LIKE RAMMEVILLKÅR?: Pelagisk Forening meiner at når totalkvoten går ned, må alle grupper betala sin forholdsmessige del av nedgangen.Illustrasjonsfoto: Dag Erlandsen
LIKE RAMMEVILLKÅR?: Pelagisk Forening meiner at når totalkvoten går ned, må alle grupper betala sin forholdsmessige del av nedgangen.Illustrasjonsfoto: Dag Erlandsen

Nokon torskefiskarar er likare enn andre

Torskekvoten går ned frå 412.011 tonn i 2017, til 350.159 tonn i 2018. Det vil seie ned cirka 15 prosent. Dette som følje av kvoteråda frå Havforskingsinstituttet. Pelagisk Forening forstår sjølvsagt at når kvoterådet går ned, då får fiskarane fiska mindre.

For vanlege torskefiskarar er diverre nedgangen vesentleg større enn for meir privilegerte grupper.

Torskereguleringene for 2018 er klare

Det blei sagt at Hjeltneskvota, og kalla distriktskvoteordning, skulle takast «frå toppen». Det har òg skjedd i namnet, men ikkje i røynda. Dette fordi det er ei rekke grupper som har faste kvotar i tonn, uavhengig av svingingar i totalkvoten. For desse gruppene går kvotane ikkje ned. Konsekvensen er at andre grupper får ein relativt større nedgang.

Til dømes er den såkalla «kystfiskekvoten» 3.000 tonn uavhengig av endring i totalkvote

I tillegg er rekrutteringskvoten fast på 5.262 tonn. Dette er kvantum som blir delt ut til verdig trengande rekruttar kvart år. Rekrutteringskvotane blir utdelt kvart år, men blir ikkje tilbakeført til gruppa før rekruttane eventuelt sular opp. Vanlege torskefiskarar misser såleis meir for kvart år. Rekruttering er bra, men det er meir rettferdige verkemiddelet. Det er lett å vera raus når andre betalar prisen.

Kvantum satt av til levandrelagring er òg uendra, og på 4.000 tonn.

For 2018 blir det opna for å fiska lodda i Barentshavet, noko som ikkje har vore lov dei siste to åra. Torsk kan vera bifangt når ein fiskar lodda. Der mistar somme grupper av torskefiskar ytterlegare 500 tonn. 500 tonn er eit stort kvantum. Særleg når ein veit at styresmaktene kan stenga store område dersom det blir fiska meir enn 35 kg torsk per 100 tonn lodda.

Det er altså slik at for 90-fotarane går kvota ned med cirka 20 prosent, sjølv om torskekvoten «berre» går ned med 15 prosent. For desse er dette dramatisk. Fleire andre grupper får ikkje reduksjon i det heile. Havforskarane får til og med ein liten kvoteauke.

Pelagisk Forening meiner at når totalkvoten går ned, då må alle grupper betala sin forholds-messige del av nedgangen.

Overfisket på ferskfiskordninga i 2017 skal trekkast frå norsk totalkvote i 2018, før fordeling på gruppene. Når ferskfiskordninga har same kvantum, er det i røynda gruppene som ikkje fiskar på denne ordninga, eller ikkje har fast kvantum i tonn, som betalar prisen.

Vanlegvis har styresmaktene fordelt tredjelandskvotane ved nyttår. I 2017 utgjorde den 7.000 tonn til fordeling. I år har Nærings- og fiskeridepartementet valt å ikkje fordela tredjelandskvoten ved nyttår. Etter kva me forstår kan det vera tale om 7.000 tonn i år òg, men dette er uvisst. Det er òg uvisst om tredjelandskvoten blir fordelt i det heile tatt. Høyrte me stabile rammevilkår?

Pelagisk Forening legg til grunn at før endeleg regulering av fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62° N kjem for 2018, blir overfisket i gruppa over 21 meter, og underfisket under 21 meter gjennomgått. Det er heilt naudsynt å komme til botn i dette.

Pelagisk Forening legg òg til grunn at det blir tatt omsyn til strukturgevinstane før dei ende-lege fartøykvotene blir fastsett.

( VILKÅR )

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...

- Samspill gjør oss gode!

Kommentar
18. april 2019 12:14

Tekfisk har bursdag!

Kommentar
18. april 2019 09:00

Here Be Monsters! Trusler mot havets helse

Kommentar
17. april 2019 11:30

Sjømat Norge: Klart vi kan vokse

Leserinnlegg
16. april 2019 16:08
FASTE SKRIBENTER
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies X Lukk infoFiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...