DEN NYE OLJEN:  Er kunst den nye oljen, som skal være bærebjelken i norsk økonomi i framtiden? Neppe, mener skribent Knut Arne Høyvik.Foto: Kristine Nyborg
DEN NYE OLJEN:  Er kunst den nye oljen, som skal være bærebjelken i norsk økonomi i framtiden? Neppe, mener skribent Knut Arne Høyvik.Foto: Kristine Nyborg

Hvem er den nye oljen?

Dersom du gjer eit søk på Google med søkeorda «den nye oljen» får du nesten 1,8 millionar treff. Det er ikkje måte på kor mange som står fram på vegner av sin næring, eller sin bransje, og fortel at dei er den nye oljen. Det er dei som skal erstatte dei store oljeinntektene, når oljebrønnane er tørr

Leserinnlegg
Skrevet av21. mars 2018 11:30

Det toppa seg, då styreleiar i Nasjonalmuseet Linda Bernander Silseth, stod fram i Aftenposten, og hevda at kunst er den nye oljen. Det er tøv, men alle som kjem med denne bodskapen, får nokre minutt i rampelyset.

- Bybanen er den nye oljen

Her er eit lite utval av overskrifter; Digitalisering er den nye oljen, IT- bransjen er den nye oljen, Bybanen er den nye oljen( du las rett), litium er den nye oljen, algar og plankton er den nye oljen, reiseliv er den nye oljen, etterutdanning er den nye oljen, og sjømat er den nye oljen.

Representantar for sjømatnæringa har lenge hevda at deira næring skal overta etter oljen.

Det er positivt å ha visjonar om eiga næring, det kan føre til framsteg. Etter å ha brukt mesteparten av mitt liv i denne næringa, skulle eg sjølvsagt ha delteke i dette hallelujakoret. Når eg ikkje gjer det, er det fordi det er urealistisk å tru at sjømatnæringa skal greie å skape like store økonomiske verdiar, som olje og gass.

Realisme blir av og til forveksla med pessimisme, vi har nemleg vore uvanleg flinke her i landet til å hause opp ting, kanskje er det eit slags oljesyndrom. Eg har ein sterk mistanke om at seminar og konferansar, er stadar der nøktern realisme, blir gøymt bak fargerike lysbilete på veggane.

Det er urealistisk å tru at sjømatnæringa skal greie å skape like store økonomiske verdiar, som olje og gass

Men tilbake til oljen: I 2015 hadde fallet i oljeprisen slått inn, likevel eksporterte vi olje og gass for ufattelege 450 milliardar kroner, det året. I 2017 eksporterte Norge sjømat for 94,5 milliardar kroner, det er den største eksportverdien nokon gong. 

Femdobling av eksportverdien

Det er lett å rekne ut at om sjømat skal overta etter oljen, må vi femdoble eksportverdien av sjømat. Mange meiner at det er fullt mogleg, og fiskeriministeren snakkar om «fem gangen», og støttar seg på ei studie frå SINTEF. Det er mykje folk på jorda, og det kan godt hende at det er mogleg å selje så store kvantum med sjømat. Men det er naturen som set grenser, meir enn marknaden. 

I dei tradisjonelle fiskeria, er det kvotene som regulerer uttaket frå havet. Ein eventuell verdiauke må hentast frå nye artar og biprodukt, så langt har det vore ein tung veg å gå.

Oppdrettsnæringa har hatt ein enorm vekst, og har potensiale til vidare vekst. Men vi ser at naturen protesterer, næringa har ikkje hatt volumvekst dei siste åra, grunna store problem med lakselus. Vi ser også at tilgangen på marint fôr er avgrensa, og at laksen et meir og meir plantefôr, som soya, solsikke og raps Dersom den utviklinga held fram, vil innhaldet av Omega 3 i laksen naturleg nok bli ytterlegare redusert.

Vi ser at naturen protesterer, næringa har ikkje hatt volumvekst dei siste åra, grunna store problem med lakselus

Den elleville veksten som mange spår, har mange bremseklossar. Grunnen til at mange ropar ut til folket, at dei er den nye oljen, er vel at ein vil ha merksemd, både frå media, og frå styremaktene. Men dei store inntektene frå olje -og gass får vi nok berre ein gang i vårt lands historie, og vi er blitt økonomisk fartsblinde.

Vi må utvikle mange nye næringar, for å kompensere for bortfallet av inntektene frå olje- og gass. Sjømat vil vere svært viktig, men då må vi også passe dei sårbare gytefelta, og skjerme dei for oljeverksemd. Men vi bør ikkje slutte å utvinne olje og gass, der fiskeri og olje kan leve side om side. Vi kan ikkje slå av ein brytar, og slå på ein ny, slik miljørørsla hevdar. Det er inntektene og teknologien frå oljenæringa, som kan gjere oss i stand til å byggje opp alternative næringar, og det vil ta tid. Så lenge det lever ei myte om at ei spesifikk næring kan erstatte dei store olje -og gassinntektene, undervurderer vi den jobben som må gjerast i åra som kjem. Vi veit lite om framtida, men eg kjenner meg likevel sikker på, at det ikkje er kunst, vi skal leve av i framtida.

Ha ein realistisk dag!

Dette innlegget har også blitt publisert på Vestlandsnytt

( VILKÅR )

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...

- Samspill gjør oss gode!

Kommentar
18. april 2019 12:14

Tekfisk har bursdag!

Kommentar
18. april 2019 09:00

Here Be Monsters! Trusler mot havets helse

Kommentar
17. april 2019 11:30

Sjømat Norge: Klart vi kan vokse

Leserinnlegg
16. april 2019 16:08
FASTE SKRIBENTER
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies X Lukk infoFiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...