Dei gjer seg aldri hos Eide Fjordbruk

Orkan, flaum, konsesjons-nei eller sjukdom. Ingenting skal få Knut Frode Eide til å gje seg.

Havbruk
Kjersti Kvile
Telefon 55 30 22 33
Mobil 415 00 757
16. januar 2018 20:00

- Dette betyr mykje. Ei stor ære, seier Knut Frode Eide. 

Rundt han sit kona Randi og sønene Sondre (28) og Erlend (25). Utanfor lokala her i Hålandsdalen i Fusa kommune driv smolten på. Litt lenger sør i saltare vatn veks laksen.

Over 30 år har gått sidan han gjekk inn i faren Knut Johans firma. Frå den spede starten med smolt- og regnbogeproduksjon, er det no ei milliardbedrift som har utsikt over Skogseidvatnet.

Knut Frode Eide

  • 58 år
  • Gift med Randi Herre Eide
  • Fire born, Sondre (28), Erlend (25), Karoline (18) og Bjørg Marit (11)
  • Eide Fjordbruk har hovudkontor i Hålandsdalen i Fusa kommune i Hordaland.
  • Der ligg også smoltanlegget på garden som har vore i familien sidan 1600-talet.
  • Selskapet har åtte matfiskkonsesjonar og ein fou-konsesjon.
  • 35 faste tilsette.
  • Til våren kjem det bok om Eide Fjordbruk ført i pennen av lokalhistorikar og forfattar Ella Marie Vangsnes.

Knut Frode i tårnet

Her er altså årets namn i sjømatnæringa 2017, oppe i «tårnet» dei bygde då dei pussa opp og bygde om kontorlokala etter flaumen i 2014. 

Det er liksom Knut Frode sin plass det. Det minner han om boretårnet i Nordsjøen i 1980-åra.

I kjellaren er det treningsrom dei kallar Eide Fitfish, og dei jobbar for å få på plass kontrollrommet rett ved sidan av. Det skal gje dei oversikt over det meste som skjer med fisken ute på dei åtte lokalitetane i Hardangerfjorden og Nordhordland.

Men det var slett ikkje her dei starta.

zoomHEIDRA: Knut Frode Eide, dagleg leiar i Eide Fjordbruk er årets namn i sjømatnæringa 2017. Mitt liv har vore å byggje opp ei milliardbedrift. Og det har med greidd, seier han.<span>Foto: Kjersti Kvile</span>
HEIDRA: Knut Frode Eide, dagleg leiar i Eide Fjordbruk er årets namn i sjømatnæringa 2017. Mitt liv har vore å byggje opp ei milliardbedrift. Og det har med greidd, seier han.Foto: Kjersti Kvile

Frå jord, via vatn, til sjø

Besteforeldra til Knut Frode starta som gardbrukarar på Luren i 1917. Faren Knut Johan Eide begynte med smoltproduksjon og regnbogeaure i ferskvatn i 1970-åra. Knut Frode sjølv tok steget over i sjø.

Omsetjinga var 902.000 kroner då han slutta i Nordsjøen i 1984. I dag er ho på over 700 millionar kroner.

Knut Frode var aldri i tvil om han skulle gå inn i familieselskapet. Det var ein sjanse han ikkje kunne la gå frå seg. Dermed forlét han oljebransjen etter fem år, i 1984, midt i boomen. Tantene meinte han var galen som ofra noko så solid og sikkert.

- Men det viste seg at det var rett. Timinga var riktig, seier han. 

Artikkelen held fram under bileta.

zoomUNGE DAGAR: Dette biletet er frå då Knut Frode Eide jobba i Nordsjøen i 1980-åra. I friperiodane var han heime og jobba med smolten i Skogseidvatnet. 
UNGE DAGAR: Dette biletet er frå då Knut Frode Eide jobba i Nordsjøen i 1980-åra. I friperiodane var han heime og jobba med smolten i Skogseidvatnet. 
zoomSTARTEN: Dei fyrste merdane i Skogseidvatnet, der Knut Johan Eide starta med oppdrett av regnbogeaure tidleg på 1970-talet. 
STARTEN: Dei fyrste merdane i Skogseidvatnet, der Knut Johan Eide starta med oppdrett av regnbogeaure tidleg på 1970-talet. 

Tett på drifta

Rett nok var det ti fyrste åra prega av det familien kallar «pengabyte», altså fint lite i pluss. I starten jobba Knut Frode nær sagt som ein einmannsbedrift. Det var ikkje mykje pengar til å tilsette folk. Det vart litt rovdrift, innrømmer oppdrettaren i dag.

Men det har og gjort at han er «hands on». I mange år starta han dagen med frukost ute på anlegga saman med dei tilsette for å høyre korleis det gjekk, kva som skulle til.

Vegen har aldri vore lang opp til leiinga, seier dei tilsette sjølve.

