KOMPLISERT: Kva skjer med fiskerinæringa når politikarne får styre, spør innsendarARKIVFOTO
KOMPLISERT: Kva skjer med fiskerinæringa når politikarne får styre, spør innsendarARKIVFOTO

Kva skjer når «ekspertane» får halde på med fiskeripolitikk?

Folka, i nord spesielt, er svikta og forrådt. Gje ungdommen ein sjark med gratis kvote, og bygda vil leve!

Leserinnlegg
Skrevet av24. april 2018 05:00

Lokomotivet i norsk næringsliv

I 1996 starta Kjell Inge Røkke sitt raid i Melbu, Myre i Vesterålen og Hammerfest

Dette var eit nøye planlagt oppkjøp i ei tid med dårleg torskefangst. Han skulle «redde» kystbefolkninga sitt levebrød frå endelikt. Han vart motteke med raud løpar og hornmusikk. Kystbuarane i nord hadde tiltru til Røkke som ein reddande engel og minst bror til Jesus. Han er framleis god kompis med Jens Stoltenberg. 

På den tida var Hågensen LO leiar og skålte ofte med Kjell Inge. Hågensen var ganske fritttalande og kunne sei noko slikt som: Kva Røkke og eg føretek oss, skal de gje blanke F i. «Big is beautiful « heitte det. Det politiske Norge satsa på å gjere Røkke sterk. Han skulle verte «lokomotivet» i norsk næringsliv. 

zoomAudun Hausberg (t.h) ombord på «Loyal». Tatt juli 2000. 
Audun Hausberg (t.h) ombord på «Loyal». Tatt juli 2000. 

Regjeringa lukka auga og marknadskreftene fekk styre fritt. I fri flyt og full velsigning frå styresmakter og skyhøge lovnader til kystsamfunn i nord skulle han redde kystsamfunna med garanterte leveransar og trygge arbeidsplassar. Men det gjekk ikkje lang tid før han la ned det eine fiskeværet og det andre etter for å maksimere profitten. No har han selt til Lerøy og sat igjen med 1,6 milliardar kroner netto. Røkke er ein svært dugande forretningsmann. Gjennom godt kameraderi og standhaftigheit har han fått det akkurat som han ville. Det er ikkje Kjell Inge me skal «korsfeste», det er systemet og dei som har tillatt dette som er opphavet til galskapen.

Det gjekk ikkje lang tid før han la ned det eine fiskeværet og det andre etter for å maksimere profitten

Torsken har bygd opp Norge

Fisken i havet er eigd av det norske folk i fellesskap (havfiskelova). For om lag 30 år sidan gav staten ut kvotar til fiskarane gratis (for ei lita stund) Næringa sjølv skapte sal av desse i ei fiskeri-reform utanom Stortinget, og sidan har dette vorte milliardbutikk. 

Det største ran mot folket i moderne fiskerihistorie. Fiskeriet har skapt meir verdiar enn olja har gitt i formue til no. I dei første karta over Norge, var det berre Bergen, Nidaros og Lofoten som var merka med namn, resten var uvesentleg. 

Det heitte også den øvre og ytre allmenning, der den ytre var havet og fri for alle. Enoksen frå Andøya var den einaste som var vaken på tinget då han i 2008 fekk vedtaksfesta at fisken høyrer til folket. Dette er dessverre enno ikkje grunnlovsfesta.

I dei første karta over Norge, var det berre Bergen, Nidaros og Lofoten som var merka med namn, resten var uvesentleg

Fiskerinæringa seglar med stø kurs mot neste heimehamn som er Oslo Børs, slik som oppdrettsnæringa. Kunnskapslause finansselskap vil stå i kø. Det vert digre selskap utan lokal forankring og interesse for lokalmiljøet. 

Det er med stor skam å melde at den noverande fiskeriminister heller ikkje forstår alvoret i situasjonen. Han vil gje bort enorme kvoteverdiar til fiskeri-investorar med adressa Frogner eller Ålesund som påskjønning for at dei har sabotert leveringsplikta. 

