Årsmøte: Styreleder Paul-Harald Leinebø på årsmøte i Fiskebåt Vest. Arkivfoto: Einar Lindbæk
Årsmøte: Styreleder Paul-Harald Leinebø på årsmøte i Fiskebåt Vest. Arkivfoto: Einar Lindbæk

- No kan du ta det litt med ro, Per Sandberg

Paul Harald Leinebø i Fiskebåt Vest er ikkje heilt ferdig med årsmøtet. Her kjem svar til statssekretæren.

Leserinnlegg
Skrevet av11. desember 2017 21:31

Viser til innlegg frå Veronica Pedersen Åsheim i Fiskeribladet 8.12.2017 vedr. underteikna sin tale under FiskebåtVest sitt Årsmøte 1. des. 2017 i Ålesund.

Kjekt å sjå at Veronica Pedersen Åsheim vart engasjert, og her traff eg tydelegvis « spikaren på hovudet» hos Fiskeridepartementet.

Heldigvis likar eg godt Per Sandberg, så la det vere klart med det same. Friske, engasjerte politikarar som kjempar for oss treng vi, når dei er synlege og står rakrygga på sine standpunkt med klare meiningar vert han nerast som fiskar å regne. Men i sak går det godt an å vere usamde, ja faktisk heilt ned på detaljnivå.

Her kjem utdrag av talen min ordrett , der Per Sandberg vart omtala:

«Eg har tidlegare brukt uttrykket «ein blåsar» om fiskeriminister Per Sandberg. Vi fiskarar likar slike folk og han har gitt oss rikeleg positiv omtale både nasjonalt og internasjonalt. Han er engasjert og skyt frå hofta. Men i den siste tida føles han mest som «ei laus kanon på dekk», vi forstår det uttrykket også. Han har hatt føre seg ein del ting som ikkje er bra. Blant anna har han tildelt distriktkvote av torsk til to kommunar i Finnmark, og i tillegg gitt eit fiskebruk rett til å overta kontrollen av ein kystfiskebåt. Tidlegare oppfatta eg denne regjeringa som klar på at vi skal fortsatt ha stabilitet i fordelinga av fiskeressursane og at Deltakarlova skal vere slik ho er. Det går også rykte om andre kvotefordelingar til fleire nordnorske interesser, men skal ikkje kommentere så lenge det ikkje er konkret. Konsekvensen er at om nokon får fisk i eigne ordningar, må nokon andre får mindre. Dette er rett og slett omfordeling.

I tillegg bør nok fiskeriministeren og regjeringa merke seg at det er påfallande mange forslag og høyringar som har vorte trekt før det kjem til storting siste tida, så kanskje burde politikarane snakke meir saman.»

Eg ser ingen anna grunn enn at vi frimodig kan be Per Sandberg om å ta det litt med ro som øverste sjef for oss alle.

Eg ser ingen anna grunn enn at vi frimodig kan be Per Sandberg om å ta det litt med ro som øverste sjef for oss alle

Det er brei semje både i Fiskarlag, Fiskebåt, Storting, samt i dei fleste utgreiingar jfr. at Deltakarlova skal stå fast, stabilitet mellom fangsgruppene og tilbakefall til gruppene er av avgjerande betydning.

Når det gjeld spørsmål frå Veronica Pedersen Åsheim om andre fiskeriministrar også var «løse kanoner på dekk» er svaret frå meg, ja. På tidleg 80 tallet vart det utdelt eit tjuetals småtrål konsesjoner og også på tideleg 2000 talet, alle dispensasjoner i første omgang. Eg vil i den samanheng vise til at talsmenn frå både Fiskarlaget og Fiskebåt som sa nei til desse sakene under høyringane som var då. Dei åtvara sterkt mot i frykt for at alle dispensasjonane vart regelen, og det skjedde. I ettertid har det vist seg at det kanskje ikkje var så lurt.

Eg konstaterer at vi er ueinige i sak. Eg konstaterer at i Klo-saka er det første gongen i historia at eit kystfartøy kan eigast av eit fiskemottak. Vidare konstaterer eg at H og Fr var i mot forrige forsøk det vart gitt distriktkvoter, no innfører dei den sjølve. Det er forvirrande.p

Veronica Pedersen Åsheim bagatelliserar og seier at 3000 tonn er lite fisk. I organisasjon og næringa for øvrig er det ikkje antal tonn som betyr mest. Det er prinsippa og langsiktig stabilitet som er avgjerande for framtida til kvar enkelt fiskar langs heile kysten.

Ser fram til positive og gode dialogar med Fiskeridepartementet i framtida.

( VILKÅR )

Kommentarer

Har du en mening om denne saken? Delta gjerne i debatten her i Fiskeribladet. Vi setter pris på sterke meninger, og i våre kommentarfelt skal det være høyt under taket. Vi tolererer ikke trakassering, trusler eller hatefulle meninger. Vis også respekt for andre debattanter. Vær saklig og husk at mange kan se hva du skriver. Tenk derfor nøye gjennom hvordan du ønsker å fremstå.
Vennlig hilsen Øystein Hage, redaktør.

Henter kommentarer Henter kommentarfelt...

Ingen ringvirkninger uten aktivitet

Kronikk
22. september 2018 15:37

Forsker-skeptikeren

Kommentar
3 kommentarer22. september 2018 13:13

Sjømat Norge: Forskning på miljøeffekter er viktig

Leserinnlegg
21. september 2018 08:20

Forskjellsbehandling - ja, takk

Kommentar
19. september 2018 05:00

Forskjellsbehandling av kyst- og fiskerikommuner

Leserinnlegg
4 kommentarer17. september 2018 15:11

Mye vil ha mer

Kronikk
16. september 2018 12:04

Ny kunnskap om hydrogenperoksid og forventning om handling

Leserinnlegg
1 kommentar14. september 2018 13:20

En næring på ville veier

Kommentar
12. september 2018 10:13

Kystfiskarlaget: Krever øyeblikkelig stopp i kjemikaliebruk

Leserinnlegg
3 kommentarer11. september 2018 10:26

Stopp ørkenvandringen og se framover!

Leserinnlegg
9. september 2018 15:23

Frp: - Vi gir ikke opp åpning av Lofoten for oljeutvinning

Leserinnlegg
1 kommentar9. september 2018 09:29

Kan sjømatsalg over nett gi et løft?

Kommentar
8. september 2018 08:53
FASTE SKRIBENTER
SKRIBENTER
 
Få nyheter rett inn i innboksenI tillegg får du: Ledige stillinger, rubrikkannonser og daglige vitser.
Fiskeribladet
Sandbrogaten 5 - 7
5003 Bergen
Org nr 911 650 924
Sentralbord
55 21 33 00
Vi benytter cookies X Lukk infoFiskeribladet AS bruker teknologi som informasjonskapsler (cookies) og annen sporingsteknologi for å analysere trender, administrere våre tjenester, spore brukeradferd og til å samle informasjon om hele vår brukerbase. Uregistrerte brukere kan skru av slik sporing i browser innstillingene på enheten de bruker ved å skru på «ingen sporing». Les hele vår cookie policy...