Knut Frode har fått til ting kjapt. Om det så har betydd at han må ta ein telefon klokka halv tolv på kvelden eller køyre ut og banke på ei dør, har han fått det til. Skal ein drive eit oppdrettsselskap må ein vere litt sta. 

zoomGIR ATTENDE: «Da viktigaste er å ha det gøy», står det med gule bokstavar i eit av møteromma til Eide Fjordbruk. Det er eit av mange gode livsmotto til Knut Frode Eide og sonen Sondre. 
GIR ATTENDE: «Da viktigaste er å ha det gøy», står det med gule bokstavar i eit av møteromma til Eide Fjordbruk. Det er eit av mange gode livsmotto til Knut Frode Eide og sonen Sondre. 

Livets mange sider

Så har livet bydd på utfordringar, ikkje berre i oppdrettet med sjukdommar, lus og rømming, men òg på privaten. Dei siste åtte åra har Knut Frode vore kreftsjuk. 

- Det fyrste slaget kom i 1999 då me fekk ei sterkt multihandikappa dotter. Allereie då fekk me sjå at livet har forskjellige ., seier Randi og leiter litt etter orda.

- To sider, fullfører mannen hennar. 

- Ja, minst. 

Den eine dagen var dei den største skattytaren i kommunen. Den neste var det dei sjølve som måtte be om hjelp. 

 - Det har sikkert gjort noko med oss det òg. Me gjer oss ikkje. Og sånn er livet. Du kan ikkje legge deg ned og synest synd på deg sjølv. Du må berre gjere det beste ut av det, seier Randi.

Må leve med problema

Knut Frode fekk diagnosen i 2010. Når Fiskeribladet møter familien, har dei kome heim frå Rikshospitalet seint på natta. Knut Frode fortel at han er kjenslevar. Kroppen er full av steroid. Dei siste åra har vore tunge. 

- Men eg trur det er viktig for gutane at dei har lært litt. At pappaen ikkje gjer seg så lett, seier Knut Frode.

Å leggje seg ned og synest synd på seg sjølv, er ikkje aktuelt for nokon av dei.

- Me har det ganske godt. Me må leve med dei problema me har og fikse dei. Det er ikkje verre enn det. Det sånn med oppdrett òg. Det er mange utfordringar, men du kan ikkje sitje der og synest synd på deg sjølv for at du har mista mykje fisk. Du må fikse det. Du må rette deg opp i ryggen og gjere noko med det, seier Sondre.

Ingenting uprøvd

Familien har forsøkt det meste. I sommar var dei i USA. I haust var det London. Dei har snakka med nokre av de beste legane i verda. Ingenting skal vere uprøvd.

- Når du har ein pistol mot tinningen, har du ingenting å tape, seier Sondre.

Dei kjenner dei er heldige som har pengane til å ta opp kampen mot sjukdommen.

-Det må vere det verste, om du veit at det finst noko som kan fungere, og så har du ikkje midlar til å prøve det. Det må vere forferdeleg, seier eldstesonen.

Og med det håper dei at deira kamp og kan vere med på å hjelpe andre med same sjeldne sjukdom. 

zoomGODT TEAM: Vegen lang har vore lang og kronglete. Ein familiedreven oppdrettsbedrift er ein livsstil, fortel Randi Herre Eide og Knut Frode Eide. 
GODT TEAM: Vegen lang har vore lang og kronglete. Ein familiedreven oppdrettsbedrift er ein livsstil, fortel Randi Herre Eide og Knut Frode Eide. 

Pappaen Knut Frode

- Han er ein veldig energisk type. Han gjer seg aldri. Du har eit mål og går til du når det målet, seier Sondre om faren.

Om det skjer i morgon eller om fem år, er ikkje så viktig.

Rettssaka mot staten er eit godt døme på det. Det var ikkje alle som trudde det var nokon vits å anke på statens avslag på laksekonsesjonar, men familien Eide gav ikkje opp.

Etter vel sju år, vart det endeleg suksess våren 2016: Fire nye matfiskløyve. 

- Det har hatt enorm betydning. Eg tippar ein halv milliard, seier Knut Frode.

På to år har dei dobla produksjonen, og i 2017 slakta dei om lag 14.200 tonn rund laks.

- Det er veldig kjekt sidan me har to gutar som er interesserte, at du føler at du har ein solid bedrift du kan overlate til dei. Du må vel ha ein viss storleik for å drive i dag, seier Randi. 

zoomTIDLEG KRØKJAST: Sondre Eide fôrar fisk saman med veslebror Erlend Eide i Eidestøa i cirka 1994.
TIDLEG KRØKJAST: Sondre Eide fôrar fisk saman med veslebror Erlend Eide i Eidestøa i cirka 1994.

Slit med det meste

Ein heil haug av folk kjem innom intervjuet her i tårnet denne ettermiddagen. Spør eg om nokre tal, vert økonomisjef Christoffer Marøy ropt etter. Produksjonssjefen kjem òg innom, drifts- og personalsjefen likeins.