Korleis hadde bonden reagert dersom det hadde skjedd han? 

Sandberg er for busetnad i Finnmark, men han vil ha ei omstilling mot turisme, suvenir-sjapper og teknologi. Havet er for kvotebaronane og dei må få arbeidsro. Dei digre fabrikktrålarane som står for om lag 80 prosent av all fangst har full kontroll og styrer sitt imperium akkurat som det passar dei. Ved å slenge inn ca. 10 øre pr. kilo fisk til lokalbefolkninga set dei stødig kurs langt bort frå dårleg samvit.

Fiskerinæringa seglar med stø kurs mot neste heimehamn som er Oslo Børs, slik som oppdrettsnæringa

Framandgjering

Hadde Sandberg vore noko til kar, så hadde han kjempa for heimfallsrett av fiskekvotane. Kvotar skal ikkje kunna seljast, og når ein fiskar avviklar skal kvotane attende til staten, Basta! 

Og kven er staten? Det er dei personane som er tilsett for å vareta folkets behov. Dei er våre tenarar som skal stå i «giv akt» når me entrar deira kontor.

Oppi det heile kjem oppdrettsnæringa med sine «laks i merden» (les «svin på skogen») De minnast sikkert Fredriksen som i forbanning tok heile sin formue til Kypros. I dag har han sitt største skatteparadis i Kvænangen og betalar ca. 20 tusen kroner til kommunen. Havbruk er den nye olja seier dei. Men olja derimot har faktisk gitt store verdiar til fellesskapet.

Torsken er ingen tosk. Den har ein formidabel luktesans. Den luktar drit på milevis avstand og med sin gode forstand legg den ikkje egga sine i det området. Og dei områda er det mange av. Snart er alle fjordar befengt med den driten. Kysttorsken er no på raud liste nettopp fordi den ikkje lenger finn eigna gyteplass i fjordane.

Kysttorsken er no på raud liste nettopp fordi den ikkje lenger finn eigna gyteplass i fjordane

Eg har inntrykk av at folk er blitt framandgjort i dette landet når det gjeld ressursar. Fiskeripolitikk er så vanskeleg at det får «ekspertane» halde på med. Det er ein tankevekkjar at berre ein generasjon har klart å skape eit fåtal kvotebaronar som forvaltar havressursene som sin eigen private eigedom. Du får sjølv vurdere om dette er viktig å kjempe for eller om me skal fortsette å la «ekspertane» styre.

Eg meiner bestemt at me treng levande bygder og kystsamfunn godt forankra i klokskap og harmoni.

Fiskeridepartementet har fått anledning til å kommentere innlegget.

( VILKÅR )

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...

Juks eller krim?

Kronikk
21. juli 2018 16:00

Levendefangst og levendelagring er framtiden

Kommentar
1 kommentar19. juli 2018 12:18

Hva er fiskekriminalitet?

Leserinnlegg
3 kommentarer18. juli 2018 17:00

På grillen: Tilapi...kva?!

Kommentar
1 kommentar18. juli 2018 13:19

Tid for en god prosess

Leserinnlegg
16. juli 2018 11:30

Må vi tenke nytt om bærekraft?

Kommentar
1 kommentar14. juli 2018 10:37

Hvorfor går det så tregt med lukka anlegg?

Leserinnlegg
3 kommentarer13. juli 2018 18:50

- Sjømatrådets arbeid viser resultater

Kommentar
12. juli 2018 20:38

Mr «No Fish» til minne

Kommentar
11. juli 2018 13:38

- Ingen vet egentlig om fiskerinæringen er lovlydig

Leserinnlegg
1 kommentar11. juli 2018 09:49

Slipp kvinnene til i organisasjonsarbeidet

Kommentar
11. juli 2018 07:00

Klippfisk og brassespark

Leserinnlegg
1 kommentar9. juli 2018 21:00

Kamp om penger

Kommentar
8. juli 2018 18:40
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies Fiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...