Annonse

Temperaturauke gjer at botndyr i Barentshavet trekkjer nordover

Annonse
Teknologi
Redaksjonen

9. januar 2018 13:44

Oppdatert: 9. januar 2018 13:50

- Vi ser tydeleg at dei arktiske botndyra er på flyttefot nordover, og at meir varmekjære artar er på veg inn i områda som tidlegare var dominert av artar som likar kaldare vatn. I fleire år har det vore registrert rekordhøge vasstemperaturar, og desse er noko av grunnen til endringane som vi no ser, fortel Lis Lindal Jørgensen, forskar ved Havforskingsinstituttet.

Jørgensen har studert dyra som lev på og i havbotnen i Barentshavet over mange år. Dyra er forutan ein auke i vasstemperatur, utsett for press både frå botntråling og som mat for snøkrabbe, melder Havforskingsinstituttet.

- Vi ser at dei litt større dyra som står oppreist frå botnen vert hardt råka av botntrål, når trålutstyret vert dratt bortover botnen vert dyra tatt, brekte ned og skada eller drepne. Samstundes er snøkrabben som et dei mindre dyra som ikkje vert råka av tråling på veg inn i desse områda, seier Jørgensen.

Det er heile dyresamfunn, og ikkje er berre enkeltartar som er i endring.

- Eit dyresamfunn består av fleire ulike artar. Kva artar vi finn i eit samfunn er avhengig av kvar i Barentshavet vi er. Langt nord er det hovudsakleg arktiske artar, medan artane i sør er tilpassa varmare vatn. Gjennom undersøkingane vi har gjort, kan vi tydeleg sjå at samfunnet som er dominert av arktiske artar no lever lenger nord enn tidlegare, seier Jørgensen.

Dersom temperaturen i havet stig, kan isdekket nord for Svalbard bli borte. Også dyrelivet på botnen vert påverka av høgare temperatur, og dei arktiske dyra har trekt lenger nord for å kunne leve i den låge temperaturen dei er tilpassa.

Forskarane  undersøker kva klimaendringene har å seie for økosystemet som heilskap.

- Fisk som torsk og lodde trekk nordover, og vi har observert opp til 12 blåkval på ein dag i iskanten nord for Svalbard, fortel Jørgensen. 

Annonse
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Sentralbord
55 21 33 00