VENTER: Kristian Æsøy, sjarkfisker frå Sogn og Fjordane, er lei av å vente på avklaring kring Hjeltneskvoten.Foto: Liv Standal, Firdaposten
VENTER: Kristian Æsøy, sjarkfisker frå Sogn og Fjordane, er lei av å vente på avklaring kring Hjeltneskvoten.Foto: Liv Standal, Firdaposten

Ope brev til Per Sandberg

Høyr no her Per Sandberg: Dette gjelder sjarkfiske, Gruppe 2, Samekvote, og kanskje mest av alt: Distriktskvoten eller Hjeltneskvoten.

Leserinnlegg
Skrevet av13. april 2018 09:06Oppdatert:
13. april 2018 10:59

For to dagar sida var eg ferdig med min Gr2 kvote. Eg hadde då ikkje bestemt meg for om eg vil ligge og vente på den såkalla Hjeltneskvoten eller om eg skal gå på sør. Eg har 9 etappar seilas frå Breivikbotn til Skorpa i Flora Kommune i Sogn og Fjordane, heimstaden min. Grovt regna 14 dagar medrekna verforhold.

zoomKristian Æsøy, sjarkfiskar frå Flora i  Sogn og Fjordane. 
Kristian Æsøy, sjarkfiskar frå Flora i  Sogn og Fjordane. 

Ventar, men veit ikkje på kva

Då eg var ferdig med Gr2 kvoten, hadde eg lyst til å ligge og sjå etter den såkalla Hjelneskvoten eller Distrktskvoten. Eg har tatt telefonar undervegs i fiskeriet, og har tatt telefonar i dag. Men i dag er det i forbanning og fortviling eg ringde Fiskeridirektoratet og Fiskeridepartementet. Etter telefonar eg har tatt i dag, vil eg sende det her skrivet til Sandberg sjølv.

Eg har fått nok av det her no. Det er gale, og langt over grensa til useriøst, det som skjer i den minste flåten og med særretter her nord.

Eg har i dag snakka med tre mottak i Finnmark som har lov å ta i mot den såkalla Hjelneskvoten eller Distrktskvoten. Ingen av dei tre mottaka kan gje meg garanti for leveranse. Eine fiskebruket sa det at dei måtte prioritere heimebåtar. Uansett så ligg eg her, og det gjer kanskje fleire med meg. Ikkje veit vi kva vi ventar på, eller kor mykje vi får fiske. Ikkje veit vi om vi får leveranse på fisken. 

Tre val

Kva er poenget med denne kvoten? Eg trudde poenget var å tilføre Finnmark noko. Men når anlegga kanskje ikkje har kapasitet til å ta imot, så stiller eg store spørsmål med heile kvoten.

Eg får nok ikkje godt nok vær til å gå på sør før tidlegast laurdag. Det her skrivet til deg, Per Sandberg, blir sendt direkte til deg på mail. Eg har fått nok av det her no. Det er gale, og langt over grensa til useriøst det som skjer i den minste flåten og med særretter her nord. 

Etter samtale med eit par fiskarar her, får du tre val frå meg. Eg forventar eit svar før helga, då andre e-postar eg har sendt til direktorat og fiskeridepartementet, er ubesvart.

  1. Trekk tilbake Hjeltnes- eller Distriktskvoten, få det inn på Gruppe 2 for å minske overfiske der.
  2. Om det ikkje er anlegg som kan ta imot denne kvoten og love oss leveranse, må du opne for at den kan leverast utanfor dette området. 
  3. Eg går på sør om eg ikkje får eit svar før helga. Men om Distriktskvoten då kjem, sender eg rekning på tapte inntekter. Eg kan ikkje ligge her i uvisse til 1. Mai. Og ikkje veit ein om ein får leveranse på fisken ein gong.

Eg ber med det om at ein vaknar opp når det gjelder regulering i sjarkflåten og den såkalla Distriktskvoten/Hjeltneskvoten. Det er ei heilt useriøs og ei meiningslaus kvote. 

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...

Skittentøyvask for vidåpne dører

Kommentar
21. april 2018 19:29

En nekrolog over oppdrettsindustriens omdømme?

Leserinnlegg
3 kommentarer20. april 2018 15:41

- På tide å diskutere GMO-regelverket

Kronikk
18. april 2018 15:43

Fiskere må sørge for å holde seg flytende

Leserinnlegg
18. april 2018 05:00

Bommer om seismikk

Leserinnlegg
3 kommentarer16. april 2018 15:05

Åpen om «hemmelig» møte

Leserinnlegg
1 kommentar16. april 2018 10:34

Advokat på fisketur

Leserinnlegg
15. april 2018 15:37

Forsker for å bedre fiskernes arbeidsmiljø

Leserinnlegg
15. april 2018 07:59

Bomskudd å innføre struktur under 11 meter

Leserinnlegg
3 kommentarer14. april 2018 13:49

Stans spredningen av snøkrabben

Leserinnlegg
12. april 2018 10:02
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00