PLASTTRÅLING: Fiskeflåten er best egna til å tråle etter plast, meiner Pelagisk Forening. På bildet er over 30 plastposar og store mengder mikroplast som blei henta ut av magesekken til den sjuke og avliva gåsenebbkvalen som stranda på Sotra utanfor Bergen i fjor vinter.Foto: Christoph Noever/Universitetet i Bergen
PLASTTRÅLING: Fiskeflåten er best egna til å tråle etter plast, meiner Pelagisk Forening. På bildet er over 30 plastposar og store mengder mikroplast som blei henta ut av magesekken til den sjuke og avliva gåsenebbkvalen som stranda på Sotra utanfor Bergen i fjor vinter.Foto: Christoph Noever/Universitetet i Bergen

Fiskebåtar er best egna til å tråla etter plast

Dersom det skal trålast etter plast, er fiskefartøy mykje betre egna enn offshorefartøy, skriv Ask Økland i Pelagisk Forening

Leserinnlegg
Skrevet av13. februar 2018 05:00

I ei reportasje i Dagens Næringsliv 5. februar skriv avisa at fleirtalet i Stortinget vil pålegga regjeringa å finna ut korleis ledige offshorefartøy kan bli «plasttrålere». Det vil seie brukast til å samla plast i havet. Ikkje uventa er offshorereiarlag positive, så lenge dei får betaling.

Få plasten opp frå havet

8. februar skriv Dagens Næringsliv at miljøorganisasjonen WWF slaktar forslaget, og havrådgjevar Fredrik Myhre i WWF uttalar at «Prioriteringsrekkefølgen er gal, og antageligvis skadelig.» Myhre uttalar òg at det er feil at det finnest hele «søppeløyer» med sterk konsentrasjon av plastavfall i dei store straumkvervlane i havet. Om dette er mindre plast i havet enn ein har trudd, er det gledeleg.

Om tråling etter plast er klokt eller ikkje, er miljøorganisasjonane og havforskarane dei beste til å vurdera. Det bør vera eit mål å få redusert plastmengda i havet, så raskt, rimeleg, miljøvennleg og trygt som mogleg. Kort sagt så reint hav så raskt som mogeleg per krona. Det trengst sjølvsagt ei rekke tiltak, og alle er vel einige i at det er viktig både å stoppa ytterlegare forureining, og å få mest mogeleg plast opp frå havet.

Fiskebåtane treng ikkje større ombyggingar, slik som offshoreflåten. Fiskefartøy har òg rom for oppbevaring av plasten

Best egna

Om tråling etter plast er hensiktsmessig, er neppe offshorefartøy best egna. I Noreg er det ein topp moderne flåte med havgåande fiskefartøy. På grunn av sesongvariasjonar og størrelsen på kvotane, er det slik at dei fleste av desse fiskebåtane fiskar cirka halve året. Resten av året ligg båtane til kai.

Dersom det skal trålast etter plast er fiskefartøy mykje betre egna enn offshorefartøy. Mange fiskefartøy er utrusta for tråling. Fiskebåtane treng ikkje større ombyggingar, slik som offshoreflåten. Fiskefartøy har òg rom for oppbevaring av plasten. Slik sett er fiskebåtar best egna for oppgåva.

Å fiska er òg truleg det farlegaste yrket i Noreg, og yrket er farleg enten det er fisk eller plast i trålen. Offshoreflåten er bemanna med gode sjøfolk, men fleirtalet har ikkje den trålerfaringa fiskarane har. Det medfører større fare for personulykker.

Dersom det skal trålast etter plast er fiskebåtar beste egna, og fiskarane er klare til å ta tak.

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...

Havets hvite og svarte gull passer ikke sammen

Leserinnlegg
21. februar 2018 12:01

Suksesshistorien kongekrabbe har en bakside

Kommentar
1 kommentar21. februar 2018 05:00

18.888 euro for å åpne gavepakke

Kommentar
2 kommentarer20. februar 2018 17:30

Uakseptable kutt i hurtigbåt- og fergetilbud

Leserinnlegg
20. februar 2018 05:00

Hvilken rolle skal fisken spille?

Kommentar
2 kommentarer18. februar 2018 18:32

- Veksten i oppdrettsnæringen må inn i lukkede anlegg

Leserinnlegg
6 kommentarer17. februar 2018 14:35

- Kvaliteten på norsk torskefisk må heves

Leserinnlegg
2 kommentarer16. februar 2018 05:00

Hvor ble det av Audun Maråk i «Sildesaken»?

Leserinnlegg
15. februar 2018 19:16

- Fiskebåt slutter ikke å stille krav

Leserinnlegg
1 kommentar15. februar 2018 19:16

Forskningsdirektør: Det står ganske bra til med fiskebestandene

Kommentar
2 kommentarer14. februar 2018 05:00

Brev til Elvestuen: Bores det her settes Lofoten i stor fare

Leserinnlegg
1 kommentar13. februar 2018 11:47

Hva med litt ekstra markedsinnsats, Sjømatrådet?

Kommentar
1 kommentar11. februar 2018 19:23

Frykter nytt, stort avfallsdeponi

Leserinnlegg
1 kommentar11. februar 2018 17:48
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00