer for 1000 kroner, gjer fiskarlagsleiaren greie for, før møtet startar.

Han vart første gong valt til formann i Selbjørn fiskarlag i 1967. 15. mai det året, viser han til Fiskeribladet, i protokollen frå møtet til det lokale laget på øya han sjølv er frå i Austevoll. Den gong var det lokallag på kvar av øyene, noko som varte til 16. desember i 1988, ifølgje protokollen, då øylaga vart slått saman til Austevoll fiskarlag. Ikkje alle med ein gong, men etter kvart som det vart stadig færre fiskarar og betre kommunikasjon på øyene. 

Fiskarsogelag

Når han vert bedt om å trekke fram det beste minne frå lagsmøta, seier han at han ikkje veit kva det skal vere.

- Det er meir at det har vore kjekt å møtast og prate med fiskarkollegar om store kast og utviklinga i fiske, seier han.

Då det vart snakk om å leggje ned fiskarlaget på Selbjørn, starta dei eit fiskarsogelag, for å ha høve til framleis å møtast. Rabben gjev Ragnvald Tøkje æra for det.

- Det skulle vere eit lag det ikkje var så mykje bal med. Ein koseklubb. Så me byrja å gje ut ein årleg kalender, seier han.

zoomSTEMMA FRÅ AUSTEVOLLl: Øystein Rabben, leiar i Austevoll Fiskarlag, på årsmøtet til Fiskarlaget Vest for eit par år sia. 
STEMMA FRÅ AUSTEVOLLl: Øystein Rabben, leiar i Austevoll Fiskarlag, på årsmøtet til Fiskarlaget Vest for eit par år sia. 

Viktig fiskerihamn

Av saker dei har fått gjennomslag for, er han meir sikker på kva som er den viktigaste. Fiskerihamna på Salthella. Ei hamn han i utgangspunktet var skeptisk til.

- Det er Odd Karsten Østervold som skal ha æra for den. Og Edvart Johannes Stangeland. Senterpartimannen som var varaordførar og styrte kommunen saman med Helge André Njåstad i Fremstegspartiet.

Dette er ei hamn som vart bygd med ei omfattande steinfylling ut mot holmar og skjær, noko som gjorde moloen til Noregs lengste med 1,1 kilometer.  

- Austevoll fiskarlag har vore flinke til å støtte opp om fiskerihamna, når me skjønte at den kunne realiserast, seier Rabben.

Sigrar

Av andre viktige saker nemner han «kvitblåsa», der fiskeristyresmaktene ville innføre eit merke på ringnota for når det skulle vere lov å sleppe ut noko av fangsten. Stor motstand mot forslaget førte til at merket vart sett slik at det ikkje har fått noko praktisk følgje for fisket, meiner Rabben.

- Det vart redusert til nesten ingen ting, noko me ikkje hadde fått til utan fiskarlagets innsats, seier han.

Seinaste sigeren for fiskarlaget har vore å få flytta ein vassleidning som kommunen ville leggja midt i eit rekefelt.

- Me har berre ein rekefiskar i kommunen, men kommunen og vassverket var velvillige og endra traséen, viser han til.

Rigid ordning

For årets møte var det fangstkontrollen som var den store saka. Rabben hadde fått kontrollsjefen i Fiskeridirektoratet til å koma og halde innlegg om kontrollen, og fiskarlagsleiaren venta seg ein heftig debatt om førelegga som vert pålagt av direktoratet.

- Eg har forsøkt å få juridiske ekspertar på Universitetet i Bergen til å interessera seg for dette. Det må vere interessant for ein jusstudent å skrive ei oppgåve på dette, meiner Rabben.

Han viser til at ordninga med føring av fangstdagbøker har vorte så rigid at skipperane må føre nye meldingar, berre dersom de flytter seg frå ein kai til ein annan for lossing.

zoomØystein Rabben var den einaste på landsmøtet i Norges Fiskarlag som peikte mot medlemskap i EU, tidleg på 1990-talet.
Øystein Rabben var den einaste på landsmøtet i Norges Fiskarlag som peikte mot medlemskap i EU, tidleg på 1990-talet.

Litt for EU

Politisk har Øystein Rabben vore på borgarleg side heile sitt vaksne liv. Han har vore engasjert i kommunepolitikken. Først som senterpartist, men lengst som høgremann. 

Då spørsmålet om å søkje medlemskap i EU kom opp på tidleg 1990-tal, var han den einaste som stemte for i landsmøtet til Norges Fiskarlag, meiner han. No er han ikkje like sterk EU-tilhengar. 

- Det var kanskje ikkje så lurt å stemme for EU dengongen, men eg meiner me burde søkje, seier han. 

No meiner han at det var rett at Noreg ikkje gjekk inn i EU.

zoomVIKTIG Å NÅ DEI UNGE: Øystein Rabben informerer niandeklassingar på Austevoll ungdomsskole om fiskeri- og havbruksnæringa i 2008.
VIKTIG Å NÅ DEI UNGE: Øystein Rabben informerer niandeklassingar på Austevoll ungdomsskole om fiskeri- og havbruksnæringa i 2008.

Fleire fiskarar

I sitt siste årsmøte som leiar av Austevoll fiskarlag gler han seg over auke i medlemsmassen.

- 13-14 nye har meldt seg inn i laget. Dei fleste leppefiskarar, viser han til ved opninga av årsmøtet. 

Laget har 128 gyldige medlemmer, noko som utgjer 18 prosent av alle i regionlaget, Fiskarlaget Vest. Men enno er det mogeleg for laget i Austevoll å vekse. 

I alt er det 286 fiskarar i kommunen, men dei vert det opp til etterfølgjaren Tor Andreas Drivenes å få inn i laget.

( VILKÅR )

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00