2016 var eit kanonår, 2017 endå betre. 2018 ser òg ut til å bli knall, slår Sondre fast.

Ikkje alle lokalitetane går like godt. Dei slit med både pd og lus, vedgår dei.

- Me slit med det meste, men det går bra uansett, seier Knut Frode.

Dei ler.

- Det er viktig å ha gode folk rundt seg i tøffe situasjonar. Selskapet gjer det jo bra. Det betyr at me har flinke folk som gjer den jobben som pappen og mammo har gjort i mange år, seier Sondre. 

zoomFAR OG SON: Gründer Knut Johan Eide og andregenerasjon Knut Frode Eide.
FAR OG SON: Gründer Knut Johan Eide og andregenerasjon Knut Frode Eide.

På så lenge han er vaken

Ein av desse gode folka er Dag Inge Eikrem. Han har jobba for familien i 20 år, fyrst som driftsleiar, no som røktar. 

- Det er ein fortent seier. Han er ein konkurransemann og ein stå-på-mann. Han fortener å få litt heider og ære, seier han og meiner Knut Frode har vore ein fantastisk sjef. 

Medan Eikrem jobba som driftsleiar var Knut Frode på tråden kvar kveld mellom 21 og 23.

- Han er på så lenge han er vaken, seier Eikrem.

På merdkanten

Dagen etter får me ein tur ut på sjøen. Knut Frode er for dårleg til å vere med i felt, men så var det alle desse gode folka dei har med seg som heller ikkje seier nei til ein bladfyk. 

På veg ut passerer ein også anlegg til Tombre og Lingalaks. Merdane ligg på rad og rekke her i Hardangerfjorden.

Denne dagen er dei nett ferdig med eit møte for å planleggje avlusinga veka etter. Det er nesten fem månader sidan sist. 

zoomNØGDE TILSETTE: Røktar Oddvar Enæs (t.v.) og driftsleiar Jostein Haukenes trivst på jobb. - Han er ei fredsdue. Han skaper ikkje krangel, sjølv om han veit korleis han vil ha det, seier Oddvar.
NØGDE TILSETTE: Røktar Oddvar Enæs (t.v.) og driftsleiar Jostein Haukenes trivst på jobb. - Han er ei fredsdue. Han skaper ikkje krangel, sjølv om han veit korleis han vil ha det, seier Oddvar.

Store ambisjonar

Me legg til på Hondskår, ein av dei fyrste lokalitetane til selskapet i Hardangerfjorden. 

Driftsleiar Jostein Haukenes fortel at dei får det utstyret dei treng, må ikkje vente på at det skal stå på budsjettet i månadsvis.

- Me vert godt varetatt, det skal dei ha, seier røktar Oddvar Enæs.

- Dei har i alle fall ikkje tenkt å gi opp. Ambisjonane er store, og dei prøver å vekse der dei kan, seier Jostein.

Erlend Eide er også på merdkanten i dag, og fortel at akkurat her hadde dei ei campingvogn ståande inne på land då han vaks opp. Hit gjekk helgeturane med kort veg til merden for far.

Laksen har vore sjefen

- Du kan seie at livet er blitt styrt av laksen, sa Sondre til Fiskeribladet dagen før og skildrar det slik: 

- Me hadde mange av sommarferiane våre ute på oppdrettsanlegg. Hadde vel eigentleg alle middagar i telefonsamtaler. Alle fredagane var avhengig av korleis lakseprisane var. Alle feriane var lagt til når laksen var minst aktiv, og var det sjukdom vart ferien avbroten. 

Det har ikkje blitt mindre med åra. Korleis er eigentleg samtala rundt middagsbordet til familien Eide? 

- Før var det laks og idrett. No er det berre laks, seier Sondre.

- Det er litt anna også, meiner faren.

- Litt aure òg, seier Sondre.

zoom90-TALET: Eide Fjordbruk er ikkje vonde å be. Pengar har gått både til skular og musikk, men særleg til idrett. Dei synest det er viktig å gje tilbake til lokalsamfunnet, og dessutan er det kjekt at det skjer ting. Her frå lokaliteten Hisdalen på midten av 90-talet. 
90-TALET: Eide Fjordbruk er ikkje vonde å be. Pengar har gått både til skular og musikk, men særleg til idrett. Dei synest det er viktig å gje tilbake til lokalsamfunnet, og dessutan er det kjekt at det skjer ting. Her frå lokaliteten Hisdalen på midten av 90-talet. 
zoomSAME STAD, NYE KONTOR: I enden av ein trong, svingete vestlandsveg, ligg navet i det som har vorte ei milliardbedrift.
SAME STAD, NYE KONTOR: I enden av ein trong, svingete vestlandsveg, ligg navet i det som har vorte ei milliardbedrift.
( VILKÅR )
DEL SAKEN

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies X Lukk infoFiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...