MØNSTRET PÅ: Advokat Ask Økland mønstra på «Slettholmen» for å bli betre kjend med den praktiske delen av fiskerinæringa.Foto: Ask Økland
MØNSTRET PÅ: Advokat Ask Økland mønstra på «Slettholmen» for å bli betre kjend med den praktiske delen av fiskerinæringa.Foto: Ask Økland

Advokat på fisketur

Nyleg var eg så heldig å få vera med «Slettholmen» på snurrevadfiske etter torsk og sei. Ikkje nok med det. Fisket var på Finnmarka. Eg har vore i Finnmark før, men Finnmark er likevel litt eksotisk for ein «søring». Få turar kan starta betre enn å fly langs norskekysten i nydeleg vêr.

Leserinnlegg
Skrevet av15. april 2018 15:37Oppdatert:
16. april 2018 15:04

Eg mønstra på i Hammerfest, og mannskapet forvissa seg om at eg ikkje hadde med korkje ryggsekk eller paraply. Sikkerheitsutstyr blei demonstrert, og eg fekk klar melding om å føla meg som heima.

Formidlingsglede

Skipper og mannskap var så gjestfrie det går an å vera, og eg blei tatt i mot på beste vis! Mange takk til reiarlag og mannskap på «Slettholmen».

Dei svarte tolmodig på alle spørsmåla mine, og det virka som om dei var oppriktig interes-serte i å formidla yrket sitt. Denne formidlingsgleda opplever eg ofte, når eg spør fiskarar om fiskeri.

Kva lærte eg såleis på ein slik tur? Eg fekk innblikk i korleis fiskarane leitar etter fisk, kor-leis fiske med snurrevad skjer, korleis fangsten blir tatt om bord, og korleis fisken blir ført på land. Eg fekk innblikk i føring av fangstdagbok, og utferding av sluttsetel. Formannen på mottaket i Tufjord viste meg òg rundt på mottaket, og eg fekk auga opp for at det stilles store krav til logistikk, for å driva eit fiskemottak.

zoomMED BLOD PÅ HENDENE: Advokat Ask Økland i Pelagisk forening i fabrikken, om bord på «Slettholmen».
MED BLOD PÅ HENDENE: Advokat Ask Økland i Pelagisk forening i fabrikken, om bord på «Slettholmen».

Skapar arbeidsplassar

På skip blir det ikkje halde møter før avgjerer blir tatt, men det var fascinerande  å sjå kor samkjørte mannskapet er, og korleis arbeidet blir gjort med eit minimum av ord. Eg trur det er fordi fiskarane er så dedikerte i yrket sitt. Fiskaryrket er ikkje «berre ein jobb», slik mange landkrabbar har det, men ein livsstil.

Det blir sagt at kvar fiskar skapar fire-fem arbeidsplassar på land, og arbeidsplassane på land blir berre fleire og fleire. Dette er arbeidsplassar i alt frå fiskemottak, leverandørindustri, orga-nisasjonar, Fiskeridirektorat, Politiet med fleire.

Det er ca. 10 000 fiskarar på blad B, og såleis 40-50 000 i fiskerirelaterte jobbar på land.

Kva kan så desse titusenvis av folk om sjø og fiskeri? Det er sjølvsagt varierande, men mange fiskarar vil nok sei «for lite».

zoomSNURRVAD: Advokat Ask Økland fekk seg nokre lærerike dagar om bord på «Slettholmen».
SNURRVAD: Advokat Ask Økland fekk seg nokre lærerike dagar om bord på «Slettholmen».

Meir enn gjennomsnittleg interessert

Sjølv jobbar eg som advokat i Pelagisk Forening, og jobbar dagleg med juridiske problem-stillingar knytt til drift av fiskefartøy. Det er alt frå fiskerireguleringar, kontraktar ved kjøp av bruk, tariffspørsmål, erstatningskrav, og straffesaker for påstått brot på fiskerilovgjeving m. m.

Eg er meir enn gjennomsnittleg maritimt interessert. Eg kjøpte min første båt då eg var ten-åring, har dykka aktivt i over 25 år, har budd eit par år i seglbåt, og har segla frå Sør-Spania til nordsida av Svalbard. Eg har òg lest nokre hyllemeter med maritim litteratur. Som fiskeriadvokat er det lovar og reglar ein jobbar med, men dagleg opplever eg at det er nyttig å ha kunnskap om båtar og fiskeri. Slik kunnskap får ein best ved å vera om bord, og ikkje bak eit skrivebord.

