GIGANTISK EKSPERIMENT: Det vert fiska mykje leppefisk langs kysten. Det er eit gigantisk eksperiment, meiner Svein Ingvald Opdal i MDG. ARKIVFOTO
GIGANTISK EKSPERIMENT: Det vert fiska mykje leppefisk langs kysten. Det er eit gigantisk eksperiment, meiner Svein Ingvald Opdal i MDG. ARKIVFOTO

Leppefisken sin skjebne i fjordane våre

Bruk av vill leppefisk som rensefisk i oppdrettsanlegg er eit gigantisk eksperiment som vi ikkje kjenner den fulle konsekvens av.

Leserinnlegg
Skrevet av7. mars 2018 05:00

For ei tid tilbake ringde ein ven frå mange år attende til meg. Heile livet hadde han levd av fisket, han var ingen hobbyfiskar slik som meg. No var han bekymra for det omfattande fiske etter leppefisk i strandsona; berggylte, grøngylte og bergnebb elle «gandaråta» som vi sa på Tysnes. 

Frakta kysten rundt

Han hadde registrert at det kom fiskebåtar som sette teiner, fyrst ein med eit sett og så ein ny båt med nytt sett. Slik held det på i fire-fem rundar. Småfisken vart borte etter kvart.

Eg har registrert dei same hendingane og dei same konsekvensane. Det er fiske etter leppefisk for bruk mot lakselus i oppdrettsanlegga. Årleg vert det teke opp 21 millionar leppefisk langs kysten frå Sverige og oppover til ein verdi av 200 millionar kroner til fiskarane. Den levande fisken vert frakta kysten rundt til ulike anlegg. I over 40 år har oppdrettsindustrien kjempa mot lakselus utan å lukkast. Det har vore brukt medikament, hydrogenperoksid, varmtvatn, laser og trykkspyling for å nemna noko. Konsekvensane er lakselus som utviklar resistens og vert immune mot behandlingane. No er det leppefisken som i tillegg skal fjerna lakselusa.

Leppefiskane lever i strandsona der dei et krepsdyr, kråkebollar, sniglar og parasittar på anna fisk. Dei er viktig mat for torsk, lyr, sei og fuglar. Forskarane seier leppefisken kan leva opp til 20 år og den held seg i same området mesteparten av livet. Fisket er regulert i tid, men ikkje i mengd og det har ti-dobla seg sidan 2008.

Fisket er regulert i tid, men ikkje i mengd og det har ti-dobla seg sidan 2008

Kva med fiskevelferd?

I anlegga lever fisken frå 3 til 6 månader. Ein tredjedel døyr truleg av sjukdom og stress, resten kan oppdrettsindustrien ikkje gjera greie for. Vi kan med god grunn spørja kva dette har med fiskevelferd å gjera. 400 millionar oppdrettsfisk i opne anlegg produser årleg 140 millionar vaksne holus. Oppdrettsindustrien har sjølv skapt denne situasjonen og det er uforståeleg at det årleg skal ofrast 21 millionar leppefisk for å løysa problemet. Og det er vi, fjorden og naturen som haustar konsekvensane av dette eksperimentet. Løysinga ligg i dagen ved bruk av lukka anlegg. Tida er overmoden for eit anna driftsregime i oppdrettsindustrien om den skal ha noko framtid i Noreg.

Det er all grunn til å lytta til min fiskarven, han kjenner sjøen og livet der betre enn dei fleste av oss.

( VILKÅR )

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...

Takk minister, blir dei andre med?

Leserinnlegg
11. desember 2018 17:33

- Kan Repparfjorden reddes?

Leserinnlegg
1 kommentar10. desember 2018 10:43

Ny lov kan true livets opphav

Kommentar
8. desember 2018 10:38

- Vi trenger jevnere loddefiske

Kommentar
3 kommentarer7. desember 2018 19:06

- Fiskarlaget Nord aldri har hevdet at noen har opptrådt uredelig

Leserinnlegg
2 kommentarer6. desember 2018 13:03

Usikret hvalturisme

Kommentar
6. desember 2018 10:56

Europeere har sagt sitt om norsk laks

Leserinnlegg
1 kommentar6. desember 2018 09:59

Ja til ordnede forhold i fiskeflåten

Leserinnlegg
2 kommentarer6. desember 2018 07:44

«Du må ikke sove»

Leserinnlegg
4. desember 2018 08:23

Standal svarer Meløysund

Leserinnlegg
3. desember 2018 15:49

Fôr og lus koster penger

Kommentar
1 kommentar3. desember 2018 13:37

- Den norske fiskerstatusen undergraves

Kommentar
2 kommentarer1. desember 2018 14:06
FASTE SKRIBENTER
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies X Lukk infoFiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...