FATT MOT: Selveste vårtegnet i Norge - hestehoven kommer snart struttende fram et sted nært deg!Foto: Colourbox
FATT MOT: Selveste vårtegnet i Norge - hestehoven kommer snart struttende fram et sted nært deg!Foto: Colourbox

Øystein Sandøys ode til våren

Våren står for døra. Å, du herlege, skjønne periode av året, sjølve dronninga av årstider!

Kommentar
Skrevet av6. mars 2018 13:41

Gje meg ein ekstra vår, og eg forsakar utan å blunke sommaren. Denne tida då kulden og snøen slepp taket, markene blir grøne og bjørka sprett ut. Vi pakkar vekk varmedressen og vottane, og legg T-skjorta og shortsen klar til seinare bruk. Vi senkar skuldrane etter ein lang, hektisk og vonaleg vellukka vinter på sjøen. Eg helsar deg, du Gudsvelsigna vår, som gjev oss stadig lengre og lysare dagar!

zoomØystein Sandøy, fiskebåtreiar frå Måløy 
Øystein Sandøy, fiskebåtreiar frå Måløy 

Det skal ikkje stor fantasi til for hermed å ha fått med seg at våren er mi desiderte favoritt-årstid. Våren er dei store forventningane si tid, då vi alle ristar av oss mørketid, kulde, evt. tungsinn, snøskuffer og piggdekk, og lyfter blikket mot den lyse og varme delen av året. Sommaren er så si sak. Har sol og varme fyrste prioritet, så kan vi stikke inn på nærmaste reisebyrå og få det for nokre tusenlappar. Men den norske våren kan ikkje kjøpast!

Våren er dei store forventningane si tid, då vi alle ristar av oss mørketid

Vinteren er den mest hektiske tida i fiskeria. Sesongen må utnyttast til fulle. Torsken er i Lofoten, NVG-silda er under land, storsei i høvelege mengder kan fåast i garn og trål, og kolmule og lodde er tilgjengeleg. Alle hjul i alle maskineri går for fullt. Ryggane er krumme og hendene travle både på sjø og land. Den norske sjømatnæringa viser seg frå si beste side. Men så lir det godt ut i mars, ryggane rettar seg litt, og enkelte dristar seg opp til skipparen og spør forsiktig korleis ein ligg an med omsyn til klingande mynt. Skipparen er i perlehumør over det gode fisket og det fine veret, og veit at vinteren har lagt eit godt grunnlag for resten av driftsåret: «Ta det berre med ro, farr! Vi skal nok klare å halde skattefuten, namsmannen og inkassobyrået unna dørene denne gongen og».

Slik vil det vonaleg bli oppsummert over heile fjøla når Dronning Vår kjem i oppvarminga - bokstaveleg tala - til tre månaders innsats. Humøret har ein eigen hang til å legge seg godt opp på øverste del av skalaen når vinteren er unnagjort, sola står stadig høgare og ein kan logge seg inn på nettbanken med nokolunde normal ansiktsfarge.

No er det dessverre ikkje alltid slik. Kanskje har vintersesongen gitt eit resultat langt under pari. Fisken har ikkje vore til stades i forventa mengder, prisane har gitt oss stygge skot i baugen, og Vårherre har overlete styringa av veret til ein viss horn- og halepryda krabat nede i kjellaren. Aktørane i sjømatnæringa har opplevd dette fleire gonger enn dei likar å hugse. Både på sjø og land. Men likevel: Sei at vi er litt ut i mai, på veg til lands etter ein tur vestafor som har gitt nok fisk til at ein heller laber vinter er i ferd med å rettast opp, så blir konklusjonen:  «Jaja! Vi tapte eit slag i vinter, men krigen er ikkje over før til jul. Gjett kven som då skal stå som sigerherrar». 

Er det då i tillegg eit lite vinddrag frå aust og litt regntjukke, så kan ein kjenne den herlege dufta av bjørk i fullt flor langt til havs. Grøne marker openberrar seg, og kona tek i mot oss på kaia heime iført den nye sommarkjolen som skal prøvast litt før tida. Då veit vi at våren er over oss i all si prakt, humøret stig til astronomiske høgder, og ein lang og traurig vinter blir parkert der han høyrer heime: I gløymeboka!

Friskt mot, Antonius, og velkomen skal du vere, min store, store yndling blant årstidene!

( VILKÅR )

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...

Skarpere lut mot fiskesmugling

Kronikk
16. juni 2019 20:06

Stabile, eller høyere torskepriser i vente

Leserinnlegg
16. juni 2019 19:02

Vinn-vinn om vi stopper lodde-jojo

Kommentar
3 kommentarer16. juni 2019 13:02

Der biologi møter ny teknologi

Kommentar
16. juni 2019 09:22
FASTE SKRIBENTER
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies X Lukk infoFiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...