KrF vil stoppe oljeboring utanfor Møre

Redaksjonen
12. mars 2018 10:06

I januar blei det klart at regjeringa har tildelt 75 utvinningsløyver til oljeselskapa, deriblant blokker utanfor Mørefeltet, som ligg ti kilometer utanfor øyane Smøla, Frøya og Hitra. Dette er det viktigaste gyteområda for fleire fiskeslag. KrF vil no ha ei ny politisk runde på dette, melder NRK Møre og Romsdal.

- Vi kjem til å sende eit skriftleg spørsmål til olje- og energiministeren, der vi utfordrar han på dette, seier stortingsrepresentant Steinar Reiten (KrF) som er bekymra for oppdrettsnæringa i området.

KrF har programfesta at dei er imot oljeleiting i området. Reiten reagerer på at regjeringa opna opp for oljeverksemd berre to dagar etter at Jeløya-plattforma slo fast at Mørefelta like ved skulle vere freda. I plattforma bestemte regjeringa at Lofoten, Vesterålen og Senja ikkje skal greiast ut i den noverande stortingsperioden, som går frå 2017 til 2021.

( VILKÅR )
DEL SAKEN

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00