Mange trur at juridiske tvistar blir avgjort av spissfindig juss av skarpskodde advokatar. Som oftast er det ikkje slik. God kjennskap til faktum, og å kunne skilja ut det viktige, og presentera det på ein forståeleg måte er vel så viktig. Enten ein jobbar i byråkratiet eller i det private, er det altså særs nytting med god kunnskap om korleis fiskeri faktisk skjer.

Dagleg opplever eg at det er nyttig å ha kunnskap om båtar og fiskeri. Slik kunnskap får ein best ved å vera om bord, og ikkje bak eit skrivebord

Kunnskapen bør ikkje berre vera om korleis fiskarane får fisken om bord, men òg om fangstdagbokføring, fangstestimering m.m.

zoomVIKTIG KUNNSKAP: Det hjelper å kjenna til korleis fisket føregår, for dei som jobbar med fiskerirelaterte saker på land. 
VIKTIG KUNNSKAP: Det hjelper å kjenna til korleis fisket føregår, for dei som jobbar med fiskerirelaterte saker på land. 

Nytteverdi

Som døme kan nemnast ei sak for nokre år sidan. Ein skipper var meldt, til politiet, for å ha registert for liten fangst. For å kunne dømmast måtte skipper ha vore «aktlaus». Etter at politiadvokaten blei forklart korleis fangstestimering faktisk skjer, og kor mange usikkerheitsfaktorar det faktisk er, uttalte politiadvokaten at dette var nytt for henne, at skipperen ikkje hadde vore «aktlaus», og la bort saka. Forståing av korleis fangstestimering faktisk skjer var heilt avgjerande for at eg som advokat kunne gjera ein god jobb, og få fiskaren «av kroken».

Etter at politiadvokaten blei forklart korleis fangstestimering faktisk skjer, og kor mange usikkerheitsfaktorar det faktisk er, uttalte politiadvokaten at dette var nytt for henne, at skipperen ikkje hadde vore «aktlaus», og la bort saka.

Nytteverdien av turen var altså stor. «Frynsegodet» var ein fin tur, og bagen full av filetert heimfarfisk. No trur eg at eg veit korleis utanlandske fisketuristar føler seg på heimveg.

Det er kanskje ikkje alle som er så heldige å bli invitert med på slike turar, men viser ein initiativ og interesse, er eg viss på at det ikkje er fiskarane det står på!

For landkrabbar i fiskerinæringa er det stor nytteverdi å vera med på fiskebåtar. Nytteverdi-en er kanskje størst for dei som meiner dei ikkje treng ein tur på havet.

zoomNYTTIG:  Det er nyttig for ein landkrabbe å vera med på fiskebåt ein gong i blant. Advokat Ask Økland i Pelagisk Forening, mønstra på «Slettholm».
NYTTIG:  Det er nyttig for ein landkrabbe å vera med på fiskebåt ein gong i blant. Advokat Ask Økland i Pelagisk Forening, mønstra på «Slettholm».

God tur!

( VILKÅR )

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...

Sjømat Norge: Forskning på miljøeffekter er viktig

Leserinnlegg
21. september 2018 08:20

Forskjellsbehandling - ja, takk

Kommentar
19. september 2018 05:00

Forskjellsbehandling av kyst- og fiskerikommuner

Leserinnlegg
4 kommentarer17. september 2018 15:11

Mye vil ha mer

Kronikk
16. september 2018 12:04

Ny kunnskap om hydrogenperoksid og forventning om handling

Leserinnlegg
1 kommentar14. september 2018 13:20

En næring på ville veier

Kommentar
12. september 2018 10:13

Kystfiskarlaget: Krever øyeblikkelig stopp i kjemikaliebruk

Leserinnlegg
3 kommentarer11. september 2018 10:26

Stopp ørkenvandringen og se framover!

Leserinnlegg
9. september 2018 15:23

Frp: - Vi gir ikke opp åpning av Lofoten for oljeutvinning

Leserinnlegg
1 kommentar9. september 2018 09:29

Kan sjømatsalg over nett gi et løft?

Kommentar
8. september 2018 08:53

Kystens helikopterberedskap og forsvarsministerens tåkeprat

Leserinnlegg
1 kommentar5. september 2018 14:18

Sjømatnæringen - kjør debatt

Kommentar
5. september 2018 05:00
FASTE SKRIBENTER
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies X Lukk infoFiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...